Naustvoll Gard VIDEO - FILM Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Biletalbum Til sals DYR TIL SALS SKINN Hundemat Gjestebok Kontakt
1636469 besøkande
sidan 6. okt 2012

Citagardens ENZO

Enzo er fødd 25.september 2017. 

 Enzo, søster, storesøster og mor.

Eg likar Enzo veldig godt, og det vert veldig spennande i tida då kullet skal røntkast for HD og AD.  Eg får stadig spørsmål om å selje han, men eg vil kanskje ha han sjølv, eller deleigar-avtale på han, om røntken-resultata er gode.  Erfarne NRH-folk kan vere aktuelle.  Men - eg veit ikkje nok enno. 


Vi reiste til Bergen 27.april, til hotellopphald, NSchK avd. Bergen sine 2 utstillingar og anna kjekt.

Laurdag 28.april stilte eg Enzo for Kjell Pollestad, og Enzo fekk Meget Lovende :)  Det hadde eg ikkje trudd :D  LINK til kritikk.

Søndag 29.april stilte eg Enzo i utstilling etter tysk mønster, for Leif Belgen.  Då fekk han Lovende, det var forventa :D  LINK til kritikk.

  

  LINK TIL ALBUM


22.april 2018:  Vi reiste på kvalpeskue på Nordfjordeid.  Vi tenkte at det er super sosialisering og at det kunne vere kjekt med ein tur.  Der var mange ulike rasar.  Enzo var super.

Enzo var påmeld i 6-9 mnd, hann og fekk denne kritikken:

 


Enzo er frå eit kull, med 4 hannar og 4 tisper.  Han er chippa, registrert i NKK, vaksinert og revaksinert, har helseattest (testiklane nede) og han har pass.  Han er ein triveleg kar, som er sosial, nyskjerrig og roleg. 
Han skal ha ein førar som passar.  Dvs ein person som trener hund, i redning eller bruks.

Han er 5 mnd, stor, roleg, likar å vere med, glad i folk, går fint med andre hundar, førarveik og lett å lede.  For tida i tannfelling og med hengande øyre.

Enzo vert her førebels.  Om du leitar etter hund og lurer på om han og du passar som team, kan du ta kontakt. 

  

Enzo er ein stor kar, som tek verden inn på ein roleg måte.  Han er ikkje av den tøffe typen, som oppsøker aktivt, men han godtek alt.  Eg trur han vert mykje hund, men samtidig mild nok til at han vert ein god hund å føre. 

Om du vil ha samarbeid med meg, er eg interessert i ein spesiell avtale.

FAR:
Hedeforsens Lexus
HD B AD 0  MH, VH - Vektarhund i teneste
KORAD (Avlskåra i Sverige)  
I Svensk avlsldatabase ligg det solid oversyn kullsøsken, HD/AD, mental status mm. 

MOR:
Citagardens Bexi:
HD A AD 0  HD-Index: 118,21 
Gjennomført MH (mentalbeskriving).
Bestått Ferdselsprøve og Uthaldsprøve.
Går i LP 2.
G - Utstilling etter tysk mønster.
Avlsgodkjent i NSchK.

Bexi har eit kull etter seg, Citagardens C-kull, som var fødd 28.januar 2015.  11 kvalpar, 9 stk HD A/B  1 stk HD E, alle AD 0  (Sjå eiga side om HD/AD/MH.)

Mi personlege meining om Bexi (mor til Enzo), 6 år gamal:
Opa tilgjengeleg tispe. Frisk og ærleg hund.  Stor byttedrift, middels til stor kamplyst, livleg - litt for livleg av og til - kan kome lyd, ho har stor forsvarslyst men ikkje tyngde bak.  Har lite jakt.  Ho er førarveik og difor lett å trene, har lite mot - treng førarstøtte i truande situasjonar, svært god avreagering, handterbar, lett å få fram i leik, ivrig på ball/kong (men eg brukar det sjelden)  Elskar å vere med på alt, alltid klar - likar å trene, blir aldri sliten. Samansetninga av driftene gjere ho til ein førbar hund, god teamarbeidar og kamerat :-)  Inne er ho heilt roleg. Viste seg som ei svært god mor, for C-gjengen.
Andre har vurdert bittet hennar som godt og fast :-)

   



Nytt på sidene 21.05.2018
Enzo oppdatert
21.05.2018
Oppdatert gardsboka 2018
20.05.2018
Nye filmar - Bajas til Sogndalsdalen og eselet Timmi jagar Ezra
01.05.2018
Ezra oppdatert
01.05.2018
Dakota - oppdatert
01.05.2018
E-kullet vidare -oppdatert
26.04.2018
Flott bilete av Balder og Martin :)
25.04.2018
AVL i NSchK - Stenger ute tenestehundar
23.04.2018
Gratulerer til June m/Cessi "Zica" og Håvard m/Charlie "Zaco" -begge med bestått funksjonsanalyse
21.04.2018
2 nye filmar er lagt ut idag :-)