Naustvoll Gard VIDEO - FILM Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Biletalbum Til sals DYR TIL SALS SKINN Hundemat Gjestebok Kontakt
2833169 besøkande
sidan 6. okt 2012

Velkomen til Naustvoll Gard og Kennel Citagarden sine heimesider. 

Garden og kennelen er på Face Book LINK

 

 

Ønskjer du meiningsfulle og tilpassa dagar, som gjev meistring, læring og oppleving? 

Vi har trygge omgjevnader, samt kunnskap, utdanning og erfaring i samhandling mellom dyr og menneske. 

Vi har skuledagar med læringsmål i norsk, natur og miljø, matematikk og samfunnsfag knytta opp mot praktisk arbeid, arbeidstilbod utan prestasjonskrav, fritidstilbod og  avlastning. 

Visjonen vår:  Naustvoll Gard skal vere den dyrerike bondegarden der det er godt å vere.

Forretningsideen er å nytte garden sine ressursar og kompetansen til Arne og Anne-Brit, til å selje spesialopphald til grupper av menneske som treng noko anna enn vanleg skule eller arbeidsliv. 

Vår styrke er gode dyr i trygge omgjevnader, samt kunnskap og erfaring i samhandling mellom dyr og menneske.

Anne-Brit arbeider òg som lærar, og er utdanna adjunkt med tillegg.  Utdjupa fag på høgskule er matematikk, data, media og kulturlandskapsskjøtsel.   Både Arne og Anne-Brit har høgskuleutdanning innan "Garden som pedagogisk ressurs og læringsarena".  Garden er merkegodkjent innan kvalitetssystemet Inn på Tunet, Kvalitetssystemet i Landbruket.  LINK

Det som vi har drive med her på garden, har staten tidlegare kalla "Grøn omsorg".  No heiter bransjen "Inn på tunet".

 
Eg ønskjer at fleire skal opne augene for det flotte kulturlandskapet vi har i Noreg, verdsetje det og forstå kor viktig det er å ta vare på det.  Utan beitedyr og bønder som steller landskapet, gror det til med skog etter 5-10 år.  Det er få område som blir rydda på nytt etter gjengroing.  

Vi var på NRK i høve dette INNSLAG PÅ NRK

 Sidan eg er veldig interessert i hund og hest, er det eigne sider og mange galleri knytt til det. 

Det er laga link til oppdateringar - sjå Nytt på sidene.  Før markør over og klikk, så kjem du rett til starten på oppdateringane.

Vakre dyr!!!

 

 

A long time ago:

 

Dette er schäferen Hero, tervueren Teo og dalalammet Pirreline.  Mange hugsar nok desse tre :-)
Dei var mykje saman. Pirreline trudde nok at ho var hund.

Desse 2 bileta er frå sommar -92.

   



Nytt på sidene 19.09.2020
Naustvoll Tina
07.09.2020
Tina på utstilling :)
07.09.2020
Gratulerer Ezra :)
03.09.2020
Naustvoll Grabben til sals i vinter
30.08.2020
Naustvoll Tina
30.08.2020
Plan Dakotakull
16.08.2020
Plan kull Chakka
22.07.2020
Naustvoll Supergut er flytta ut :)
21.07.2020
Oppdatert gardsboka 2020
19.07.2020
Oppdatert side om alle kulla