Naustvoll Gard VIDEO - FILM Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Biletalbum Til sals DYR TIL SALS SKINN Hundemat Gjestebok Kontakt
1790153 besøkande
sidan 6. okt 2012

Citagardens Alex

 

HD: A  AD: A   Han var stor, 66 cm høg og 43 kg.

Alex var på gardsbesøk i 5 døgn i november.  Birte og eg bytta hundar.  Veldig kjekt å bli kjend med han i kvardagen.  Han er lett å forme, han tek korrigering og eg hadde han laus på garden med meg etter kort tid.  Han gøydde litt på sauer og kyr, men det gikk greit.  Han var veldig god å kose med, samtidig som han er vakthund. 

   

  

   

Samtidig var Eva i Førde med Birte :-)

 

Lydigheitskonkurranse på Nordfjordeid.

Birte og Alex gikk klasse1 konkurranse både laurdag 12. og søndag 13.juni.  Dei er kjempeflinke!  Dei vart nr. 2 laurdag, mangla berre 5,5 poeng på opprykk og nr. 3 søndag.  Kjempekjekt å sjå!  Bileta er frå søndagen:

      

 

Gartnerhunden Alex.    Julestjernene er i rute:-)

 

 

Citagardens Alex er hjå Birte i Førde.

  

   Begge er kjempeflinke :)

 

 

Bilete av kvalpane før dei kom til nye heimar:  Akullet biletalbum

 

12.oktober reiste Agera, Anna og eg inn til Balestrand og besøkte Alex.  Koseleg søskenleik:)

 

 

    

Juletreff 27.des 08.  Alex og Agera leika, så full fart at dei nesten ikkje festa seg i kameraet...

   


 Vi sende Alex ut frå denne verden i mars 2011, 2 år og 7 mnd gammal.  Han var ikkje trygg på folk, og då er det vekk, i mine auge.  Hadde eg bestemt åleine, hadde han sikkert vore vekke før.  Birte har gjort ein kjempejobb med han.  Utifrå MH-testen var han den dårlegaste hunden i kullet.  Sjølvsagt er det ikkje kjekt å oppleve dette, men då er det ekstra viktig å rydde opp.  Vi får hugse dei fine stundene.

   



Nytt på sidene 15.09.2018
Link til film av Naustvoll Bajas
13.09.2018
Plan neste kull
13.09.2018
Dakota HD A og AD 0
11.09.2018
Nye prisar - Sportsmans Pride
09.09.2018
Citagardens Enzo - bilete
08.09.2018
Oppdatert Citagarden
06.09.2018
Citagardens Ezra - bilete :)
05.09.2018
Dizco HD A og AD 0 - Glede!
26.08.2018
Hingsteføl til sals.
26.08.2018
Gratulerer til Birthe og Bajas , som fekk sløyfe på utstilling.