INN PÅ TUNET - LIVDI Naustvoll Gard Hestar Naustvoll-hestar Naustvoll Luna Naustvoll Lena Naustvoll Hetti Jons Sølvi Naustvoll Tina Siri Hero Hestad Tina Minne - hestar Minne - Blesen Minne - Junior Minne - Lukas Naustoll Bajas Naustvoll Lurven Naustvoll Balder Naustvoll Grabben Naustvoll Supergut Naustvoll Tinus Naustvoll Odin Naustvoll Timon Naustvoll Luringen Hest - Vinter Biletalbum VIDEO - FILM Citagarden kennel Citagardenkull Kontakt
4249784 besøkande
sidan 6. okt 2012

Kjøpe Schäferhund - pass på!

Rasestandard Schäferhund FCI 

Rett rygg - svart/brun - grå - langhår - korthår - dette er noko du SER.  Det er smak og behag, og forskjellig pelsstell.  Dei viktige forskjellane på schäferhundane kan du ikkje sjå.  Mentalitet - drifter - helse er det du absolutt bør tenke på ved val av hund.

Om du ønskjer deg ein schäferhund, så er det ENORMT VIKTIG at du gjere eit rett val av type hund/kennel.  Utviklinga av rasen har ført til at det er SVÆRT ULIKE SCHÂFERHUNDAR. 

2 gode linkar som viser det eg skriv:  BILETE og Ulike schäferhundar bilete og engelsk tekst

Kva som er best, er subjektivt.  Mi side om avl LINK

Dei som skaffar seg schäfer, kan ha ulike ønskjer for sine 10-12 år framover:

  • ha den som selskapshund, gå tur med den i band, fjellturar og ha den elles i familien.
  • vere med på utstillingar og ha den som god kamerat
  • trene litt  lydighet, vere med på konkurranse og ha den som god kamerat  (Målet for Citagarden)
  • trene aktivt lydighet/bruks og konkurrere mykje eller godkjenne redningshund (Målet for Citagarden)
  • godkjenne tenestehund i politi, militæret mm.

Ein hund som passar svært godt til eit punkt, kan vere heilt elendig i eit anna.  Difor er det viktig at du får deg ein hund som passar deg.  Rasestandarden er lik for alle, men oppdrettarane legg vekt på ulike eigenskapar.  Ein hund som skal vinne utstilling, må ikkje ha gode søkseigenskapar....  ein lydigheitshund treng ikkje motet/skarpheten som ein tenestehund.....  ein familiehund kan vere ein katastrofe om det er for mykje motor og skarphet.

Korleis finne rett hund????

Ta kontakt med oppdrettarar, fortel om deg og still samme spørsmåla, utan å røpe kva du har fått vite av andre, ta kontakt med fleire av dei.  Hugs nokon pratar berre positivt om sine hundar/sitt oppdrett.  Du skal ha hunden mange år framover.  Mykje kan hende, men har du undersøkt litt, trur eg utgangspunktet vert betre. 

Tidlegare var schäferhunden ikkje så "delt" som no.  Tidleg på 90-talet viser det tydeleg at avlen mot eksteriør og bruks har spissa seg nokre generasjonar. 

Rett schäfer til rett person - er heilt fantastisk!!!! 

Schäferhunden - ulike fargar (NB:  Fargane fortel ikkje noko om korleis hunden er helsemessig/inni hovudet - om hunden er grå kan den vere rolegare enn ein som er svart/brun, det er linjene/slekta som kan fortelle om forventa eigenskapar).  Link til ei informativ side om den "grå" fargen

Det er 4 hovudfargar (i genetisk dominerande rekkefølge):

  1. grå  (frå lys til nesten svart, kan vere grå-svart eller brun-svart, stor variasjon på hundane) 
  2. svart/brun (den fargen som er mest vanleg, som dei fleste kjenner godt)
  3. svart/brun, ingen lyse hår og svært lite brunt.  (kalla bicolor.)
  4. heilt svart.

 

Hundane på bileta er (frå venstre): Brandfjellets Cita, Eva, Citagardens Agera og Ariens Dexter (oppstilt).

   



Nytt på sidene 14.06.2022
Garden vår
14.06.2022
Inn på Tunet
14.06.2022
Nytt liv på garden
26.05.2022
Citagardens K-kull
22.02.2022
Citagardens J-kull
01.01.2022
Nye filmar
11.12.2021
Oppdatert om kennelen.
19.11.2021
Om du er på leit etter schäfer - det er ikkje berre "rett rygg" som er forskjel på bruksschäfer og utstillingslinjer
01.11.2021
Oppdatert HD/AD resultat
19.10.2021
Gratulerer til Daniel og Felix (Faragon) med kl B i NRH !