INN PÅ TUNET - LIVDI Naustvoll Gard Historie Startside Garden vår Om meg Gardsbygging/arbeid Landbruk????? Gardsbok 2010 og 2011 Gardsbok 2012 Gardsbok 2013 Gardsbok 2014 Gardsbok 2015 Gardsbok 2016 Gardsbok 2017 Gardsbok 2018 Gardsbok 2019 Gardsbok 2020 Gardsbok 2021 Gardsbok 2022 Minigris Minne - storfe Jakt Hestar Biletalbum VIDEO - FILM Citagarden kennel Citagardenkull Kontakt
4934601 besøkande
sidan 6. okt 2012

Historie

Garden vart vår etter odelsrettsak.  Vi fekk skøyta på garden i oktober 1991.

Enka på garden selde den til svigerfar min i 1981.  Men svogeren til enka tok den tilbake på odel. Han var pensjonist og hadde ingen etterkomarar, og ville heller ikkje bu på eller drive garden.  I ti år vart det berre jakta i skogen og dyrka eit 4 daa felt med jordbær.  Bu og driveplikt var lett å få utsetjing på.  Garden grodde godt til på desse åra.  Det var dei to same personane som møttest i ny rettsak.  Ubehagelege greier.  Men, garden vart vår, takka vere svigerfar.

Vi starta med rydding av beite.  Sette opp gjerde, dyr måtte hjelpe oss med å pleie landskapet.  Eg hadde hundane, sauer, villsvina Petra og Piggy, høns og kaniner.  Sommaren -92 var første barnegruppa på besøk.   I  1993 kjøpte eg dei første hestane.  Heidalsraua, ei nydeleg raud Dølamerr, og Junior, ein Fjordhest åringshings. Låven knakk saman sommar 93, men eg dekka til golvet på låven med presenning, og det vart flott tak i fjøsdelen.  Men det var tungt arbeid.  Eg måtte bere opptil 15 bøtter vatn dagleg den verste tida, for då fraus det etter kort tid. Surt og kaldt slit, men tørt og lunt inne med dyra.  God atmosfære når det var reint.  God lukt av høyet, nydryssa sagflis hos hestane, roleg og fornøgd tygging, då vart slitet gløymt.

Svigerfar hjelpte oss med riving og oppussing av garden, var med Arne i skogen for å skaffe tømmer til driftsbygningen, hjelpte Arne på saga og barka villmarkspanelen. 

Vi bygde ny driftsbygning i 94.  Gjerda inn beite, hadde gode og mindre gode erfaringar på alle område, både byråkratisk og med dyra.  Beitelandskapet på garden var overgrodd,  særleg Or og Ask.  Dyra likar ikkje Or, så den var vanskeleg å bli kvitt.  Mange tidlegare styvingstre hadde vokse så mykje at dei snart ville knekke.  Murar var overgrodde, store tre voks inn i dei - det var rikeleg å ta fat på.  Eg laga ein restaurerings- og skjøtselsplan for garden.  Den har vi følgd punkt for punkt.  Vi har rydda beite, restaurert styvingstre, laga nye styvingstre, sikra murar og brukar, greve grøfter....  dyra vart brukt systematisk etterpå som beitepleiarar.

Svigerfar var til god hjelp med dyra, -kva eg skulle gjere om det var problem med lamming, han lærte meg korleis eg skulle slakte, korleis skinnet skulle knuast av, korleis vi skulle få vekk grisebusten og korleis den skulle opnast.....  I tillegg var han med på graving og støyping...  slipte ljåen...  fantastisk læremeister og veldig god hjelp.   Mora hans var frå garden - oldemor til barna mine.  Så vi høyrer faktisk til her....

   



Nytt på sidene 15.03.2023
NY webside for Kennel Citagarden
15.03.2023
NY webside for Naustvoll Gard - Livdi
14.06.2022
Garden vår
14.06.2022
Inn på Tunet
14.06.2022
Nytt liv på garden
26.05.2022
Citagardens K-kull
22.02.2022
Citagardens J-kull
01.01.2022
Nye filmar
11.12.2021
Oppdatert om kennelen.
19.11.2021
Om du er på leit etter schäfer - det er ikkje berre "rett rygg" som er forskjel på bruksschäfer og utstillingslinjer