Eg har hatt hestar sidan 1993. Dei har i desse åra levd eit "naturleg" liv. Dvs. dei har gått ute heile året, utan sko (også kalla barfothest), og aldri brukt dekken. Dei har levd i ein liten flokk, hatt 20-70 daa område og vore ute året rundt uansett vèr. Dette har gitt dei temperaturendringar med mjuke overgangar i friluft(motsett av varm tett stall og ut om dagen), og dei utviklar hud/pels som passar til omgjevnadane dei er i. Dei er i kontinuerleg rørsle, dei får fri tilgang til rundballe/høy i tillegg til det dei beitar og gneg på tre og busker. Dei har høve til å gå inn, men har stort sett funne seg kvilestadar i friluft. Hestane sin temperaturregulering er så fantastisk og følsom, at vi menneske ikkje klarar å gjere det betre ved boksar, stallar eller dekken. Men vi kan øydelegge for den. Eg har no funne ein logg som viser dette. Dersom du har hest, eller ser hestar som går ute i "styggever" og reagerer, bør du lese dette. Du kan gjerne linke loggen vidare. Det er kunnskap som bør ut til flest mogleg. Er utegang for hest forsvarlig i vinterhalvåret? Meir om dekken, svette og utegang: LINK |