Naustvoll Gard VIDEO - FILM Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Nat - mat - div Skule matematikk Skule naturfaglinkar Kennel Citagarden Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
2886515 besøkande
sidan 6. okt 2012

Gardsbok 2020

BILETE OG VIDEOAR FRÅ 2020  LINK

23.september: Fekk ny ensilage, med for-analyse.  Ser flott ut.  Kjøpte full bil og hengar, så eg kan selje 20-25 stk.

1.september:  Leverte 22 lam. 

29.august:  Naustvoll Tina var på utstilling, fekk3.pr og 41 på køyreprøve. LINK

17.august: Fekk svært dårleg ensilage, og sidan eg har drektige hestar, vart alt saman henta igjen 31.august. 

21.juli:  Henta heim Siri Hero frå Nordfjordeid, der ho er inseminert - og påvist drektig, med Hallingen.  Håpar på flott føl neste sommar.   

20.juli:  Naustvoll Supergut reiste til Løten, sin nye heim.  Lukke til! LINK

 

8.juli:  Tina til Sogndal igjen.  Hovslagar, trening og beite - planen er utstilling og køyreprøve i Sogndal i august. 

6.juli:  Tina og Sølvi til ultralyd.  Veldig spennande. 

 

 

6.juli- Sølvi var tom (14.juli:  Sølvi har ikkje kome i brunst igjen, så ho er kanskje drektig likevel … vi får sjå det an...) - Tina var drektig.  Så det vart rundtur til Sogndal, der vi sette av Sølvi.  Tina fekk bli med heimatt til beiteliv saman med fjordingane :) 

22.juni:  Henta heim Tina og Sølvi, som eg håpar er drektige med Luringen!

 

Enzo er sjølvsagt med, her var nye firbeinte bekjentskap :-)

 

   

Bileta av Luringen tok eg 22.juli - flott kar - han er forresten far til Naustvoll Lurven, f. 2011 LINK

13.-14.juni: Alle sauene og lamma fekk Ivomec og Coopersect.  Tilgang skogen.

11.juni: Køyrde inn Sølvi til Luringen. Ho fekk behandling, sidan Supergut hadde vore "mann" før han vart kastert. Etter at ho var komen på beite der, reiste Enzo og eg til Nordfjordeid og henta heimatt Hessa og følet (trur han skal heite Naustvoll Grabben).  

7.juni: Henta høy.  Enzo og Bexi med :)

6.juni: Køyrde Hessa til stasjonsbedekking på Nordfjordeid. Første tur for følet :) Enzo var sjølvsagt med som selskap  Så traff vi Birthe og Dakota på Sandane.

   

 

  

1.juni:  Naustvoll Tinus vart henta.  Det nye livet vert i Stjørdal.  Lukke til Marit!

30.mai:  Foling i hagen om natta.  Hestad Tina "Hessa" fekk eit hingsteføl etter Silverjo.  Alt gikk fint, eg passa på og reiv posen over hovudet med ein gong, for eg var klar over at ho kunne ligge litt lenge,  -og det gjorde ho.  Men den nye krabaten låg fint og tok inn den nye verda.

 LINK til side

28.mai:  Plan: Kastrering Supergut.  Drektighetskontroll på Siri Hero (har ein mistanke om at ho er tom …) Veterinæren fann ikkje ut noko … like langt.

   

21.mai:  Køyrde Tina til Sogndal.  Målet er køyreprøve og utstilling i haust.  Ho var påmeld for 2 år sidan, men vart trekt, pga tulling ved forspenning.  Så no håpar eg at alt går fint.   

10.mai:  JUBEL!  Naustvoll Bajas vart kåra på Stav.  Gratulerer Birthe og Jan Tage!  LINK til Bajas si side

10.mai:  Coopersect hestar og esel.  Hovslagar. 

8.mai:  Markekur hestar/esel - Panacur 18,75

7.mai:  Sette Supergut på bås.  Han er veldig ivrig på merrane :)  Ventar på kastrering! 

28.april:  Makkakur til sauene + lokka dei ned til Naustneset 29.april. 

5.april:  Ull-levering. 

29.mars:  Slakta veren. 

25.mars:  Vaksinering sau.  Første lamming :)

15.mars: Sauaklypping. 

26.januar:  ALLE hestane vaksinert - endeleg samkøyrt!  

12.januar:  Hovslagar. 

11./12.januar - makkakur esel. 

Dyretal på garden ved teljedato 1.mars:

6 hestar:  Sølvi, Tina, Tinus, Siri, Hessa og Supergut.

2 esel: Matahari og Timmi

Sauer.

Film frå "vinter" på garden  - LINK 

Denne filmen og mange andre ligg på Videosida LINK

   



Nytt på sidene 16.10.2020
Kvardagsbilete Citagardenhundar:)
26.09.2020
Naustvoll Grabben
26.09.2020
Oppdatert Gardsboka 2020
07.09.2020
Tina på utstilling :)
07.09.2020
Gratulerer Ezra :)
30.08.2020
Plan Dakotakull
16.08.2020
Plan kull Chakka
22.07.2020
Naustvoll Supergut er flytta ut :)
21.07.2020
Oppdatert gardsboka 2020
19.07.2020
Oppdatert side om alle kulla