Naustvoll Gard VIDEO - FILM VIDEOSNUTTAR Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
2262319 besøkande
sidan 6. okt 2012

BH Citagardens ENZO

Enzo er fødd 25.09.2017

HD A  AD 0. 

Utstilling: Very Good (14 mnd)

Bestått Ferdselsprøve BH (18mnd)

Gjennomført unghundbeskriving MH (18 mnd)

  22 mnd. 

Enzo på ferie BILETE LINK -juli 2019. 

  18 mnd

  Snart 16 mnd.

     15 mnd.


31.mars 2019, Nyborg:  Mentalbeskrivelse unghund MH, Norsk Dobermannklub-Bergensgruppen, dommarar:   Ronny Eliassen og  Bente Line Nordtveit. 

Etter ferdselsprøva, på veg til ny overnatting, måtte vi ha oss ein byvandring :)  Eg hadde med meg Dakota, som òg skulle på MH.

     

30.mars 2019, Grimseid:  RIK, Ferdselsprøve BH, Norsk Schäferhundklub avd. Bergen.  Dommar:  Kari Meyer Myrland.
 

  Bestått :)


3.mars 2019 - FILM frå garden, der Enzo og Bexi er med LINK


Enzo vart stilt i juniorklasse hannhund på Dogs4all i Lillestrøm, 17.november 2018.

Dommar var Kirsi Tevalin frå Finland. 

Han fekk VG, (Very Good - Meget god) i kvalitetsklasse.  Hund som godt tilsvarer rasens standard, som er velbalansert og i god kondisjon. Mindre feil kan tolereres, men ingen som negativt påvirker helhetsinntrykket. Denne premieringen kan kun gis til hund av meget god kvalitet.

Han vart røntka 27.september (1 år og 2 dagar gamal - eg klarar ikkje vente lenger) og er avlest til HD A og AD 0. 

 

Bilete frå 1. og 8.september - snart 1 år :)

 9 1/2 mnd - 5.juli 2018.

 Enzo, søster, storesøster og mor.


Vi reiste til Bergen 27.april, til hotellopphald, NSchK avd. Bergen sine 2 utstillingar og anna kjekt.

Laurdag 28.april stilte eg Enzo for Kjell Pollestad, og Enzo fekk Meget Lovende :)  Det hadde eg ikkje trudd :D  LINK til kritikk.

Søndag 29.april stilte eg Enzo i utstilling etter tysk mønster, for Leif Belgen.  Då fekk han Lovende, det var forventa :D  LINK til kritikk.

  

  LINK TIL ALBUM


22.april 2018:  Vi reiste på kvalpeskue på Nordfjordeid.  Vi tenkte at det er super sosialisering og at det kunne vere kjekt med ein tur.  Der var mange ulike rasar.  Enzo var super.

Enzo var påmeld i 6-9 mnd, hann og fekk denne kritikken:

 


Enzo er frå eit kull, med 4 hannar og 4 tisper.  Han er chippa, registrert i NKK, vaksinert og revaksinert, har helseattest (testiklane nede) og han har pass.  Han er ein triveleg kar, som er sosial, nyskjerrig og roleg. 
Han skal ha ein førar som passar.  Dvs ein person som trener hund, i redning eller bruks.

Han er 5 mnd, stor, roleg, likar å vere med, glad i folk, går fint med andre hundar, førarveik og lett å lede.  For tida i tannfelling og med hengande øyre.

Enzo vert her førebels.  Om du leitar etter hund og lurer på om han og du passar som team, kan du ta kontakt. 

  

Enzo er ein stor kar, som tek verden inn på ein roleg måte.  Han er ikkje av den tøffe typen, som oppsøker aktivt, men han godtek alt.  Eg trur han vert mykje hund, men samtidig mild nok til at han vert ein god hund å føre. 

Om du vil ha samarbeid med meg, er eg interessert i ein spesiell avtale.

FAR:
Hedeforsens Lexus
HD B AD 0  MH, VH - Vektarhund i teneste
KORAD (Avlskåra i Sverige)  
I Svensk avlsldatabase ligg det solid oversyn kullsøsken, HD/AD, mental status mm. 

MOR:
Citagardens Bexi:
HD A AD 0  HD-Index: 118,21 
Gjennomført MH (mentalbeskriving).
Bestått Ferdselsprøve og Uthaldsprøve.
Går i LP 2.
G - Utstilling etter tysk mønster.
Avlsgodkjent i NSchK.

Bexi har eit kull etter seg, Citagardens C-kull, som var fødd 28.januar 2015.  11 kvalpar, 9 stk HD A/B  1 stk HD E, alle AD 0  (Sjå eiga side om HD/AD/MH.)

Mi personlege meining om Bexi (mor til Enzo), 6 år gamal:
Opa tilgjengeleg tispe. Frisk og ærleg hund.  Stor byttedrift, middels til stor kamplyst, livleg - litt for livleg av og til - kan kome lyd, ho har stor forsvarslyst men ikkje tyngde bak.  Har lite jakt.  Ho er førarveik og difor lett å trene, har lite mot - treng førarstøtte i truande situasjonar, svært god avreagering, handterbar, lett å få fram i leik, ivrig på ball/kong (men eg brukar det sjelden)  Elskar å vere med på alt, alltid klar - likar å trene, blir aldri sliten. Samansetninga av driftene gjere ho til ein førbar hund, god teamarbeidar og kamerat :-)  Inne er ho heilt roleg. Viste seg som ei svært god mor, for C-gjengen.
Andre har vurdert bittet hennar som godt og fast :-)

   



Nytt på sidene 15.09.2019
Naustvoll Odin er flytta ut :)
15.09.2019
Fine bilete av Citagardens Chiwa "Cira"
15.09.2019
Åringsvallak til sals
12.09.2019
Oppdatert HD/AD/MH
07.09.2019
Neste kull i Citagarden
29.08.2019
2 nye filmar på filmsida Citagardens E-Kaizer og Citagardens Charlie "Zaco"
29.07.2019
Ny film - hestebading
29.07.2019
Bilete av Ezra
29.07.2019
Bilete av Citagardens Enzo
06.07.2019
GRATULERER til Tina og Ezra