Naustvoll Gard Historie Startside Kvamsøy Historie Om meg Gardsbygging/arbeid Landbruk????? Gardsbok 2010 og 2011 Gardsbok 2012 Gardsbok 2013 Gardsbok 2014 Gardsbok 2015 Gardsbok 2016 Gardsbok 2017 Gardsbok 2018 Gardsbok 2019 Gardsbok 2020 Gardsbok 2021 Jakt Minigris Minne - storfe VIDEO - FILM Hestar INN PÅ TUNET Naustvoll Gard Skule Citagarden kennel Citagardenkull Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
3511652 besøkande
sidan 6. okt 2012

Hald på draumen din ...

Som lita jente drøymde eg om gard med mange dyr.  I 1992 var hundar, hest, ulike husdyr og fjærkre ein realitet.  Besøksgarden Naustvoll tok form og mange hundre menneske har fått oppleve dyra på nært hald.

Vi kjøpte garden i 1991.  Den hadde lege brakk ei tid, så det var falleferdige bygningar og urskog på beitet.  Lauvskogen tek raskt tilbake beitelandskap som ikkje vert halde i hevd.  Interessa for dyr var så sterk, at dyra kom før ny driftsbygning.  Sidan dyra alltid har fått leve naturleg, med mykje utegang, vart grunnmuren til driftsbygningen huset deira.  Men det var tungvindt for meg med foring og vatn.  Har vel aldri slite så mykje. 

Dei første dyra på garden var Pirreline, eit lam med e-vitaminmangel som hundane mine fann på fjellet, og dei to villsvina Petra og Piggy.  Så auka det på med høns, kaniner og hestar.  For å drive skikkeleg jordbruk måtte vi skaffe oss produksjonsdyr.  Storfe og sau kom på garden, og vi har levert mange kg kjøt gjennom åra.

Gardslandskapet var overgrodd.  Vi har brukt mykje tid på å restaurere det.  Styvingstre, gamle murar, delar av gamlevegen gjennom Kvamsøy og ein husmannsplass.  Verdifull historie.  Vi ønskjer at besøkande skal få sjå kulturlandskapet og bli klår over kor raskt naturen tek det tilbake.

Naustvoll Besøksgard har sidan 1992 teke imot barnegrupper frå barnehagar og skular, og gjeve barna opplevingar med dyra.  Vi har vore besøksheim for søskengrupper.  Garden har vore open for turistar og andre besøkande i ledige periodar.  Sidan 1999 har garden vore arbeidsplass  for personar som ikkje kan vere i ordinært yrkesliv.  Vi har hatt skuletilbod for elevar sidan 2001.

No er garden godkjent som arbeidsplass og skule, innanfor det området som har fått namnet "Inn på tunet", i tillegg til litt sauedrift og avl på Dølahest og Fjordhest. 

   
Dyr har alltid fenga meg.
Sauer er ålreite dyr.
Villsvinet Petra med ungane sine og nokre av Piggy sine. Dei hadde 7 stk kvar.



Nytt på sidene 19.10.2021
Gratulerer til Daniel og Felix (Faragon) med kl B i NRH !
02.10.2021
Fabbe gjennomført mentalbeskriving hund MH - flott test
30.08.2021
Kulloversyn G, H, I
30.08.2021
Side kulloversyn A-F
30.08.2021
Citagardens Faqima HD A og AD 0 - jippi :)
31.07.2021
I-kullet 7 veker
20.07.2021
G-kullet :)
13.07.2021
Inn på tunet
19.06.2021
Oppdatert gardsbok 2021
19.06.2021
Naustvoll Luringen