Naustvoll Gard VIDEO - FILM Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt Kontakt
1697637 besøkande
sidan 6. okt 2012

Linjeavl - innavl

Innavl er resultat av parringar mellom slektningar, og vert oppgitt i prosent som eit tal mellom 0 og 100.  Innavlen gjev oss % sjanse for at to allel på samme gen, stammar frå samme opphav.

Eit dyr som er klona, har 100% felles genmasse. 

Slektskap mellom individ viser kor stor del av genmassen, som har same opphav.  Ein kvalp har 50% frå mor og 50% frå far.  Den har i gjennomsnitt 25% av genmassen til kvar av sine besteforeldre.  Kvalpen er 50% i slekt med søskena sine (Dette er matematisk - på enkeltgen kan kvalpen vere heilt utan slektskap, men på andre mykje meir).

Om hundar vert parra med slektningar, vert slektskapet (den matematriske felles genmassen) slik:

Ein hund som vert parra med far eller mor - 25% 

- med kullsøsken/heilsøsken - 25%

- med halvsøsken - 12,5%

- med besteforeldre - 12,5%

- onklar/tanter - 12,5%

- søskenbarn - 6,25%

Desse tala viser kor stor del av genmassen som er lik.  Over tid har det vore linjeavla innan Schäfer, og no er det på full fart igjen innan NSchK - og eg trur ikkje at folk har kunnskapen bak dette.  Då hadde det vel blitt stoppa.

I Schäferhundverda, har det blitt snakka positivt om linjeavl i lang tid.

Personar snakkar om "linjeavla 2-3, 3-3, 3-4 eller 4-4 på den eller den".  Men det verkar ikkje som om folk forstår KVA det dreier seg om. Om ein skal berekne innavlsgrad, så må ein sjå kva som ligg bak.

Fetter og kusine kan vere meir i slekt enn halvsøsken.  I Dogweb kan vi sjå hund som er oppsett med 12,5% innavl på hanne og tispe, som er parra med tispe som er linjeavla på 6,25% på samme hanne.  Utrekningane av innavlsgrad tek ikkje med det som ligg bak, og dette skjer av oppdrettarar som sit HAR og har andre verv i NSchK. 

Dei positive sidene med innavl, som var årsaka til at det vart gjort tidlegare, var at det vart lettare å vite kva avkom ein fekk, og dei eksteriøre trekka vart befesta/samla.  Positive gen kan sjølvsagt bli dobla. Dette er utviklinga av ulike rasar.  No er rasane blitt befesta, og det er eigentleg ikkje trong for særleg linjeavl.  

Det er mange fleire negative sider/risikoar ved linjeavl.  Auka sjukdom (dobla defektgen) og dermed nedsett immunforsvar (homozygoti=auka like gen) og små kull, er kanskje det verste.    Mentalitetsproblem og redusert intellektuell kapasitet (ikkje særleg glup/tung å trene/blåst) er vel heller ikkje kjekt.  Vi skal ha hundar som skal brukast!  Schäfer skal vere ein teamarbeidar.  I RAS står det at hunden skal vere ein arbeidshund.  Vi som avlar på brukslinjer, vert ekskludert/utestengde av bagatellmessige årsaker.  Linjeavl får konsekvensar årevis framover, og det passerer ...

Kvifor dei linjeavlar, veit eg ikkje.  Kanskje dei trur dei skal få fram avkom som gjere det topp på utstilling?  Kven vil ha slike avkom, om folk hadde visst?  Kvalpekjøparane stolar på oppdrettarane. 

Tenk om dette kunne fått fokus i raseklubben, før det vert for seint.  AVLRÅD burde vore slik LINK

Å sende innlegg til bladet for å belyse temaet, hjelper ingenting - dei tek ikkje inn stoff dei ikkje likar. 

   



Nytt på sidene 14.07.2018
Ezra er flytta
06.07.2018
Oppdatert om Schäferavl.
05.07.2018
Oppdatert Enzo
22.06.2018
Oppdatert gardsbok 2018
21.06.2018
Raseklubben - ekskluderer det dei ikkje likar?
07.06.2018
Fleire filmar
20.05.2018
Nye filmar - Bajas til Sogndalsdalen og eselet Timmi jagar Ezra
01.05.2018
Dakota - oppdatert
01.05.2018
E-kullet vidare -oppdatert
26.04.2018
Flott bilete av Balder og Martin :)