Naustvoll Gard VIDEO - FILM Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Om Citagarden Kjøpe Schäferhund? Kjøpeavtale kvalp HD/AD og MH Avlstispe EVA Avlstispe EVA kvardag Avlstispe Bexi Avlstispe Chakka Avlstispene bilete Hannhund ENZO Kull ALBUM BEXI og CHAKKA kvardag Akullet om kvalpingen A-kullet den første tida Akullet AXEROS Akullet ALEX Akullet AGERA Akullet A-KOMPIZ Akullet ANNA Akullet far: Bomber A-KULLET trening A-kullet felles Bkullet - far Dizco Bkull-slekt Bkull-farssida Bkull kvalpeside C kullet - foreldre C kullet - undervegs C kull -kvalpekjøpar C kull KVAR KVALP C-kullet vidare i livet D-kull - Orax DAKOTA Dizco vidare Ekull - med Lexus E-kull vidare EZRA Minne - Cita Minne Gamlehundane Minne Cita Resultat: Historiar Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
2187094 besøkande
sidan 6. okt 2012

Naustvoll Bajas f.2016 (Jons Sølvi - Espeset Blåen)

er hjå Birthe Loe Haukedal i Nordfjord :-) 

 


oktober 2018 - Birthe og Bajas - lunnedrag for første gong LINK

september 2018 - Birthe og Bajas (2år)trenar LINK 


 

 

Utstilling i Sogndal 25.august 2018.  LINK til bilete
Bajas er blitt 2-års hingst - han har utvikla seg flott!
Rasetype og preg 7...
Kroppsbygning og muskulatur 7
Beinkvalitet, beinstilling 7
Bevegelser 7
Helhetsvurdering eksteriør: Velutvikla toåring av bra type. Middels lang hals. Markert manke. Sterkt-bygd kropp med god muskelsetning. Toppet og kort kryss. Aksebrudd i begge tåledd frambein. Svak tendens til sabelbeint begge fram. Elles føre bein. Noe hjulbeint bak. Uryddig skritt og trav.


Premiegrad: Sløyfe - og det betyr at vi er superfornøgde. 

Ein hest utan feil, som kan utvikle seg vidare og som er verd å satse på.

Bajas er i ein hormonell alder, han er hingst med futt og var nok litt vanskeleg å vise fram denne dagen.

Birthe stiller hest for 2.gong og det med ein 2-års hingst!!! Dei som har stilt hingstar forstår kva det inneber Birthe gjorde ein flott jobb - eg som oppdrettar er enormt stolt av både hesten og ho.

Gratulerer!!!


  Aug 2018


 

 

GRATULERER BIRTHE - FLOTT UTFØRT!

Utstilling i Sogndal 2.september 2017:  SLØYFE !!!  LINK TIL BILETE

Rasetype og preg 8

Kroppsbygning og muskulatur 7,5

Frambein 8 Bakbein 8 Høver 8 Bevegelsenes korrekthet 8 -Beinkvalitet, beinstilling 8

Skritt 7,5 Trav 7,5 Bevegelser 7,5

Helhetsvurdering eksteriør: Åringshingst av god type, god frampart. God lengde i kroppen. Velstilte bein. Bra skritt, ledig trav.

Premiegrad: Sløyfe

Direkte link:  http://www.nhest.no/Andre-elementer/Sok-etter-hestkusklop/Sok-etter-hest/?id=3385&sokId=30105349&modus=2

Vi er veldig fornøgde.  Topp poeng på alt det viktigaste.  Vi er spente på utviklinga.


Bajas vart fødd 29.mai 2016, på Naustvoll Gard.  Han er ein blå (svartskimmel) dølahest, etter Jons Sølvi og Espeset Blåen.  Han er fødd svart, og vil bli grå i nokre år, for seinare å bli ein vakker, kvit eventyrhest.

(Det ligg filmar og bilete av Bajas og andre her LINK )

 

Stamtavla til Bajas LINK

1.juni reiste vi til Hallingdal.

Etter ei tid, fekk Bajas og mor fekk gå saman med Espeset Blåen, som er far til Bajas. 

 

Bajas og Sølvi var der til 24.juli.  Då var dei blitt ein liten fin flokk.  Espeset Blåen er ein flott hingst.

Bajas kosar med pappa'n sin.  Tenk å gå på beite med mor og far :-) Det er ikkje vanleg for eit føl.  Eg tykkjer det er fint, Bajas veit kanskje ikkje at det er pappa'n :-)  Gode hestar er dei allefall!

 På garden 6.september.  Naustvoll Blesen er halvbror til Espeset Blåen + at Blesen og Bajas har Jonssvarten på morssida, så dei er mykje i slekt :-)  Det tykkjer vi er bra, for Blesen er ein fantastisk hest.

 

 12.september 16

   12.november 16.  Fine avteikn, som vil forsvinne når han vert kvit. 

19.november gikk Bajas frå å vere sogning til å bli nordfjording :-)  Reknar med at det går bra :-D 

   



Nytt på sidene 06.07.2019
GRATULERER til Tina og Ezra
23.06.2019
Ny film på filmsida
23.06.2019
Kastrering av Odin og Tinus
16.06.2019
Oppdatert gardsbok 2019
12.05.2019
Oppdatert gardsboka 2019
17.04.2019
Oppdatert filmsida
17.04.2019
Ny filmsnutt av Odin og Sølvi
14.04.2019
Bilete frå MH Elektra og Evito
14.04.2019
Bilete frå FP og MH Enzo
14.04.2019
Oppd. Dakota