INN PÅ TUNET - LIVDI Tilbod Vinterarbeid Undervising Skule Feriekoloni Gardsbesøk Jul på garden Linkar nat-mat mm Naustvoll Gard Hestar Biletalbum VIDEO - FILM Citagarden kennel Citagardenkull Kontakt
4947560 besøkande
sidan 6. okt 2012

A-kullet - om kvalpingen

Etter ei natt med vekkarklokke-ringing jamt og trutt, lufteturar og Eva vandrande rundt og rundt madrassa mi, håpa eg at det skulle starte……fredag 18.juli var dagen. På lufteturane ute merka eg ”ulven” i ho.  Ho ville finne seg fødeplass.  Bak og under alt!  Leita, søkte…. Hadde eg ikkje hatt ho i band, ville ho nok forsvunne …  Men ho var i band no, og vi gikk innatt.  På rommet var Eva veldig stressa…. Panisk, ville under kontorhjørnet.  Eg stengde med madrassa mi som var rulla saman.  Knallpanisk – grov seg inn i madrassrullen.  Der kunne ho ikkje ligge… eg rulla ut, tok ho framatt og stengde på nytt.  Sette meg ned, tenkte eg skulle vere roleg slik at ho i alle fall slapp å uroe seg for kvar eg var.  Eg hadde ”pakka” for opphaldet på rommet.  Datamaskin, papir og blyant, fotoapparat og kaffi.  Rekna med at dette kom til å ta litt tid.  Eg hadde gleda meg leeeenge til å oppleve dette, men eg vart brått usikker.  Tenk om…..  Eva hadde hatt kull før, og eg har teke imot bl.a lam, killingar, kalvar, føl og grisungar , så det burde jo gå bra.  Det er berre naturens gang.  Ting kan gå gale ja, men då får eg ta det derifrå.  Eva var veldig uroleg.  Prøvde å grave seg inn i madrassa.  Eg stengde.  Det ville vere for trangt, for hardt og for mørkt der.  Ho ville!!  Ååå - eg skulle ha fjerna heile kontorhjørnet!  Ho gav opp.  La seg alle plassar, unnateke der eg hadde laga trygg ramme og lagt aviser.  Jaja, -eg skal innrømme det, den sto sikkert på feil plass…. Eva pesa, slikka seg, sette seg, reiste seg opp, grov, ynka seg litt – heilt etter boka. Det var interessant å få oppleve dette, eg var priviligert.  ”Håpar det går bra”-tanken kom att.  Snille gode Eva som eg hadde vore saman med natt og dag sidan eg henta ho.  Berre nokre få timar hadde ho vore heime utan meg.  Klokka var 11.12.  Eva var i fin form.  Pesa og slikka, men var  seg sjølv når eg sa ”så flink du er”.  Låg med baken inntil bokhylla og safen.  Ville ikkje i kassen som eg hadde laga.  11.15 Løfta halen.  Trykte litt, pusta raskt og holdt pusten.  Halvsittande stilling, slikka seg bak, la seg, slikka –fleire gonger. 

11.25  Reiste seg brått, gikk rundt i heile rommet, det rann ut fostervatn og datt ut ein kvalp.  Det var ein svart hannkvalp.

 

11.45 kom ein grå hannkvalp.  Den vart óg fødd etter ein rundtur i rommet.  Eg flytta han bort til den andre kvalpen.  Eva reagerte.  Ho slikka dei.  Løfta siste kvalpen og gikk rundt i rommet med han.  La han ned ulike stader, ville gøyme han????  Ho gikk tilbake til den andre, la seg ned. 

 

 Første kvalpen fann patten, Eva løfta andremann bort til patten.  Eg venta.  Hadde dei funne patten???  Eg venta.  Eva låg og slappa av.  Det blei heilt stille, høyrde berre Eva som pusta, og kjende att godlyden frå amming av eigne ungarJHadde ønske om å ta bilete, men no skulle dei få fred.  Eg sat i ro og skreiv. 2 hannar hittil.  Det er vel fleire?12.42 Ho forlot kvalpane litt.  Slikka seg bak, pesa litt.  Kom det ein til?  Kvalpane kravla etter.  Eg vart redd for at ho skulle klemstre dei.  Ho tok spenntak med frampotane for å klare å kome heilt bak.  Eg vart usikker igjen.  Om spenntaket treff kvalpen, vert han klistra.  Skulle eg flytte dei???  Nei, ho såg forsiktig ut, så eg let ho ha dei.  Ho dulla med dei, slikka.  Men så reiste ho seg, eine var inne ved veggen…. Ho la seg over eine. Hjelp kva skulle eg gjere??  Tenkte, såg på kroken med sikra kantar……   flytta dei over.  Ho henta dei tilbake, og gikk uroleg rundt med den eine i munnen.  Nei, valet mitt var feil. Ho prøvde å gøyme kvalpen, inni madrassa.   Såg at det eg hadde tenkt, ikkje var det som ho ville.  -Ja, så skal du få madrassa mi då, det  er greit det.  Så skal eg vere roleg og ikkje ”ta” kvalpane dine fleire gonger.  Skjønar jo at du er redd for dei, du ser ut til å vere ei god mor, og du veit jo ikkje at eg berre skulle legge dei ein trygg stad……Du imponerte meg.   Eg måtte innrette meg.  Du var mor med gode instinkt.Klokka var 13.20.  Koselydar, to små gutekvalpar låg med mora på madrassa mi. Ho slikka dei innimellom .

13.23 Ny kvalp kom ut.  Ho låg heilt roleg, eg merka ikkje kva som var på gang før den var ute.  Var den i live??????  Såg så lealaus ut???  Eva slikka mykje, men… Må sjekke.  Eva reagerte, var redd for kvalpen sin sjølv om den var utan liv.  Eg lurte den vekk.  Det var ikkje pust, blåste lett, heller ikkje puls.  Ja, eg har lest og eg prøvde etter boka.  Men det lukkast ikkje.  Det var ei fin tispe.  Kanskje tispa mi…….. Dette måtte eg kanskje ta på meg????  Var det fordi den har lege for lenge i fødselskanalen?  Stoppa det opp fordi eg flytta kvalpane?  Var det fordi eg stressa Eva?  No skal eg vere roleg. 

Kl. var 13.55 og det kom ein til, kvalp nr 4.  Eg sat i ro på stolen med dataen min.  Såg.  Berre såg.  Og ba inni meg om at det må gå bra.  (Er det andre som har hatt det slik?)  Det var liv i den, ser eine foten lear seg.  Følgde med via speigelen.  Skulle ikkje ho ta han fram??Eg måtte kikke litt…. Ingen fare, hovudet var først ute og han/ho pusta.  Eva slikka og passa på.  Eg trakk meg tilbake…..   Klokka er 14.30, lurer på kva kjønn den er…………

Klokka er 14.44, Eva snudde seg bak , men var uinteressert.  Ei veldig lita død tispe.  Eine kvalpen datt utfor madrassa og Eva var meir oppteken av den.  Eg tok vekk den døde kvalpen.   Eva løfta oppatt den som datt utfor.Eg gikk ut, og kom innatt etter nokre minutt.  Sjekka 4.kvalpen, det var ei tispe.

 

15.03 ny kvalp.  Eva reiste seg, og gikk rundt med kvalpen hengande i posen full i fostervatn, help!! Han måtte ikkje drukne.  Det gikk bra.  Det var ei tispe til.  Eva slikka dei 3 første, sistemann låg og pusta tungt, kliss våt.  La han bortil, så han fekk seg litt vask han óg. 4 kvalpar låg ved Eva.  Eine låg ”under” bakfoten.  Har han det varmt og godt….? Eller har han det ikkje godt????  Eg tok han framatt for sikkerhetsskuld…..Alle fire låg på rekke.15.25 Eva ynka seg.  Var det fleire eller…. ?15.33 Ynka seg eit par gonger, løfta halen.  Men det skjedde ingen ting.  Alt roa seg att, det var klynkelydar av ulike typar, dei åt og Eva vaskar deiJ15.41  Eva stønna eit par gonger.  Såg ho hadde rier, dei gikk over, ho slikka men eg såg at det var noko….  15.50  Stønna lavt og hadde rier.  Slikka seg bak..   Var det noko som sat fast??????  Stor kvalp???  Det er kronglete å køyre til dyrlege!  Har alliert meg med lokal veterinær i tilfelle problem…

15.58 kvalp.  Eva stønna lavt og inderleg, la seg ned på sida og pressa han ut.  Slikka voldsomt og drog den etter morkaka framfor seg.  Knalleffektiv slikking. 5 mørke klumpar låg rundt ho, det var masse klynking og eg var redd for at nokon skulle bli flate.  Reiste meg og kikka.  Som om ho tenkte det same: Ho førte den som var bak, framatt med snuten. Takk og lov.  Klokka var 16.10.  Så herleg at ho kvalpa på dagtid!!  Eg hadde nok slite med å halde meg vaken så lenge om det hadde starta ved midnatt.  Eva låg som om ho sov.  Det var stille ete lydar.  Eg skreiv og håpa at det var som det skulle vere. Og det går framleis bra no kl.20.00.  Eg har klappa og prata med ho. Kvalpane syg.  Håpar det går fint framover

 

  

 

 

 

   



Nytt på sidene 15.03.2023
NY webside for Kennel Citagarden
15.03.2023
NY webside for Naustvoll Gard - Livdi
14.06.2022
Garden vår
14.06.2022
Inn på Tunet
14.06.2022
Nytt liv på garden
26.05.2022
Citagardens K-kull
22.02.2022
Citagardens J-kull
01.01.2022
Nye filmar
11.12.2021
Oppdatert om kennelen.
19.11.2021
Om du er på leit etter schäfer - det er ikkje berre "rett rygg" som er forskjel på bruksschäfer og utstillingslinjer