Naustvoll Gard VIDEO - FILM Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Nat - mat - div Skule matematikk Skule naturfaglinkar Kennel Citagarden Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
1879114 besøkande
sidan 6. okt 2012

Gamlehundane mine

Dei første hundane eg hadde var to flotte hannar, tervueren Twitwi's Teodor TEO og schäferen HERO.  Teo hadde eg blitt kjend med då han var 5 veker, og eg henta han juni 1988.  Teo fekk slag då han var nesten 14 år, men fekk behandling og eg fekk førebu meg på at han skulle forlate oss ein gong.  Han hadde eit flott liv til august 2002.  Då var han 14,5 år.  Det var trist og merkeleg.  Det gikk lang tid før eg forsto at han var borte.  Ingen hund blir som første hund, og han hadde vore ein del av livet mitt frå eg var 23 til 38 år.  Klart at det set spor. 

Hero var ein omplasserings schäfer som eg fekk då han var ca.2 år.  Eg henta han mars 1990 og hadde han til 1998.  Då var han 10 år og mett av dage. 

 TEO     HERO 

Hero og Teo, begge var 5 år då dei skulle bli vande med sauer og andre dyr.  Her med Pirreline.  Biletet er teke sommar 93.  Desse tre var mykje saman.  Pirreline trudde nok ho var ein hund.  Ho fekk vanlegvis ikkje ete roser, men det vart fint bilete.....

 

På midten av 90-talet kjøpte tervueren Grandparet's Farnon, som vi kalla LASO.  Det var ein propell av ein belger.  Han tok kalkunar og sprang etter både sauer, kyr og hest.  Han var veldig stressa og vi fann aldri den gode kjemien.  Han fekk seg eit fatalt spark i hovudet, av ein hest som han var gira på. 

  TEO og LASO

  ANKA og CITA (2001-2008)

I 2006 fekk eg Klokkarsteinens Anka på fòr, ei schãfertispe som vart litt over 1år.  Ho var ein glad, livleg og rampete hund som sjarmerte oss med det kvikke blikket sitt.  Ho hadde dessverre sterk grad HD med store forkalkningar på begge sider.  Omtrent heile kullet ho var frå hadde HD, så det var nok ein uheldig kombinasjon. Har laga eige galleri om det link til HDspøkelset 

   



Nytt på sidene 01.11.2018
Oppdatert gardsboka
31.10.2018
E-Kaizer - Oppdatert side HD/AD
21.10.2018
Nye filmar lagt inn på FILMSIDA
21.10.2018
Direktelink Kløvjing på fjellet
15.09.2018
Link til film av Naustvoll Bajas
11.09.2018
Nye prisar - Sportsmans Pride
26.08.2018
Hingsteføl til sals.
26.08.2018
Gratulerer til Birthe og Bajas , som fekk sløyfe på utstilling.
12.08.2018
Ny filmar på filmsida
12.08.2018
Oppdatert gardsbok 2018