INN PÅ TUNET - LIVDI Naustvoll Gard Hestar Naustvoll-hestar Naustvoll Luna Naustvoll Lena Naustvoll Hetti Jons Sølvi Naustvoll Tina Siri Hero Hestad Tina Minne - hestar Minne - Blesen Minne - Junior Minne - Lukas Naustoll Bajas Naustvoll Lurven Naustvoll Balder Naustvoll Grabben Naustvoll Supergut Naustvoll Tinus Naustvoll Odin Naustvoll Timon Naustvoll Luringen Hest - Vinter Biletalbum VIDEO - FILM Citagarden kennel Citagardenkull Kontakt
4136134 besøkande
sidan 6. okt 2012

AVLSTISPA - EVA

MOR til A-kullet og B-kullet 

Knallsolid slekt. 

 

Eg kjøpte Eva av Kennel Jabina i Danmark.

Eva er ein grå schäferhund.  Eva vert av mange kalla bruksschäfer.  Dvs. at dei som har avla ho fram, har prioritert mentale eigenskapar (drifter og motor) i tillegg til helse, framfor vinnarresultat på utstilling.  Det betyr at  avlsdyr ikkje er plukka utifrå topplasseringar på utstillingar, men utifrå eigenskapane i andre konkurranse/prøve former.  Bruksprøver, IPO, mentaltestar mm.   

(IPO er ein tredelt prøve med spor, lydighet og forsvarsarbeid, med ulike vanskegrader. Du kan sjå youtube glimt her - Troll Litt av forsvars-arbeidet: forsvar forsvar2 Lydighet FCI IPO 2007  ) 

Eva var fødd 24.o1.2004 i Italia.  Ho vart kjøpt til Danmark av John Jabina 2007. Eg kjøpte ho drektig og henta ho til Norge i 2008, den gong 4 1/2 år gamal. 

Eva hadde eit kull i Italia, eit i Danmark og to her hjå meg.  8 har HD A og AD A i Norge, 1 ikkje røntka. 6 avkom i Danmark, 3 HD A/1 HD B , 2 ukjent.  3 importert til Sverige, Brasil og Tsjekkia, brukt i avl og som teneste/sportshundar.  

  

HD: A   AD: A 

Eva er i Kkl.1 med desse bruksmerittane:

Ipo 1 (80-87-85)

Ipo 2 (95-90-92)

Sch3 (96-91-92)

Eva var ca. 58 cm høg og 29 kg.

Stamtavla i Working-dog.eu

Mor til Eva:  Mücke vom Waldwinkel er kanskje ukjend for dei fleste her i landet, men ho er frå ein solid kennel og er halvsøster til (har samme mor) som den meir kjende avlshannen Vito vom Waldwinkel. Har ikkje bilete av ho.

Dixi  

Bestemor til Eva er Dixi vom Hause Santiages - dotra til verdskjende Fado von Karthago.

 Aly

Bestefar til Eva er Aly vom Vordersteinwald, som er etter Troll von der bösen Nachbarshaft. 

 Ahron

Far til Eva er Ahron von Granit Rose.  LINK

For dei som kjenner hundane og slektene, så ser de at Eva har svært solide aner, med mange verdsvinnarar. 

   



Nytt på sidene 14.06.2022
Garden vår
14.06.2022
Inn på Tunet
14.06.2022
Nytt liv på garden
26.05.2022
Citagardens K-kull
22.02.2022
Citagardens J-kull
01.01.2022
Nye filmar
11.12.2021
Oppdatert om kennelen.
19.11.2021
Om du er på leit etter schäfer - det er ikkje berre "rett rygg" som er forskjel på bruksschäfer og utstillingslinjer
01.11.2021
Oppdatert HD/AD resultat
19.10.2021
Gratulerer til Daniel og Felix (Faragon) med kl B i NRH !