Naustvoll Gard VIDEO - FILM Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Nat - mat - div Skule matematikk Skule naturfaglinkar Kennel Citagarden Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
2187089 besøkande
sidan 6. okt 2012

Gardsbok 2019

10.året eg skriv gardsbok på web (i tillegg til mine små blå notatbøker - som eg har frå 1992.)  No merkar eg at tida har gått.  Det er så mange dyr som har levd "før".  Hundar frå 1988, garden frå 1991, generasjonar av hestar er borte.   Det var tungt å ta avskjed med Blesen i 2018.  Snille store og gode Naustvoll Blesen hadde utvikla draktbruskforbeining, og hadde vondt.  Eg hadde ikkje noko val, så han er ikkje meir.  LINK

2018 vart året eg slutta med storfe.  Veldig uvant at dei ikkje er her.  Eg "ser" dei på beite, av gamal vane, dei høyrer liksom til på garden.


20.juni:  Tinus og Odin vart vallakar.  FILM

 Siste selfie med hingstane  

Veterinær Loopstra gjorde jobben, så snart kan alle hestane gå saman i flokk - gledar meg.

 

Interessant jobb!

16.juni: Superguten har vore litt rundt omkring på garden og no skal han vere med til Rennestraumen, fordi mor skal gå saman med Toregardens Caiser.  FILM  og FILM

  

14.juni fekk eg telefon frå Fjordhestsenteret, der Hessa har vore i stasjon med Silverjo.  Dei hadde funne føl i ho - jippi!  Då håpar eg at det går bra framover.  Eg køyrde ein svipptur til Eid, så no er ho her heime. 

11.juni vart det FOLING.  Litt før kl. 02.30 vakna eg, kledde på meg og gikk ned til Siri.  Eg snakka med og klappa ho litt.  Stod og såg på ho, og der la ho seg ned og starta å trykke.  (Høgare makter må ha vore involvert).   Eg var der i 2,5 time.  Fekk med meg folinga, forsøka på å reise seg og at han saug sine første mjølkedropar.  Då gikk eg og la meg att, eg skulle jo på jobb …  Det vart eit hingsteføl.  Fødd på same dag som pappa'n, og når pappa'n er Høgset Supermann, må namnet bli Naustvoll Supergut.  (Odin og Tinus var publikum).

  

 

   

  Før jobb - alt vel :-)

25.mai:  Eg køyrde Hessa til Fjordhestsenteret på Nordfjordeid, for der er Silverjo i stasjon.  Bexi og Enzo var med, eg trur dei elskar å køyre bubil :)  Hessa var i brunst, og vart inseminert første gong måndag 27.mai.  Så får vi sjå korleis det går vidare, det er mykje som skal klaffe.

24.mai:  Sølvi, Tina og Hessa har vore grasklypparar ved parkeringsplassen nokre dagar. 

Hessa vart i tillegg dusja.  Ho må jo vere fin når ho skal til hingst :) 

  

23.mai: Vi leidde Odin og Tinus til Naustneset.  Dei skal få kose seg ved sjøen framover.  Eg har sendt hårprøve av Odin til analyse, for eg lurer på om han har kremgenet (det hadde han ikkje).   

Siri er rund og god.  For å ha ho på eit flatt område, og under tilsyn, så får ho gå nedom riksvegen òg.  Eg sjekkar juret, men tippar at ho har teke seg oppatt, og at terminen er 3 veker seinare enn det eg trudde.  Veldig spennande er det i alle fall.  Håpar at alt går bra med folinga (og at det vert eit hoppeføl til meg).

12.mai:  Tok alle sauene og lamma oppatt frå Naustneset. Varselstrekantar var på plass, og det er lite trafikk søndag føremiddag, så lamma fekk tid til å finne ut av det.   Alle vart lokka inn i fjøsen, der lamma fekk 2ml Curaverm vet. +2,5 ml coopersect, sauene fekk 5 ml coopersect og 10-15 ml Curaverm vet.  

10.mai: SWITCH til Sølvi, Tina og Hessa 40 ml + 20 til Timmi og Matahari.  Bravecto til Bexi og Enzo. 

9.mai: SWITCH til Tinus, Odin 40 ml.   

2.mai: Skilde Odin og Tinus frå merrane.  Dvs dei går saman med Siri Hero, som er drektig.  Dei har stor respekt for ho, og oppfører seg fint. 

1.mai - HOVSLAGAR Odd Rune kom til gards.  Alle 6 hestane og begge esela fekk stelt høvene sine.  Veldig flott!

 

  

 Timmi ventar - må lære køkultur :)

 

 Godt med flink kar - tungt arbeid for meg.

23.april - Makkakur til alle hestane.  Interpraz.vet - for første gong.

 

Odin og Tinus er annonsert for sal på finn.no LINK Odin og LINK Tinus

 

Påska er over - det er kome 30 lam.  Ein sau måtte ha hjelp.  Eg var usikker på om det var feilstilling, om dei låg dobbelt eller noko, og måtte inn og kjenne.  Takk for Optima gel! Sauen hadde berre eit lam, men det var eit veldig stort veralam, med kraftige hornanlegg, så den klarde ho ikkje å få ut åleine.  Det var nok ei påkjenning, men alt har gått fint etterpå. 

Elles må eg sikre lamma for rev og ørn.  Eg trur det er ørna som tok eit av lamma.  Det forsvant, samtidig som ho var der. 

 

 ØRNEskremsel :)

  

Langfredag reiste eg på køyrekurs i Kaupanger.  Sølvi og eg fekk god rettleiing av Camilla Johnsrud.  Det var ein veldig kjekk dag.

 

 Fin miljøtrening òg.

Det er ein nydeleg solrik april - det ser eg at dyra set pris på :)

14.april: Lammingar. Hittil har 5 sauer fått 2 lam kvar, og ei førstegongsmor fekk 1 lam (bilete). Det eine lammet er borte, eg har leita overalt, og reknar med at reven eller ørna har teke det.  Trasig.  Vi bur nær skogen og fjellet, og ser både ørn og rev her på garden.  Så lenge dei er freda, kan vi ikkje gjere noko anna enn å skremme dei vekk.  Så eg kan berre lage fugleskremsel = "reveogørneskremsel" :)

 

12.april:  KSL-revisjon.  Heile driftseininga sitt kvalitetssystem skulle reviderast … det er mykje papir gitt.  Det gikk greit, men eg har mine tankar om papirmølla. Enormt mykje arbeid for oss som driv, er det i alle fall.  Eg trur det er fleire som jobbar i byrokratiet, enn det er som skapar noko.  Og kven er viktigast?  (Store firma har eigne tilsette som tek seg av alt kontorarbeid.  Mindre private firma må gjere det sjølv, dette gjeld snekkarar, elektrikarar, handverksbedrifter mm.  Er det riktig lurer eg på …) 

Taket på huset vårt skal skiftast.  Bilete viser ei side m nytt og ei med gamalt.  Det vert fint med nytt svart tak :)

22 sauer ventar lam. Det er ikkje starta enno, men eg gledar meg :)

6.april:  Måtte ta gimmer nr. 80004, pga skade.

27.mars:  Sauevaksinering.

 

  Dakota er her, vi skal til Bergen på MH.

10.mars: Sauaklypping (ikkje veren, for han hadde så lite ull) + makkakur Curaverm vet (tilbakeh.frist 14 dg) til alle.

8.mars - Veren fekk coopersect, pga kveis på snuten (i samråd med vet.)

4.mars - Avliva favorittsauen min 10003.

Ny hest - Hestad Tina "Hessa" vart mi 1.mars.  Ho har fått eiga side LINK.  Ho fekk Equimax (tilb.h fr. 35 dg).

Dyra på Naustvoll Gard 1.januar 2019 er:

Jons Sølvi - Dølahest, avlsmerr, har hatt 5 føl her på garden, ho er fødd i 2006. Ho fekk i 2018 føl etter Espeset Blåen, som heiter Odin.   LINK

Naustvoll Odin - dølahingst f. 13.juni 2018

Siri Hero - Fjordhest, avlsmerr, har hatt 8 flotte føl, fekk føl i 2018 med Severin, som måtte få namnet Naustvoll Suveren.  Han vart seld til Tysnes.  Siri er fødd i 2000. LINK  Ho er no drektig med Høgseth Superman.

Naustvoll Tina - Dølahest, fødd i 2014, fekk føl i 2018 med Skjåk Balder, som fekk namnet Tinus. LINK

Naustvoll Tinus, dølahingst f. 8.juni 2018.

Naustvoll Bajas er hjå Birthe, men han har eiga side her LINK  (Birthe er òg med i Kennel Citagarden)

Esel - Matahari og Timmi (son).  Tussi (dotter) vart seld i 2018.

Gamalnorsk Spelsau, 22 lamsauer og 1 vèr.

Kaniner og marsvin :-)

I tillegg til desse husdyra er det akkurat no 3 schäferhundar.  Eg driv oppdrett under kennelnamnet "Citagarden" LINK


 
   



Nytt på sidene 06.07.2019
GRATULERER til Tina og Ezra
23.06.2019
Ny film på filmsida
23.06.2019
Kastrering av Odin og Tinus
16.06.2019
Oppdatert gardsbok 2019
12.05.2019
Oppdatert gardsboka 2019
17.04.2019
Oppdatert filmsida
17.04.2019
Ny filmsnutt av Odin og Sølvi
14.04.2019
Bilete frå MH Elektra og Evito
14.04.2019
Bilete frå FP og MH Enzo
14.04.2019
Oppd. Dakota