Naustvoll Gard Naustvoll Besøksgard VIDEO - FILM Hestar INN PÅ TUNET Naustvoll Gard Skule Nat - mat - div Skule matematikk Skule naturfaglinkar Citagarden kennel Citagarden hundar/kull Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
3084701 besøkande
sidan 6. okt 2012

Citagardens Faqima

Fødd 30.september 2019.  5 kvalpar i F-kullet, 2 tisper og 3 hannar. 

Far:  Ariens Dexter  

Mor:  Citagardens Bexi  Stamtavle nederst på sida.

Faqima flytta til ny heim 11.desember 2020.  Sidan eg vil vere oppdrettar, må eg nokre gonger gje slepp på hundar som eg likar veldig godt, sjølv om det er vanskeleg og vondt.  Men når det er gode folk, går det bra :)

No bur ho saman med store kattar, det var ho ikkje van med her :)


  Okt 2020

Nyskjerrig. Aktiv. Snill. Treningsivrig. God i miljø. Fin med folk. Fin avknapp inne. Middels storleik.

Film:  Link til FILM  31.oktober 2020 - Dakota går spor.  15-20 min gamalt, mykje vind.  Eg ville filme, og ho styrer alt sjølv :)  Ho let seg forstyrre både av hjortebrøling og vind, men tek seg fint innatt når eg står i ro og ventar.  Ho har god forståing i sporet tykkjer eg.  Flinke gode Faqima.


 

 

   

26.mai 20: Kongsøk med Faqima LINK 

25.mai 20: Faqima søker etter kongbitar for første gong LINK

18.mai 20:  Faqima søker etter kong LINK

11.mai 20: Faqima trenar kongsøk/markering (uredigert film)  LINK

3.mars 20:  Faqima søker etter ball LINK

3.mars20: Godbitspor med Faqima LINK

16.februar 20:  Spor med Faqima, 20 veker LINK

5.februar 20:  Overvèrsøk med Faqima LINK


BILETE/FILM av Faqima på garden og rundt omkring før ho reiste LINK  okt 19 -feb 20.


13.februar:  Faqima vert treningspartner til Katarina i Catch, fram til ho er 1 år.   Utprøving av treningsmetodar og demo-hund. Spennande!
Og Faqima får mykje meir trening, enn ho hadde fått av meg.  LINK

17.januar:  Faqima og storebror Enzo i småbåthamna LINK  Ho er så trygg og fin.  Sosial og nyskjerrig.

9.januar:  Faqima er 19 kg.  Ho passar til alle orda:  Oppmerksom, frimodig, intelligent, lærevilleg, sjølvsikker, avbalansert og nervesterk :) Aldeles super tispe, som garantert vert ein utfordring "i lausdrift" :D Ho finn på alt mogleg, og skal undersøke ALT!  Inne er ho roleg, snill og kosete.

Tida har gått:

  

    

30.desember: Faqima og kullsøsken 3 mnd.

  Fabbe reiste med Heidi :) Lukke til!

25.desember:  Fabbe vart henta.  Faqima åleine att. 

23.desember: 12 veker og Faqima og Fabbe fekk ny markekur (2 tb Drontaste 150/144/50)

 

13.desember:  Faqima og kullbror Fabbe vart revaksinert. 

Kullet har samleside, fram til dei vart levert til sine nye liv.  SAMLESIDE

Stamtavle til kullet:

   



Nytt på sidene 02.03.2021
Plan Kull Chakka og Orex
28.02.2021
Første kull Ezra og Arro
25.02.2021
Held på med opprydding på sidene til kennel Citagarden
03.12.2020
Naustvoll-hestar framover?
28.11.2020
Bilete av Faqima, Bexi og Chakka
09.11.2020
Enzo har flytta - lukke til!
01.11.2020
Citagardens Faqima
01.11.2020
Oppdatert Grabben
01.11.2020
Oppdatert VIDEOsida
16.10.2020
Kvardagsbilete Citagardenhundar:)