INN PÅ TUNET - LIVDI Naustvoll Gard Hestar Naustvoll-hestar Naustvoll Luna Naustvoll Lena Naustvoll Hetti Jons Sølvi Naustvoll Tina Siri Hero Hestad Tina Minne - hestar Minne - Blesen Minne - Junior Minne - Lukas Naustoll Bajas Naustvoll Lurven Naustvoll Balder Naustvoll Grabben Naustvoll Supergut Naustvoll Tinus Naustvoll Odin Naustvoll Timon Naustvoll Luringen Hest - Vinter Biletalbum VIDEO - FILM Citagarden kennel Citagardenkull Kontakt
4051201 besøkande
sidan 6. okt 2012

Velkomen til kennel Citagarden - Avl av bruksschäfer

 

Kvalpar frå Kennel Citagarden passar for deg som skal

  • trene lydighet/bruks, vere med på konkurransar og ha ein god kamerat 
  • trene/godkjenne redningshund i Norske Redningshunder Serie om Norske Redningshunder

Om du vil stå på venteliste - ta kontakt - fortel om deg sjølv, din hundeerfaring og gje meg referansepersonar.  Kvifor ønskjer du hund frå Citagarden?  Kva planar har du med hunden?  NB:  Les her først:  LINK

Bilete over - haust 2021 - frå venstre: Cherie, Bexi, Ira, Ezra, Gaia og Chakka - alle Citagarden.

Ja Captain Max von Stephanitz- det skal eg gjere så godt eg kan. 

 

 

Kennel Citagarden, Fci-godkjent 2008.  Rasestandard for schäferhund. (NB-kjem opp som pdf-fil frå NKK - trygg å opne)

Målet er å avle fram friske, anatomisk korrekte, oppmerksame, lærenemme team-arbeidarar.  Hundane skal vere omgjengelege og stødige, men trenge føraren sin og ville samarbeide.     

Eg brukar hundar som er frå veldokumenterte kull.  Om ein hannhund er bra, treng ikkje kullet hans å vere bra.  Eg unngår hannar frå kull med mørketal.   

Det må vere kjend mental status både på hannhund og kullet hans.   Hundane skal vere førbare, med drifter og konsentrasjon som varer. 

 

Ingen hund er feilfri.  Det kan ligge recessive gen, som eg ikkje har kontroll på.  Om eg skal unngå absolutt alt som kan skje, er det ingen å avle på.  Kva ein vil prioritere, akseptere og ta omsyn til er subjektivt.    Eg vel å vere open når det dukkar opp "feil" på eigne hundar.  Oppdrettarar som påstår at deira linjer er heilt utan sjukdom/defektar trur eg ikkje på.  Etter menneske har hundar den høgaste førekomsten av arvelege sjukdomar.  Så det er klart at helse er viktig i avl. Det er fleire prosjekt i dei nordiske landa, der dei forskar på genetiske avvik, for å finne årsaker til ulike nevrologiske og autoimmune sjukdomar.    (Her er ein link om helse på hund LINK)

Hundane på bilete er f.v:  Chakka, Enzo, Bexi og Ezra - alle fødd i Citagarden - bilete frå 2018 :)

Avl i kennel Citagarden er på eigne oppdretta hundar i fleire generasjonar.

Bexi, Chakka og Cherie er etter "ukjende", men gode hannhundar som ikkje er brukt i avl av andre.   

       

Litt om meg:  Eg har hatt hannhundar frå 1988, Tervueren og schäfer sidan 1990.  I 2001 kom første tispa mi, Brandfjellets Cita (etter Triumps Groucho-politihund og Brandfjellets Nadia), som fekk fram interessen for oppdrett i meg. Vi gjennomførte utstilling, lydighet, karaktertest, avls- og brukshundkåring, vi tok ferdselsprøve, uthaldsprøve, RIK grunnkurs og figurantkurs.  Cita var avlskåra i Kkl1 og brukskåra, HD og AA fri, og var ei aldeles herleg tispe.  Cita fekk ikkje kvalpar, men som første tispe, er opphavet til kennelnamnet Citagarden. 

Neste tispe skulle vere ein god avlshund!  Eg leita lenge, og fekk tilbod om fleire hundar.  Eg ville ha "bruksschäfer", "gråschäfer", ikkje frå utstillingslinjer.   Eg venta på den "rette".   Og så fekk eg telefon frå Aina, som har gode kunnskapar om linjer, sjukdomar og brukseigenskapar, som tipsa meg om Eva.  Eva var fødd i Italia, hadde hatt eit kull der og var i Danmark hos John Jabina, der ho hadde hatt eit kull i kennelen hans.   Så ho er stammora til alle Citagardenhundane.  Etter det har eg avla vidare på Bexi, og eg har no "kontroll på" 4 generasjonar.  

Min "offentleg godkjende" bakgrunn:

Rik Grunnkurs, NSchK avd. SogFj/NKK 2002 - Roar Kjønstad

Rik Figurantkurs, NSchK avd SogFJ/NKK 2007 - Arvid Hagen

Oppdretterskolen, Genetikk og avl, NKK 2009 - Astrid Indrebø m.fl.

Oppdretterskolen, Kynologikurset, NKK 2011

Kennel Citagarden - Fci-godkjend 2008 

 

 Eva og Agera mai 2011                             Bibbi Eva Bexi mars -13  

       

B-kull 2012: Bezzi, Bibbi, Eva og Bexi.                             

 

Cita, Eva og A-kvalpar 2008.

 

Teo (1988 - 2002, han vart 14,5 år) og første tispa mi Cita.  Bilete frå 2002.


Breeder - German Shepherd - Der deutsche schäferhund - Balestrand - puppy - working dog - resque -

   



Nytt på sidene 14.06.2022
Garden vår
14.06.2022
Inn på Tunet
14.06.2022
Nytt liv på garden
26.05.2022
Citagardens K-kull
22.02.2022
Citagardens J-kull
01.01.2022
Nye filmar
11.12.2021
Oppdatert om kennelen.
19.11.2021
Om du er på leit etter schäfer - det er ikkje berre "rett rygg" som er forskjel på bruksschäfer og utstillingslinjer
01.11.2021
Oppdatert HD/AD resultat
19.10.2021
Gratulerer til Daniel og Felix (Faragon) med kl B i NRH !