Naustvoll Gard Startside Kvamsøy Historie Om meg Gardsbygging/arbeid Landbruk????? Gardsbok 2010 og 2011 Gardsbok 2012 Gardsbok 2013 Gardsbok 2014 Gardsbok 2015 Gardsbok 2016 Gardsbok 2017 Gardsbok 2018 Gardsbok 2019 Hest - Vinter Hest - Jons Sølvi Hest - Tina Hest - Siri Hero Hest - Bajas Hest - Tinus Hest - Odin Hest - Hessa Jakt Minne - storfe Minne - hestar Minne - Blesen Minne - Junior Minne - Lukas Hest - Lurven Hest - Balder VIDEO - FILM Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
2116702 besøkande
sidan 6. okt 2012

BH Citagardens ENZO

Enzo er fødd 25.09.2017

HD A  AD 0. 

Utstilling: Very Good (14 mnd)

Bestått Ferdselsprøve BH (18mnd)

Gjennomført unghundbeskriving MH (18 mnd)

  18 mnd

  Snart 16 mnd.

     15 mnd.


31.mars 2019, Nyborg:  Mentalbeskrivelse unghund MH, Norsk Dobermannklub-Bergensgruppen, dommarar:   Ronny Eliassen og  Bente Line Nordtveit. 

Etter ferdselsprøva, på veg til ny overnatting, måtte vi ha oss ein byvandring :)  Eg hadde med meg Dakota, som òg skulle på MH.

     

30.mars 2019, Grimseid:  RIK, Ferdselsprøve BH, Norsk Schäferhundklub avd. Bergen.  Dommar:  Kari Meyer Myrland.
 

  Bestått :)


3.mars 2019 - FILM frå garden, der Enzo og Bexi er med LINK


Enzo vart stilt i juniorklasse hannhund på Dogs4all i Lillestrøm, 17.november 2018.

Dommar var Kirsi Tevalin frå Finland. 

Han fekk VG, (Very Good - Meget god) i kvalitetsklasse.  Hund som godt tilsvarer rasens standard, som er velbalansert og i god kondisjon. Mindre feil kan tolereres, men ingen som negativt påvirker helhetsinntrykket. Denne premieringen kan kun gis til hund av meget god kvalitet.

Han vart røntka 27.september (1 år og 2 dagar gamal - eg klarar ikkje vente lenger) og er avlest til HD A og AD 0. 

 

Bilete frå 1. og 8.september - snart 1 år :)

 9 1/2 mnd - 5.juli 2018.

 Enzo, søster, storesøster og mor.


Vi reiste til Bergen 27.april, til hotellopphald, NSchK avd. Bergen sine 2 utstillingar og anna kjekt.

Laurdag 28.april stilte eg Enzo for Kjell Pollestad, og Enzo fekk Meget Lovende :)  Det hadde eg ikkje trudd :D  LINK til kritikk.

Søndag 29.april stilte eg Enzo i utstilling etter tysk mønster, for Leif Belgen.  Då fekk han Lovende, det var forventa :D  LINK til kritikk.

  

  LINK TIL ALBUM


22.april 2018:  Vi reiste på kvalpeskue på Nordfjordeid.  Vi tenkte at det er super sosialisering og at det kunne vere kjekt med ein tur.  Der var mange ulike rasar.  Enzo var super.

Enzo var påmeld i 6-9 mnd, hann og fekk denne kritikken:

 


Enzo er frå eit kull, med 4 hannar og 4 tisper.  Han er chippa, registrert i NKK, vaksinert og revaksinert, har helseattest (testiklane nede) og han har pass.  Han er ein triveleg kar, som er sosial, nyskjerrig og roleg. 
Han skal ha ein førar som passar.  Dvs ein person som trener hund, i redning eller bruks.

Han er 5 mnd, stor, roleg, likar å vere med, glad i folk, går fint med andre hundar, førarveik og lett å lede.  For tida i tannfelling og med hengande øyre.

Enzo vert her førebels.  Om du leitar etter hund og lurer på om han og du passar som team, kan du ta kontakt. 

  

Enzo er ein stor kar, som tek verden inn på ein roleg måte.  Han er ikkje av den tøffe typen, som oppsøker aktivt, men han godtek alt.  Eg trur han vert mykje hund, men samtidig mild nok til at han vert ein god hund å føre. 

Om du vil ha samarbeid med meg, er eg interessert i ein spesiell avtale.

FAR:
Hedeforsens Lexus
HD B AD 0  MH, VH - Vektarhund i teneste
KORAD (Avlskåra i Sverige)  
I Svensk avlsldatabase ligg det solid oversyn kullsøsken, HD/AD, mental status mm. 

MOR:
Citagardens Bexi:
HD A AD 0  HD-Index: 118,21 
Gjennomført MH (mentalbeskriving).
Bestått Ferdselsprøve og Uthaldsprøve.
Går i LP 2.
G - Utstilling etter tysk mønster.
Avlsgodkjent i NSchK.

Bexi har eit kull etter seg, Citagardens C-kull, som var fødd 28.januar 2015.  11 kvalpar, 9 stk HD A/B  1 stk HD E, alle AD 0  (Sjå eiga side om HD/AD/MH.)

Mi personlege meining om Bexi (mor til Enzo), 6 år gamal:
Opa tilgjengeleg tispe. Frisk og ærleg hund.  Stor byttedrift, middels til stor kamplyst, livleg - litt for livleg av og til - kan kome lyd, ho har stor forsvarslyst men ikkje tyngde bak.  Har lite jakt.  Ho er førarveik og difor lett å trene, har lite mot - treng førarstøtte i truande situasjonar, svært god avreagering, handterbar, lett å få fram i leik, ivrig på ball/kong (men eg brukar det sjelden)  Elskar å vere med på alt, alltid klar - likar å trene, blir aldri sliten. Samansetninga av driftene gjere ho til ein førbar hund, god teamarbeidar og kamerat :-)  Inne er ho heilt roleg. Viste seg som ei svært god mor, for C-gjengen.
Andre har vurdert bittet hennar som godt og fast :-)

   



Nytt på sidene 12.05.2019
Oppdatert gardsboka 2019
17.04.2019
Oppdatert filmsida
17.04.2019
Ny filmsnutt av Odin og Sølvi
14.04.2019
Bilete frå MH Elektra og Evito
14.04.2019
Bilete frå FP og MH Enzo
14.04.2019
Oppd. Dakota
06.04.2019
Oppdatert gardsbok 2019
06.04.2019
Oppd. HD/AD/MH-sida
08.03.2019
Ny side Hestad Tina
20.02.2019
Ny side Odin