Naustvoll Gard Startside Kvamsøy Historie Om meg Gardsbygging/arbeid Landbruk????? Gardsbok 2010 og 2011 Gardsbok 2012 Gardsbok 2013 Gardsbok 2014 Gardsbok 2015 Gardsbok 2016 Gardsbok 2017 Hest - Vinter Hest - Jons Sølvi Hest - Blesen Hest - Tina Hest - Siri Hero Hest - Bajas VIDEOSNUTTAR Jakt Minne - storfe Minne - hestar Minne - Lurven Minne - Junior Minne - Lukas Hest - Balder Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
1415229 besøkande
sidan 6. okt 2012

Gardsbok 2017


21.september.  Levert 13 lam til Nortura.

   

Sum vekt 202,80 kg
Snitt klasse R-
Snittvekt 15,60 kg                    
Snitt fettklasse 3

3.september: Eg har meldt inn lam til Nortura. 

 

 Gamalnorsk Spel.

SOMMARALBUM LINK 

4.august: Dette kom i posten i dag.  Kjekt.

 

2.august:

 

 

JAAA!  SIRI HERO er drektig med SEVERIN.

1.august: Henta 3.lasset med høy.   

30.juli:  Henta 2.lasset med høy 

10.juli: BEITEPUSSING på fulldyrka skifte + henta første lasset med høy.

4.juli:  Kontrollør Arve Heimdalkom på revisjon for KLS, MATMERK - Inn på tunet. 

OKSE TIL SALS - LINK til annonse på Finn.no

Okse til sals.

25.juni beitar sauer, lam, esel, storfe og hest på Naustneset.  No gror graset enormt, og alle munnar må jobbe :-)

Siri Hero er reist på friarferd til Severin, som er i Ørsta nokre veker.  Severin er lys brunblakk med 2.pr Nordfjordeid 06.05.2017  Han er ein rasetypisk hingst av god type med godt kjønnspreg og pent hovud.  Eg håpar det vert eit fjordhestføl vår 2018 på Naustvoll Gard!

 

  

Dei to nedste bileta er frå hingstekatalogen

Dølamerra Jons Sølvi gikk tom i år, så ho er på nytt besøk til Espeset Blåen i Hallingdal. 

Tina er til trening i Sogndal, der det er flinke jenter og ein kar ;-)  Planen er at ho skal stillast i september, på arrangementet til Sogndal Hestealslag.

Juni: Gardsbesøk frå barnehagar og skule.

31.mai: IVOMEC til esel.

Det er veldig vemodig, men det kjennest rett likevel.  Storfè-flokken er redusert frå 9 til 3 dyr.  Onsdag 24.mai, samla eg flokken og skilde frå to kyr med kalvane deira, ei kvige og storoksen, slik at dei var klare for avreise torsdag 26.mai.

 

 Desse reiste i ein hengar.

 Vi hadde desse tre.

Torsdag 26.mai vart 3 av dyra henta i ein hengar, medan Arne og eg tok med oss dei andre 3.  Alle skulle til Voss.  Dei kom inn i flokken til dei to Gallowaykyrne eg selde tidlegare.  Det var godt å sjå kor fint liv dei får framover, ved Oppheimsvatnet og fjella rundt.


23.mai: VALBAZEN til sauene og vèren.

13.mai: I natt har det vore mår, rev eller katt inne i fjøsen og drept 2 marsvin.  Heldigvis har mange klart å gøyme seg. No vert det hurtigbygging :-) for dette kan ikkje skje igjen.

12.mai: Papirarbeid - EIGENREVISJON. 

3.mai: SISTE LAMMING 2017 - 8003 fekk 1 rosete sl.   

29.april:  KALVING 0054 fekk kalv på beitet.  Kalven ligg og trykker, akkurat som hjorten.  Vanskeleg å finne.  Eg veit ikkje om det er kvige eller okse enno. 

 

Godsauen nr.10021 fekk seint om kvelden, 1 brunt vl og 1 svart sl.  Kjekt å gå til ro for kvelden når alt er ok :-)

27.april om kvelden:  Sjølv om eg har sauer som klarar seg godt åleine, har gode instinkt og er flinke mødre, så kan det vere feilstilling.  Nr. 80003 skulle lembe, og viste at det var vanskeleg.  Eg sjekka, og kjende at lamma låg dobbelt.  Eg såg to bein og kjende ein snute.  Men det var bakbeina til eit lam, og snuten til eit anna.  Stakkars mor, ho var prisgitt å få hjelp.  Sjølv om det er vondt, må det handlast.  Veterinær er i Vik kommune, det tek lang tid å køyre + ferje, så vi må som oftast ordne sauer sjølve.  Eg pressa det eine lammet innover i sauen igjen, samtidig som eg prøvde å trekke det med bakbeina ut.  Det var heftig, men det første lammet måtte "passere" og eg måtte bruke makt.  Eg rekna med at det vart skadar på første lammet, så det tok vi med ein gong.  Eit stort nydeleg brunt sauelam som ikkje fekk nyte våren.  Alltid trist.  Det andre lammet låg med hovudet og ein fot fram.  Ofte prøver vi å få tak i andre foten, men eg vurderte det slik at sauen var "utvida" nok til at skuldra til lammet kunne passere. Det gikk bra.  Sauen var medteken.  Eg var der ein times tid, gav mat til sauen og såg til at det gikk bra.  Sauen har alltid vore god mor, og slikka og dulla med lammet, medan ho låg.  Etter ei stund kom ho seg på beina, og etter litt tid fann lammet spena og det verka ok.   - Kommentar neste morgon 28.4:  Glede!  Sauen og lammet er i god form.  Det verkar som om det ikkje er noko gale med sauen.  Håpar det fortset slik.  Eg trur det var rett å kakke det første lammet, no har ho eit som er friskt å kose seg med.  (Men det er alltid vanskeleg å ta slike val)

27.april: Tidleg om morgonen i fjøsen fekk 60004 1 sl, 700015.  Mora ville ikkje stå i ro slik at lammet fekk suge, men det ordna seg då ho fekk ein "tryggare" plass.

26.april: Nr. 6082 som er 11år gamal fekk 1 vl 70013 og 1 sl 70014 om natta til 26.  Kvelden etter fekk 60010 1 sl, 70015, oppe på beitet - eg bar det nedatt i fjøsen, fordi det er litt tidleg å vere ute - kaldt om natta.

25.april: Nr. 90003 fekk Brunt sl 70011 og svart sl 70012

24.april: Nr.7057 fekk 2 sl 70006 og 70007 og 1 vl 70008, Nr. 1003 fekk 2brune sl 70009 og 70010.

23.april: Lamming: Gimmer nr. 60014 har fått 1 lam i natt, 70004.  Fantastisk mor.  Nr. 60007 har fått eit fint lam, 70005, i føremiddag :-)

 Nybakt mor, men gode instinkt :-)

 

21.april:  Lamming: Sau nr. 80014 fekk 2 fine veralam (70002 og 70003).  

20.april: Første lamming :-) Sau nr. 9006 fekk eit stort flott sauelam (70001). 

24.mars: Sauevaksinering. 

6.mars:  Saueklypping.  LINK

   

Sikkert vårteikn.  No er det å vente på at dei søte små skal kome til verda.  Sidan eg mista den først innkjøpte avlsvèren min, vert det litt seinare lammin enn tidlegare.  Den nye avlsvèren kom til flokken 27.november LINK  

1.mars:  Ku nr. 53 fekk ein fin raud kalv  :-)  LINK

 

25.februar:  Slakta eine oksekalven. 

21.februar kom hovslagar til gards :-) Beina til hestane var fine, men esela trengde absolutt manikyr.  Odd Rune har svært godt lag med dyra, og eg har veldig snille dyr :-) - så det gikk veldig fint. 

   

Kalven sine øyre er nydelege, og det er leitt at eg må sette merke i dei, men etter reglane skal kalvane merkast innan 7 dagar.  Så kalven er no blitt til nr. 0067. 

15.februar:  KALVING - gråkua nr. 044 fekk årets første kalv, nydeleg kvigekalv :-)  LINK

 VIDEO

15.februar:  Hestane fekk Ivomec vet. 1 tube kvar.  Hundane er med sjølvsagt :-)


Dyretal pr. 1.januar 2017:

Dølahestar: Naustvoll Blesen (2005) Jons Sølvi (2006) og Naustvoll Tina (2014) 1 Fjording: Siri Hero (2000)

Esel: Mor Matahari, sonen Timmi og dotter Tussi.

Småfè: 1 vèr, 8 sauer og 5 lam av rasen Gamalnorsk Spel.

Storfè: 1 okse, 3 ammekyr og 3 kalvar - reinrasa Galloway og litt miks.

2 minigrisar, Nøffeline og Nasse Nøff.

Marsvin og kaniner.

   



Nytt på sidene 10.12.2017
Så reiste Ettza - lukke til :)
09.12.2017
Så reiste Evito - lukke til!
01.12.2017
Side om kvalpane sitt liv vidare :-)
21.11.2017
Citagardens EZRA
20.11.2017
8 veker i dag :-) Ledige kvalpar til bruks/treningsinteresserte.
14.11.2017
Helsekontroll + alle fekk pass.
11.11.2017
Avlstispene - Citagarden
10.11.2017
Oppdatert kvalpesida :-)
07.11.2017
Oppdatert kvalpesida :-)
28.10.2017
Oppdatert kvalpesida :-)