Naustvoll Gard Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Nat - mat - div Skule matematikk Skule naturfaglinkar Kennel Citagarden Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
1413581 besøkande
sidan 6. okt 2012

E-kull

Hedeforsens LexusCitagardens Bexi
LINK til Svensk AvlsbaseLINK til NKK Dogweb
HD B AD 0 HD A AD 0  
MH, VH (Vektarhund i teneste)MH, FP, UHP,  går i LP2
KORAD (Avlskåra i Sverige)Avlsgodkjent i NSchK
Far til Hedeforsens K-kull Mor til Citagardens C-kull

Det er mange typar schäferhundar, dette er kvalpar som passar folk som har eit aktivt liv, brukar hunden i trening, mot godkjenningar eller konkurransar.  Les kva eg meiner LINK   

Bilete av kullet:   LINK til BILETE

Meir om MOR: Citagardens Bexi - avlstispe  som var mor til C-kullet 

Meir om FAR:  Hedeforsens Lexus   Kennelen han er ifrå:  Kennel Hedeforsen 


Elektra er reist, Elexus er reservert, men skal vere her ei stund.  

20.november:  I dag er dei 8 veker.  I helga var vi på Gardemoen og leverte Citagardens Queen of Ice.  Citagardens Kaizer har kome i ny heim, og det er godt å sjå at begge har funne seg godt til rette.  Ønskjer alt godt framover!

Vi budde på hotel, Chakka, Dakota, Enzo, Elexus og Evito (+ Birthe og meg).  Så sosialiseringa har vore topp.  Vi tobeinte var på Dogs4all i Lillestrøm.  

Det er LEDIGE KVALPAR, til folk som vil trene.  Ta gjerne kontakt for å høyre om det er hund som passar deg. 

Kvalpane vert levert ferdig reg. i NKK, dei har fått markkur 3 gonger, dei er vaksinert, har helseattest og pass.

Eg brukar kjøpeavtale frå NKK med eit tillegg som vil gje meg verdfull info om avlen og du vil ha gode økonomiske garantiar, om noko "feil" skulle dukke opp.  Avtalen ligg på nett, så du kan lese krav og rettar sjølv.     Kjøpeavtale

 

 

 Like greitt å få alt i orden med ein gong :-)

14.november: 

Helsekontroll.  Dei vart vegd, chippa, vaksinert og fekk seg pass.  Alle er friske og fine. Grøn hann har berre ein stein nede førebels, dei 3 andre hannane har ting på plass :-)  Tyngste er Enzo på 7,8 kg - lettaste er Elektra på 5,1 kg.   

10.november:  Dei er nesten 7 veker. I dag var det kloklypping, veging og 3.markkur. Tyngste er Enzo (raud) på 7,2 kg, lettaste er svart/brune tispa på 4,5 kg. 

Dei er blitt racera i trapper og skråningar, leikar og er med på det eg held på med.

 

 

7.november: Kvalpane veks, leikar, undersøker og får mange nye erfaringar.  Ulike personlegdomar kjem fram.  Nokre er utforskande og sjølvstendige, andre held seg meir i bakgrunnen. Dei er "overalt", spring trapper, trillar ned skråningar, ruslar rundt på oppdagingsferd ute, slåst og gneg griseøyre inne :-)  Full fart.  Litt over 6 veker gamle.  Kort (og usystematisk) vurdering hittil:

Grå solid hanne, normalhår, "Enzo" (raudt band), trygg, nyskjerrig, undersøkande og roleg.  Blir kanskje ein som treng erfaren førar, sidan han kanskje vil bestemme litt sjølv?

Svart/brun hanne "Elexus", normalhår, dominant, undersøker og er med på alt. 

Mørk Grå hanne, normalhår "Kaizer", er trygg og nyskjerrig, leikar og er med på alt.  Han er ein hannhund som eg trur vert veldig god til mykje.  Han har ikkje vist særleg dominans enno..

Den grå langhåra hannen "Evito" (grønt band på tidlege bilete), er rolegast av alle kvalpane.  Han likar veldig godt å vere med folk, og sjarmerar alle slik at han får mykje merksemd.  Han er den mest kosete av alle, og er ein hannhund som passar i ein heim som likar LP og har rikeleg tid til ein god ven.  Er saman med kvalpane slik som alle, det er mot menneske han skiller seg ut.

Tispe grå, langhåra "Ettza" (rosa band) er trygg, dominant mot dei andre, nyskjerrig, triveleg, glad i folk og robust.  Ho undersøker og sjekkar ut åleine.  Ho har høgt energinivå, pågangsmot og iver, ho vil vere ein god hund for IPO, bruks og lp. 

Tispe svart/brun, langhår, "Elektra" (turkis band) verkar veldig førbar og veldig glad i folk.  Ho vil nok bli ein fantastisk kamerat som blir med på alt saman med føraren sin, og ho vil bli lett å trene. 

Tispe grå "Queen of Ice" (lilla band) er veldig glad i folk.  Ho leikar, undersøker og sjekkar ut.  Trygg og harmonisk, blir med på det vi gjere og kjem stormande mot oss når vi ropar på ho.

Tispe grå "Ezra" (gult band) er veldig lik lilla, men kanskje litt rolegare.

3.november:  Eg fekk fri denne dagen, og då tok eg med meg alle 8 kvalpane til skulen.  Der vart det kosing i 2 timar med maaaaange elevar.  Klikk deg framover og bakover i albumet. Veldig kjekt, og kvalpane vart kjempeslitne av det, sov i fleire timar.  I morgon vert det "kvalpedag". 

28.oktober:  Dei er fødde på ein måndag, men då har eg lang arbeidsdag, så no brukar eg laurdagar til "kvalpedag".  Dei vert 5 veker på måndag.  I dag har eg gitt 2.markkur (Welpan vet.), klørne er klypt for 3.gong Vekta varierer frå 4kg til 2,5 kg.  Alle er friske og i fin aktivitet både inne og ute.

   

Øverst:

Enzo hann, 4kg - Ezra tispe, 3 kg - Evito hann, 3,4kg - Ettza tispe 3,5kg

Under:

Kaizer hann, 3,5kg - Elexus hann, 3,7kg - Elektra tispe2,5kg - Queen of Ice tispe, 2,5kg

   

16.oktober: Gjenger er blitt 3 veker.  Dei har fin utvikling, og viser så smått personlegheitene sine.  Dei har fått markkur, klørne er klipt, dei får mat (men ikkje lært seg å ete fint!) og er berre sjarmerande!!!  Eg ser at dei har den gode kontakten med meg, og det er eg så glad for.  Førbare hundar er gode teamarbeidarar.  Det er full rulle innimellom, men så sloknar dei heilt.  Absolutt lettast å ta bilete når dei søv :-)

 Blå hann og oransj hann

 Raud hann og rosa tispe (oppi maten).

Septemberkullet frå Citagarden:

Tispe kvalpar på eige rom i 2.etg, der ho får vere i ro og fred.  Sosialiseringa startar vi med i ein binge på kjøkenet og i stova "under kontroll".  Deretter vert det auka til uteliv i hagen og på terrassen, og i eit stort hundehus med eigen terrasse.  Tispe og kvalpane får inneopphald på låven i garderobe, der er det god plass med leiker, sovekrok med teppe og dokrok med aviser.   Kvalpane får oppdagingsferd inne på låven, ute ved låven og rundt omkring på garden.  I fjøsen er det ekstra spennande, der er det dyr!  Vi reiser alltid på bilturar, til andre miljø og på besøk.  Kvalpane får vere saman med oss, kos av besøkande og kontakt med andre hundar.

Målet er trygge kvalpar, som skal vere klare for verda når den tid kjem.  Då er det nye eigarar som finn vegen vidare.

 Det er viktig at den nye heimen og type hund passar saman.   No når dei er kvalpar, kan dei plasserast kvar som helst, men dei vert større.   Ta gjerne kontakt for å diskutere om dette er hundar som passar inn i ditt liv.  Mob. 99227240 :-)

Det kan vere at eg har hann til sals om ca. eit år, då vil den vere HD/AD-røntka og ha MH-beskriving.  Om du er interessert, så ta gjerne kontakt allereie no. 

Stamtavle

   



Nytt på sidene 10.12.2017
Så reiste Ettza - lukke til :)
09.12.2017
Så reiste Evito - lukke til!
01.12.2017
Side om kvalpane sitt liv vidare :-)
21.11.2017
Citagardens EZRA
20.11.2017
8 veker i dag :-) Ledige kvalpar til bruks/treningsinteresserte.
14.11.2017
Helsekontroll + alle fekk pass.
11.11.2017
Avlstispene - Citagarden
10.11.2017
Oppdatert kvalpesida :-)
07.11.2017
Oppdatert kvalpesida :-)
28.10.2017
Oppdatert kvalpesida :-)