Naustvoll Gard VIDEO - FILM Naustvoll Besøksgard Visjon Historie Minigris Vinterarbeid Jul på garden Aktivitet no Skule Feriekoloni Gardsbesøk Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
2047733 besøkande
sidan 6. okt 2012

Citagarden brukar kjøpeavtalen til NKK. 

I tillegg har eg laga avtale som eg sjølv hadde ønska ved kvalpekjøp, og som inneheld mine interesser som oppdrettar. 

NB! For at garantiane med økonomisk kompensasjon skal gjelde, må punkta om både HD, AD og MH gjennomførast.   

Denne avtalen gjeld for 2019: 

 

Schäferhundkvalpen er avkom frå friske foreldre.  Den er registrert i NKK, chipmerka, vaksinert og vert levert med pass og helseattest, som på hannhundane dokumenterer om steinane er komne ned, og at kvalpen er fri for sjukdom og sjukdomsteikn. 

Den kan likevel utvikle sjukdomar eller lidingar som forringar verdien av hunden.  Som oppdrettar ønskjer eg korrekt dokumentasjon på avlen i kennel Citagarden. 

Kjøpar sine plikter ovanfor Citagarden:

-Å gje hunden riktig mat, mosjon og mental trening.

-Å følgje opp med ormebehandling/vaksine.

-Å røntke hunden for HD/AD etter 12 mnd - før 16 mnd.

-Å gjennomføre unghundbeskriving (MH) utifrå reglar.

Dette må gjennomførast før kompensasjon for feil vert utbetalt. 

-Om hunden skal avlivast eller omplasserast, skal oppdrettar orienterast skriftleg på førehand og godkjenne valet.  Oppdrettar har rett til å ta tilbake hund vederlagsfritt, om kjøpar ikkje vil/kan ha hunden lenger.

Citagarden sine plikter ovanfor kjøpar:

-Om hunden ikkje består MH eller funksjonsanalyse, viser uakseptable feil/manglar som er arvemessig, får kjøpar refundert 10.000 kr (HD/AD-røntking må vere gjennomført og avlest før utbetaling).  Det må dokumenterast skriftleg av godkjent mentaltest dommar innan NKK. 

-Familien og slekta til kvalpen, er svært bra når det gjeld HD og AD.  Likevel kan kombinasjon av slekter, føre til feil.  Citagardens har forsikra kvalpen ved overlevering.   Om kjøpar forsikrar vidare i Agria, før 4 mnd, er kvalpen dekka for skjulte feil.  Utan forsikring får kvalpekjøpar tilbake frå Citagarden 2.000 ved HD D eller E,  2.000 ved AD 2 eller 3. 

-Testikkelfeil.  Om hannhundar ikkje har normale testiklar ved 18 mnd alder, vert det refundert 5.000, om det er dokumentert frå veterinær.

-Ved mindre feil som tannfeil eller hengeøyre, får kjøpar betalt tilbake 2.000 kr, ved dokumentasjon frå veterinær/dommar. 

-Maks refusjon frå oppdrettar er 10.000 kr

(NB: HD/AD og MH må vere gjennomført). 

Dato - Stad - Underskrifter kjøpar og seljar  (2 orginalar)

   



Nytt på sidene 08.03.2019
Ny side Hestad Tina
03.03.2019
Ny film frå garden
20.02.2019
Ny side Odin
20.02.2019
Ny side Tinus
31.01.2019
Citagardens Evito HD A og AD 0 - supert!
28.01.2019
Gratulerer med 4års-dag
10.01.2019
Ny gardsbok 2019
26.12.2018
Bilete av Enzo
13.12.2018
Spindeldiagram MH - Ezra :-)
02.12.2018
Oppd. gardsboka