Naustvoll Gard VIDEO - FILM VIDEOSNUTTAR Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
1737874 besøkande
sidan 6. okt 2012

Gardsbok 2018

Eg lagar ny side for kvart år.  Det ligg mange "gardsbøker" i menyen under Naustvoll Gard.  Link til 2017

Nyaste info er øverst.


BILETE frå sommaren "Hest og hund" LINK 

8.august: Leverte 21 lam til Nortura.  Dei andre lamma + sauene, vart behandla med Copersect og Ivomec.

 

og henta heimatt Siri og Odin. 

 

6.august:  Fjordamerra mi Siri, er ved ultralyd påvist drektig med Høgset Supermann e. Sofin u. Biola.  Håpar alt går bra med drektigheten, og at eg får meg eit merrføl neste sommar :)

26.juli:  Brønnboring.  No blir det sikrare vasstilgang :) 

8.juli:  det er hoggorm på beitet.  Eine schäferhunden min, Bexi, vart biten og måtte i all hast til veterinær.  (prøver seinare viser at det ser bra ut)  LINK

18.juni: Sauer makkakur og flåttmiddel + tilgang på skogen.  Sau. nr 7057 har fått eit lam i dag.  Ho får vere i fred, pressar ikkje noko behandling på ho.  Vi får ta det att litt seinare.

17.juni:  Siri og Suveren på slepp på Voss m/Høgset Supermann, bilete og film kjem seinare. LINK

Tina og Tinus er komne overeins, dei kan gå saman med Sølvi og Odin.  Eg er glad og letta.  Alt går fint :)

 

15.juni:  Denne dagen blei livet til kjære BLESEN avslutta.  Det var så tungt at eg ikkje orka å skrive det her, då det vart gjort.  No snart 2 mnd seinare, er det greit.  Bilete frå livet hans på garden kjem. 

14.juni:  Regnet bøttar ned - gjengen er med meg på tisteljakt.  Fast jobb :)

 Våt gjeng

13.juni:  Sølvi fekk eit hingsteføl.  Eg er usikker på om det vert svart eller blått.   Ho er ei god mor + at følet er friskt og tidig, og då er eg veldig fornøgd.

10.juni:  Siri og Suveren til Voss, stasjonsbedekking av Høgset Supermann på følbrunsten. 

8.juni:  Tina fekk eit brunt hingsteføl.  Ho ville ikkje ha det, så det vert jobb framover. 

 Nokre dagar seinare.

Meir bilete og film seinare.

7.juni:  Sauer til sals LINK

3.juni:  Første FJORDHESTFOLING på garden!  FILM 

20.mai: Sjekk av sauer og lam. FILM Heimelamet har fått lammet sitt.  Den nest eldste sauen, nr.7057 er truleg tom.

20.mai:  Sølvi, Siri og Tina fekk Equimax.  Hovslagar.

18.mai:  Dusja hestane og behandla med Switch.

 

16.-18.mai:  Hestane beitar oppkøyrsla, dei drektige merrane er i fin form.  Blesen har det ikkje godt.  Eg veit at eg må, men eg klarar det ikkje no.

 

5.mai: Alle sauer (18) og lam (26) nedom riksvegen. FILM Matahari fekk Ivomec og Timmi fekk Banminth. 

4.mai: Merka alle lamma (26).  Gav Valbazen til alle sauer.

april:  FILM av kalven.

5.april: Kalving - i snø og kald vind.  Det som vart problem, var fjordårskalven, ho ville ikkje at ein ny kalv skulle overta mora.  Eg var saman med dei eit par timar, men tykte det var så usikkert, at eg tok kalven og kua ned i fjøsen.

 

 

 

 Ezra var veldig nyskjerrig.

 Dei skal få ro og fred i fjøsen.  Håpar alt går bra!

1.april: Vi skulle ha slakta avlsveren, men det har blitt utsett i fleire veker.  I dag måtte han vekk, for no er lamminga starta. 3 fine lam hittil.

 

 

24.mars: Sauevaksinering og revaksinering av hestar. 

22.mars:  Denne dagen reiste eg til Nordfjordeid med Blesen.  Han har hatt periodar etter jul, der han har halta "utan grunn" og vi har ikkje funne ut kvifor.  Vi har trykt og kjent på bein/hovar, men ingen reaksjon.  Vi har trudd at det kan vere hovbyll, at han har strekt seg eller noko.  Det var difor på tide at han blei sjekka skikkeleg, og det var røntkenbilete som gav oss svaret.  Vi såg at han har forbeining av draktbrusk, men det var nokre forbeiningar litt høgare oppe, som truleg er årsaka til at han haltar nokre gonger.  Veterinæren sa at han har det greit, så lenge han får styre aktiviteten sjølv.  Det betyr at køyring og riding er slutt, at han berre får vere "onkel Blesen" til merrane mine og evt. føl som kjem.  Eg må innstille meg på at den store snille gode hesten min, kanskje må forlate oss tidlegare enn det eg hadde tenkt. 

2.-4.mars:  Nydeleg vèr, kaldt og sol.  Vi har dekka til fjøsopninga med plastremser, for å få det lunt inne.  Sauene vart klypt 2.mars.  Vi har laga nokre nye styvingstre.  Bilete her:  LINK1  LINK2

Februar:  Vi reiste med TUSSI, møtte folka som skal gje ho ein ny heim. 

Ho skal bu på Ramnes Søndre LINK LINK .

Tussi var fødd her på garden 30.juni 2013.  Mor er Matahari og far Redman.

Eg har mimra litt og laga eit album om ho: ALBUM LINK

 

20.februar: Styvingstrea vart friserte LINK 

19.februar:  Hovslagar Odd Rune til gards :-) LINK

 

 Tussi er reiseklar.

 

Veldig kjekt med veninne som har samme interesser :-D

14.februar: Alle hestane vart vaksinerte :-) No skal eg ha dei i rute, samtidig! 

Tidleg i februar sovna snille og gode Nøffeline inn, 12 år gamal.  LINK

 

Det var aktiv start på nye året- eg starta tidleg 1.januar og køyrde til Gjøvik for å levere schäferkvalpen Elexus til ny eigar, og  ny "avlsokse", Galloway oksekalv, vart med heim.  LINK til bilete.

  Han har funne seg godt til rette.


Dyra på Naustvoll Gard 1.januar 2018 er:

Naustvoll Blesen - Dølahest, vallak, fødd i hagen min i 2005.  LINK

Jons Sølvi - Dølahest, avlsmerr, har hatt 4 føl her på garden, fødd i 2006. Drektig med Espeset Blåen.   LINK

Siri Hero - Fjordhest, avlsmerr, har hatt 7 flotte føl, no drektig med Severin.  Ho er fødd i 2000. LINK

Naustvoll Tina - Dølahest, fødd i 2014, drektig med Skjåk Balder. LINK

Naustvoll Bajas er hjå Birthe, men han har eiga side her LINK  (Birthe er òg med i Kennel Citagarden)

Esel - Matahari med barna, Timmi (son) og Tussi (datter).

Gamalnorsk Spelsau, 18 lamsauer og 1 kåra vèr.

Minigrispurka "Nøffeline" - ho er blitt ei gamal dame, 12 år.

Storfe - 0053 med kvigekalven og innkjøpt Galloway black-belted oksekalv.

Kaniner og marsvin :-)

I tillegg til desse husdyra er det akkurat no 4 schäferhundar.  Eg driv oppdrett under kennelnamnet "Citagarden" LINK


 
   



Nytt på sidene 12.08.2018
Ny filmar på filmsida
12.08.2018
Oppdatert gardsbok 2018
12.08.2018
Bilete av Naustvoll Bajas
12.08.2018
Gratulerer med 1årsdagen :)
14.07.2018
Ezra er flytta
06.07.2018
Oppdatert om Schäferavl.
05.07.2018
Oppdatert Enzo
22.06.2018
Oppdatert gardsbok 2018
21.06.2018
Raseklubben - ekskluderer det dei ikkje likar?
07.06.2018
Fleire filmar