Naustvoll Gard VIDEO - FILM Naustvoll Besøksgard Visjon Historie Minigris Vinterarbeid Jul på garden Aktivitet no Skule Feriekoloni Gardsbesøk Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
1664774 besøkande
sidan 6. okt 2012

Kjøpe Schäferhund - pass på!

Om du ønskjer deg ein schäferhund, så er det ENORMT VIKTIG at du gjere eit rett val av type hund/kennel.  Utviklinga av rasen har ført til at det er SVÆRT ULIKE SCHÂFERHUNDAR. 

2 gode linkar som viser det eg skriv:  BILETE og Ulike schäferhundar bilete og engelsk tekst

Kva som er best, er subjektivt.  Dei som skaffar seg schäfer, kan ha ulike ønskjer for sine 10-12 år framover:

  • ha den som selskapshund, gå tur med den i band, fjellturar og ha den elles i familien.
  • vere med på utstillingar og ha den som god kamerat
  • trene litt  lydighet, vere med på konkurranse og ha den som god kamerat
  • trene aktivt lydighet/bruks og konkurrere mykje eller godkjenne redningshund
  • godkjenne tenestehund i politi, militæret mm.

Ein hund som passar svært godt til eit punkt, kan vere heilt elendig i eit anna.  Difor er det viktig at du får deg ein hund som passar deg.  Rasestandarden er lik for alle, men oppdrettarane legg vekt på ulike eigenskapar.  Ein hund som skal vinne utstilling, må ikkje ha gode søkseigenskapar....  ein lydigheitshund treng ikkje motet/skarpheten som ein tenestehund.....  ein familiehund kan vere ein katastrofe om det er for mykje motor og skarphet.

Korleis finne rett hund????

Ta kontakt med oppdrettarar, fortel om deg og still samme spørsmåla, utan å røpe kva du har fått vite av andre, be om kennelnamn som har slik hund som du vurderer - og ta kontakt med fleire av dei.  Hugs nokon pratar berre positivt om sine hundar/sitt oppdrett.  Du skal ha hunden mange år framover.  Mykje kan hende, men har du undersøkt litt, trur eg utgangspunktet vert betre. 

Tidlegare var schäferhunden ikkje så "delt" som no.  Tidleg på 90-talet viser det tydeleg at avlen mot eksteriør og bruks har spissa seg nokre generasjonar. 

Eg personleg håpar vi kan få meir av den gode allroundhunden igjen.  Uansett - ein rett schäfer til rett person - er heilt fantastisk!!!! 

Schäferhunden - ulike fargar (NB:  Fargane fortel ikkje noko om korleis hunden er helsemessig/inni hovudet - sjølv om mange trur det).  Link til ei informativ side om den "grå" fargen

Det er 4 hovudfargar:

  1. svart/brun (den fargen som er mest vanleg, som dei fleste kjenner godt)
  2. grå
  3. svart/brun, men svært lite brunt.  (Kalla Bicolor.)
  4. heilt svart.

LINK til flott side om fargar (og nedarving av fargane). 

 

   



Nytt på sidene 18.06.2018
Oppdatert gardsbok 2018
07.06.2018
Fleire filmar
20.05.2018
Nye filmar - Bajas til Sogndalsdalen og eselet Timmi jagar Ezra
01.05.2018
Ezra oppdatert
01.05.2018
Dakota - oppdatert
01.05.2018
E-kullet vidare -oppdatert
26.04.2018
Flott bilete av Balder og Martin :)
25.04.2018
AVL i NSchK - Stenger ute tenestehundar
23.04.2018
Gratulerer til June m/Cessi "Zica" og Håvard m/Charlie "Zaco" -begge med bestått funksjonsanalyse
21.04.2018
2 nye filmar er lagt ut idag :-)