INN PÅ TUNET - LIVDI Naustvoll Gard Historie Startside Garden vår Om meg Gardsbygging/arbeid Landbruk????? Gardsbok 2010 og 2011 Gardsbok 2012 Gardsbok 2013 Gardsbok 2014 Gardsbok 2015 Gardsbok 2016 Gardsbok 2017 Gardsbok 2018 Gardsbok 2019 Gardsbok 2020 Gardsbok 2021 Gardsbok 2022 Minigris Minne - storfe Jakt Hestar Biletalbum VIDEO - FILM Citagarden kennel Citagardenkull Kontakt
4249995 besøkande
sidan 6. okt 2012

Avl på rasen vår

 VIKTIG OM SCHÄFERHUNDEN!  - LINK  skrive av Reino Oscarsson.

5 tisper  i Citagarden er avlsgodkjent/kåra for avl i NSchK, men i ein periode har eg avla utanfor NSchK, fordi dei aksepterer ikkje svensk avlsgodkjenning KORAD.  Eg har brukt veldig gode svenske og norske tenestehundar.   

Kunnskap om genetikk er ein fordel, ved avl på kjæledyr og husdyr.  Vi kan ha mange meiningar om kva som er bra og pent, og folk kan merittere dårlege hundar.  

Nedarvinga skjer utifrå gener.  Det er ikkje alltid raseklubbar lagar reglar som har genetisk grunnlag.  Ofte kan innvalde personar ha lite genetisk kunnskap.  Avlsstyre kan snakke om noko overfladisk, og medlem gjennomskuar ikkje at kunnskapen manglar.

Nokre gonger er god informasjon på plass, utan at det påverkar praksis.  Eg saknar faglege gode dialogar og at bestemmelsar for avl vert tekne på genetisk grunnlag utifrå råd frå veterinæretat.

Denne informasjonen i linken, vert kanskje lest av mange, men om det ikkje får konsekvensar for avlskriteriar, er det berre pene ord/glansbilete.

Genetikk fagtekst -  Hundens genetikk (skienhundeskole.no)

NSchK.

Ein norsk hund er godkjent for avl i NSchK med Norsk avlsgodkjenning, som seier det er lov å avle på HD C , AD 1 , k-test og G på utstilling etter tysk mønster.  Dette er svært låge krav, som ingen er tent med.

I NSchK ser vi kull der både tispa og hanne har HD C og/eller at HD-indeksen er under 200.  Dette er ikkje bra.  Og heller ikkje bra å avle vidare på. 


NSchK godkjenner ikkje den svenske avlsgodkjenninga KORAD.  NSchK forbyr oss å bruke hannhundar frå godt kartlagde og friske linjer.  Super HD/AD og MH, høgt meritterte innan bruks, med gode utstillingsresultat. Nokre er tenestehundar innan politi/forsvar, konkurrerer på elitenivå og har den svenske avlsgodkjenninga KORAD.

Om vi er medlem i Norsk Schäferhundklub og driv avl, får vi ikkje bruke desse fantastiske hundane.  Vi blir tvinga til å bruke dei norske hundane i NSchK, som nesten berre er utstillingslinjer og som eg vurderer som heilt uaktuelle. Eller vi må reise til Tyskland. 

Hannhundeigarne i Norsk Schäferhundklub derimot, kan la dei norske hannhundane sine parre i Sverige, fordi då gjeld dei svenske reglane.  
 
NSchK stoppar svenske KORAD-hannar for norske tisper, men kan bruke eigne norske hannhundar på tisper i Sverige (både kryssingsavl og vanleg). 

Mange bruksoppdrettarar har prøvd å forandre dette, men "makta" er i mot.  Kanskje redsel for å misse makt eller økonomiske interesser ligg bak?   

Skuddredde/berørte hundar.

Skuddet er fjerna frå ferdselsprøva. Dette fører til at einaste skuddtest på ein framtidig avlshund innan NSchK, kan vere på utstilling etter tysk mønster og avlsgodkjenninga.  Eg har sjølv sett korleis hundar har reagert der, og der er hundar som absolutt ikkje skuddfaste!   

«Deling» pga pelslengd.

Svenskane har ein avlsdatabase som er svært bra.  Der er alle schäferhundane registrert med den pelsen dei har, N/L, og vert korrigert seinare om den er registrert feil.  Vi kan enkelt sjå om kull inneheld langhår, om avlshannar/tisper har gitt langhår, og alle er med og lagar hd/ad-indeks på kvart individ som er røntka. 

I Norge har NSchK bestemt at NKK skal skille pelslengd.  Foreldre og avkom, eller søsken vert splitta i to "rasar".  Seinare kan ikkje desse parrast på tvers av pelslengde.

Dogweb har altså to databasar.   

Langhårshundar får heller ikkje hd/ad-indeks, sjølv om foreldre og kullsøsken er normalhåra.  Om ein vaksen normalhåra hund vert omregistrert til langhår, misser den indeksen sin.  Enkelt oppdrettarar med mykje HD på linjene sine har fordel av å misse indeksen, sidan den er svært dårleg. 

NSchK begrunnar delinga med at SV/WUSV har bestemt at det skal vere slik.  NKK er under Fci som presiserer "ikkje deling pga pels" ...

  

Genetikken for pelslengd.

Normalhår/kort pels er eit dominant gen.  Langhår er eit recessivt gen, og den aller enklaste biten ved avl.  Å dele ein populasjon pga pelslengde, viser kor mangelfull genetisk fagkunnskap avlsråd har (både i SV/WUSV og i NSchK).

 Eit «vedtak» i SV/WUSV godkjende langhår, og «vedtaket» seier at langhår og normalhår ikkje skal kryssast.  I avl er pelslengde og farge det lettaste å korrigere.  Vi som oppdrettarar kan korrigere pelslengden på eit ledd/ein generasjon.  

Når kunnskap om genetikk og nedarving manglar, og heller ikkje vert henta inn, bør folk i styrande organ ha makt til å bestemme framtidig avlsstrategi? 

SKK har gjort det einaste rette med å kryssparre pelstype.  ALL HONNØR TIL SKK!

FCI har samme tilråding som SKK. 

NKK har delegert avlsstrategien til NSchK …

Det beste hadde vore at SV og NSchK forandra avlskriteriane.  Det er mange dyktige veterinærar innan hund, som kunne vore rettleiarar på det genetiske ved utarbeiding av avlsstrategiar.

Ønskjer du hund frå kennel Citagarden - les her: LINK 

   



Nytt på sidene 14.06.2022
Garden vår
14.06.2022
Inn på Tunet
14.06.2022
Nytt liv på garden
26.05.2022
Citagardens K-kull
22.02.2022
Citagardens J-kull
01.01.2022
Nye filmar
11.12.2021
Oppdatert om kennelen.
19.11.2021
Om du er på leit etter schäfer - det er ikkje berre "rett rygg" som er forskjel på bruksschäfer og utstillingslinjer
01.11.2021
Oppdatert HD/AD resultat
19.10.2021
Gratulerer til Daniel og Felix (Faragon) med kl B i NRH !