Naustvoll Gard Naustvoll Besøksgard Visjon Historie Vinterarbeid Jul på garden Aktivitet no Skule Feriekoloni Gardsbesøk Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
1413598 besøkande
sidan 6. okt 2012

Bakgrunn for Besøksgarden

Som lita jente drøymde eg om gard med mange dyr.  I 1992 var hundar, hest, ulike husdyr og fjærkre ein realitet.  Besøksgarden Naustvoll tok form og mange hundre menneske har fått oppleve dyra på nært hald.

Vi kjøpte garden i 1991.  Den hadde lege brakk ei tid, så det var falleferdige bygningar og urskog på beitet.  Lauvskogen tek raskt tilbake beitelandskap som ikkje vert halde i hevd.  Interessa for dyr var så sterk, at dyra kom før ny driftsbygning.  Sidan dyra alltid har fått leve naturleg, med mykje utegang, vart grunnmuren til driftsbygningen huset deira.  Men det var tungvindt for meg med foring og vatn.  Har vel aldri slite så mykje. 

Dei første dyra på garden var Pirreline, eit lam med e-vitaminmangel som hundane mine fann på fjellet, og dei to villsvina Petra og Piggy.  Så auka det på med høns, kaniner og hestar.  For å drive skikkeleg jordbruk måtte vi skaffe oss produksjonsdyr.  Storfe og sau kom på garden, og vi har levert mange kg kjøt gjennom åra.

Gardslandskapet var overgrodd.  Vi har brukt mykje tid på å restaurere det.  Styvingstre, gamle murar, delar av gamlevegen gjennom Kvamsøy og ein husmannsplass.  Verdifull historie.  Vi ønskjer at besøkande skal få sjå kulturlandskapet og bli klår over kor raskt naturen tek det tilbake.

Naustvoll Besøksgard har sidan 1992 teke imot barnegrupper frå barnehagar og skular, og gjeve barna opplevingar med dyra.  Vi har vore besøksheim for søskengrupper.  Garden har vore open for turistar og andre besøkande i ledige periodar.  Sidan 1999 har garden vore arbeidsplass  for personar som ikkje kan vere i ordinært yrkesliv.  Vi har hatt skuletilbod for elevar sidan 2001.

No vert garden brukt som arbeidsplass og skule, innanfor det området som har fått namnet "grøn omsorg" eller "inn på tunet", i tillegg til ordinær jordbruksdrift med kjøtproduksjon. 

Innimellom tek Anne-Brit imot besøkjande som ønskjer å oppleve dyra på nært hald.  Dette må tingast på førehand.  Sjå "gardsbesøk".

   
Dyr har alltid fenga meg.
Sauer er ålreite dyr.
Villsvinet Petra med ungane sine og nokre av Piggy sine. Dei hadde 7 stk kvar.



Nytt på sidene 10.12.2017
Så reiste Ettza - lukke til :)
09.12.2017
Så reiste Evito - lukke til!
01.12.2017
Side om kvalpane sitt liv vidare :-)
21.11.2017
Citagardens EZRA
20.11.2017
8 veker i dag :-) Ledige kvalpar til bruks/treningsinteresserte.
14.11.2017
Helsekontroll + alle fekk pass.
11.11.2017
Avlstispene - Citagarden
10.11.2017
Oppdatert kvalpesida :-)
07.11.2017
Oppdatert kvalpesida :-)
28.10.2017
Oppdatert kvalpesida :-)