Naustvoll Gard VIDEO - FILM Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Nat - mat - div Skule matematikk Skule naturfaglinkar Kennel Citagarden Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
1697064 besøkande
sidan 6. okt 2012

Er du på leit etter schäferkvalp?

Link til C-KULLET 

Eg har skrive litt om kor ulik ein schäfer, kan vere ein annan schäfer.  LINK TIL SIDA OM ULIKE LINJER 

C-kullet er avla på rasetypiske og sunne hundar, der begge slektene er kjende.  Alt ligg til rette for god helse og funksjonelt eksteriør, men 100% kan ein aldri vere.  LINK TIL SIDE OM AVL 

C-kullet er forventa å bli gode samarbeidspartar.  Med det legg eg i at dei er oppmerksame, lette å styre, kan halde konsentrasjon over tid og ikkje dabbar.

Du

-som ønskjer deg ein kamerat som alltid vil vere med

-som trenar lydighet og konkurransar

-som likar å trene utan at hunden dabbar, som likar å gå fleire konkurransar på rappen

-som trenar i NRH, som treng ein uthaldande hund som tek seg godt fram i terrenget

-som vurderer tenestehund:  Eg har valt avlshund utan skarpheit, så eg forventar ikkje alvor i kvalpane.  Til dei tøffaste jobbane kan det altså mangle noko.

Du som ønskjer ein hund som kan delta på mykje forskjellig, som er allsidig, førbar og lojal, er velkomen til å ta kontakt med meg.  Mob. 99 22 72 40 eller anne-brit.balevik@sogn.no

Eg ønskjer gode folk til C-kullet, både kjøparar og fòrvertar.  Kanskje du er ein av dei? :-) 

Min jobb:

Eg pregar og sosialiserer kvalpen, utifrå alderen, og gjev markkurar. 

Kullet vert levert registrert, slik at du får stamtavle frå nkk.  Kullet vert kontrollert samla og kvar kvalp får med sin helseattest og helsebok.  Eg har forsikring på kullet, som du vel om du vil vidareføre. Kjøpskontrakt som nkk, med ekstra garantiar.  "Hunden skal kunne brukast til det du skal" :-)


   



Nytt på sidene 14.07.2018
Ezra er flytta
06.07.2018
Oppdatert om Schäferavl.
05.07.2018
Oppdatert Enzo
22.06.2018
Oppdatert gardsbok 2018
21.06.2018
Raseklubben - ekskluderer det dei ikkje likar?
07.06.2018
Fleire filmar
20.05.2018
Nye filmar - Bajas til Sogndalsdalen og eselet Timmi jagar Ezra
01.05.2018
Dakota - oppdatert
01.05.2018
E-kullet vidare -oppdatert
26.04.2018
Flott bilete av Balder og Martin :)