F-kullet vart fødd 30.september. Det vart 2 tisper og 3 hannar. FASCA langhår - FAQIMA - FAXE (tre svart/brun) - FABBE langhår (grå) - FARAGON (grå) Det ligg maaaaaange videoar av kullet her: LINK Faqima og Fabbe var her med meg, til 25.desember. Då reiste Fabbe òg. Lukke til Heidi! 
29.november: Faxe vart henta av Morten i dag, Lukke til! 
24.november19: Fasca og Faragon er reist til nye eigarar, Torgeir og Daniel, i dag. Lukke til i nytt liv! 21.november 19. Alle har fått 3 makkakurar, kloklypp, er registrert, vaksinert, har fått helseattest (hannane har 2 testiklar nede - alt er fint) og pass. flokken :)
Tispene
Hannane.

Far er Ariens Dexter, f. 25.mai 2016. - godkjent lavine- og ettersøkshund i Norske Redningshunder, NRH. - HD A og AD 0, HD-index 108. - kjent mentalstatus (30.09.18 MH) - Very Good på fci-utstilling (stilt av meg 17.11.18 - fordi eg ville ha godkjent eksteriør vurdering frå dommar).
Mor er AD BH Citagardens Bexi, f.11.juli 2012. Ho har eiga side LINK HD A og AD 0 Gjennomført MH Bestått ferdselsprøve og uthaldsprøve G utst. etter tysk mønster. Avlsgodkjent. Mor til C- og E-kullet. (2015 og 2017)
Dette er eit kull med langhårsmor og normalhårs far. Eg håpar at kunnskapsrike folk innan genetikk vert valde inn i styre og tek dei grepa som rasen treng. Her er link til mine tankar om raseklubben si styring av rasen i Norge: LINK Stamtavle til kullet: 

For meir informasjon, ta kontakt. Fortel om deg sjølv, kva erfaring du har og kvifor du trur dette er framtidig hund for deg. Om du vil vurdere hundane mine, kan du kome på besøk. Så kan eg vurdere deg :) |