Naustvoll Gard VIDEO - FILM Naustvoll Besøksgard Visjon Historie Minigris Vinterarbeid Jul på garden Aktivitet no Skule Feriekoloni Gardsbesøk Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
1917108 besøkande
sidan 6. okt 2012

Ønskjer du meiningsfulle og tilpassa dagar, som gjev meistring, læring og oppleving? 

Vi har trygge omgjevnader, samt kunnskap, utdanning og erfaring i samhandling mellom dyr og menneske. 

Vi har skuledagar med læringsmål i norsk, natur og miljø, matematikk og samfunnsfag knytta opp mot praktisk arbeid, arbeidstilbod utan prestasjonskrav, fritidstilbod og  avlastning. 

Visjonen vår:  Naustvoll Gard skal vere den dyrerike bondegarden der det er godt å vere.

Forretningsideen er å nytte garden sine ressursar og kompetansen til Arne og Anne-Brit, til å selje spesialopphald til grupper av menneske som treng noko anna enn vanleg skule eller arbeidsliv. (Vi må jo ha inntekt for å drive:-)

Vår styrke er gode dyr i trygge omgjevnader, samt kunnskap og erfaring i samhandling mellom dyr og menneske.

Anne-Brit arbeider òg som lærar, og er utdanna adjunkt med tillegg.  Utdjupa fag på høgskule er matematikk, data, media og kulturlandskapsskjøtsel.   

Det som vi har drive med her på garden, har vore kalla "Grøn omsorg", og vert no kalla "Inn på tunet".

   



Nytt på sidene 02.12.2018
Oppd. gardsboka
02.12.2018
Oppd. HD/AD/MH-sida
02.12.2018
Ezra godkjent og flott MH-status :-D
19.11.2018
Oppd. Dakota
19.11.2018
Oppd. Enzo
19.11.2018
Neste kull i Citagarden
21.10.2018
Nye filmar lagt inn på FILMSIDA
21.10.2018
Direktelink Kløvjing på fjellet
15.09.2018
Link til film av Naustvoll Bajas
26.08.2018
Gratulerer til Birthe og Bajas , som fekk sløyfe på utstilling.