Naustvoll Gard VIDEO - FILM Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt Kontakt
1882189 besøkande
sidan 6. okt 2012

Velkomen til kennel Citagarden

 

 

 

Kennelen min heiter Citagarden, og er på Naustvoll Gard i Balestrand kommune.

Målet er å avle fram friske, anatomisk korrekte, oppmerksame, lærenemme team-arbeidarar.  Hundane skal vere omgjengelege og stødige, men trenge føraren sin og ville samarbeide.  Dei som ønskjer hundar som treng å vere skarpe, må finne annan kennel.   

Eg brukar hundar som er frå veldokumenterte og friske kull.  Om ein hannhund er bra, treng ikkje kullet hans å vere bra.  Eg unngår hannar frå kull med mørketal. 

Det må vere kjend mental status både på hannhund og kullet hans.   Hundane skal vere førbare, med drifter og konsentrasjon som varer. Då har eg lyst å bruke dei på tispene mine, som eg veit mykje om :-) 

Som alle veit er ingen hund feilfri, så kva ein vil prioritere, akseptere og ta omsyn til er subjektivt.   Eg lagar aktive hundar som eg vil ha sjølv.   

Det er oppdrett i liten skala, A-kull 2008, B-kull 2012, C-kull i 2015, D- og E-kull i 2017.    

Fine YouTube filmar av rasen   LINK   LINK

     

Litt om min bakgrunn:  Eg hadde hannhundar frå 1988, først Terveren, så schäfer sidan 1990.  I 2001 kom første tispa mi, Brandfjellets Cita, som fekk fram interessen for oppdrett i meg. Vi gjennomførte utstilling, lydighet, karaktertest, avls- og brukshundkåring, vi tok ferdselsprøve, uthaldsprøve, RIK grunnkurs og figurantkurs.  Cita var avlskåra i Kkl1 og brukskåra, HD og AA fri, og var ei aldeles herleg tispe.  Cita fekk ikkje kvalpar, men er opphavet til kennelnamnet. 

Neste tispe skulle vere ein god avlshund!  Eg leita lenge, og fekk tilbod om fleire hundar.  Eg venta på den "rette".   Og: Ein dyktig person som har gode kunnskapar om linjer, sjukdomar og brukseigenskapar, tipsa meg om Eva.  Frå eg fekk vite om Eva til vi var på veg heim, gikk det 11 dagar.  Andre tispa som vart kjøpt utifrå tillit.  

Min "offentleg godkjende" bakgrunn:

Rik Grunnkurs, NSchK avd. SogFj/NKK 2002

Rik Figurantkurs, NSchK avd SogFJ/NKK 2007

Oppdretterskolen, Genetikk og avl, NKK 2009

Oppdretterskolen, Kynologikurset, NKK 2011

Eg har 60 stp biologi, fysikk og kjemi frå Høgskulen i Bergen.

Kennel Citagarden - Fci-godkjend 2008 

 

 Eva og Agera mai 2011                             Bibbi Eva Bexi mars -13  

       

B-kull 2012: Bezzi, Bibbi, Eva og Bexi.                             

 

Cita, Eva og A-kvalpar 2008.

 

Teo (1988 - 2002, han vart 14,4 år) og første tispa mi Cita.  Bilete frå 2002.


Det er mange meiningar om avl  - her er litt fakta:

2017: Gode artiklar frå Louis Donald

Han har mange gode artiklar, sjå på menyvalet øverst. Det ligg artiklar på årstal. 

Breeder - German Shepherd - Der deutsche schäferhund - Balestrand - puppy - working dog - resque -

   



Nytt på sidene 15.11.2018
Sal av hundemat - Sportsmans Pride
01.11.2018
Oppdatert gardsboka
31.10.2018
E-Kaizer - Oppdatert side HD/AD
21.10.2018
Nye filmar lagt inn på FILMSIDA
21.10.2018
Direktelink Kløvjing på fjellet
15.09.2018
Link til film av Naustvoll Bajas
11.09.2018
Nye prisar - Sportsmans Pride
26.08.2018
Hingsteføl til sals.
26.08.2018
Gratulerer til Birthe og Bajas , som fekk sløyfe på utstilling.
12.08.2018
Ny filmar på filmsida