ANNE BRIT

 

Anne Brit Balevik skreiv for fyrste gong ned ideane sine om besøksgard 19. juli 1991. Det same året kjøpt ho og sambuaren garden Livdi, som ligg i Kvamsøy i Balestrand kommune. Seinare vart den omdøypt til Naustvoll, som var det gamle namnet på garden. Dei einaste dyra ho hadde det fyrste året var dei to hundane Theo og Hero. Sommaren -92 fann ho eit lite dalalam på fjellet, som var forlatt og utmatta. Ho fann fram til bonden som eigde det og han sa at ho kunne behalde det. Lammet vart kalla Pirreline, og etter ein månad med godt stell var det i bra form. Same året søkte ho, og fekk etablerarstipend frå DU, som no heiter SND. Dermed kunne ho redusere stillinga si som lærar i


Høyanger. I november søkte ho om lån og tilskot til driftsbygning, men fekk til svar at denne søknaden ikkje vart prioritert i 1993. Dette var sjølvsakt skuffande. Dei som hadde fått etablerarstipend fekk samstundes tilbod om oppfyljing, og slik fekk ho hjelp til utforming av ny søknad. Ho vart medlem av Etablerarforum for kvinner. I mellomtida hadde ho fått mange dyr, og slik var statusen


 7. september -93: 3 Sauer, 2 Geitebukkar, 2 Vaksne villsvinhybridar, 14 Grisungar, 1 Shetlandsonny, 4 Hanar, 13 Høner, 2 Kjuklingar, 4 Kaniner, 1 Gås, 2 Kalkunar, 5 Ender, 2 Hundar og 1 Katt.

Ein skuleklasse og ei barnehagegruppe har vore på besøk denne sommaren, so gardsbesøka har so vidt kome i gang.

23. juni -94 vart ein jubeldag, søknaden om lån og tilskot til ny driftsbygning var innvilga !! Gamlefjøsen er riven og snart skal dyra få eit betre hus. Dette huset inneheld òg andre lokale i forbindelse med besøksgarden.



Historia om Anne Brit og besøksgarden, er draumen som gjekk i oppfylling. Sjølv om det kan sjå enkelt ut på desse få sidene, har det ikkje vore like lett heile tida. Ho seier at ho undervegs har møtt både minus-personar og pluss-personar. I tillegg har ho i oppstartingsperioden fått to born.

 

Her kjem ei liste med:

Gode råd frå Anne Brit:

 

Prat med folk du stolar på om ideane dine, lytt til kva dei seier, men ikkje godta det som fakta.

Det er lov å ta feil !!! ( det er million-prosjekt som går dukken )

Det er viktig å trivast med det ein driv med ( særleg i "dårlege" tider ).

GODBOK-IDÈBOK-DAGBOK. Her kan du skrive ned alt som har med prosjektet å gjere.

TA FRI !!! Har du køyrt deg fast, ta fri med godt samvit, tida ordnar opp og pågangsmotet kjem att.

NETTVERK - Samhald/Tillit/Teieplikt