Naustvoll Gard Startside Kvamsøy Historie Om meg Gardsbygging/arbeid Landbruk????? Gardsbok 2010 og 2011 Gardsbok 2012 Gardsbok 2013 Gardsbok 2014 Gardsbok 2015 Gardsbok 2016 Gardsbok 2017 Hest - Vinter Hest - Jons Sølvi Hest - Blesen Hest - Tina Hest - Siri Hero Hest - Bajas VIDEOSNUTTAR Jakt Minne - storfe Minne - hestar Minne - Lurven Minne - Junior Minne - Lukas Hest - Balder Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
1415217 besøkande
sidan 6. okt 2012

Livet på garden 2010 og 2011.

Det er strengt byråkrati rundt gardsdrifta.  HMS (Helse, miljø, sikkerhet) har sine krav, og KSL (KvalitetsSikring i Landbruket) har sine krav.  Dokumentasjon er kjempeviktig.  Eg brukar mine små blå notisbøker med tau i som heng på ein spikar, og skriv alt som skjer fortløpande.... veldig enkelt.  I posten kjem voldsomme systembøker, der eg omtrent treng sekretær for å fylle ut, finne fram i skjema og arkivere... det vert jo så mange hefte.  Eg trur sysselsettinga i byråkratiet rundt jordbruket aukar for kvar bonde som legg ned......

Kort om hendingar:

 
 2011:
 

 21.desember:  Veterinær som fylte ut papir til registrering av Naustvoll Lurven, chipmerking og dna-innsamling (hårprøve).  Ho tok blodprøve av Blesen, han har ødem under magen og ved kjønnsorgan.  Håpar inderleg at det ikkje er noko alvorleg gale.  Er litt bekymra...  Så tannrasping.

  

 

 

 17.desember: Julestemning ??????  

Hovslagar:  Lurven og Sølvi fekk  manikyr.  Sølvlin og Blesen fekk sko med broddar.

  Fine Lurven!!!

 

 

 

 

15.desember:  Veterinær:  Hestane vart vaksinert, vet kikka på Blesen - ødem? og kikka på pelsen til Matahari, men det er ikkje noko gale.

 

   

 

11.desember: Det er vinter :-)  Vi forar med tørrhøy, høyensilage og rundballar.  Største forskjel på dei to sistmnemnde, er måten graset er "pakka".  I rundballe er graset surra rundt og rundt, medan høyensilagen er pakka frå ein kant.  I høyensilagen kan eg lett ta av flak, legge dei i trillebår og køyre rundt.  Ein rundballe veg 300-700 kg, avhengig kor tørr den er.  Pris er 250-400 kr stk(+mva).  Høyensilage, dei firkanta plastpakkane, er 350-400 kg, og kostar 700-900 kr stk (+mva).  Det vert altså "ein del" tusenlappar i gras kvar vinter.

  

Arne køyrer ut rundballe med traktor.  (Eg har ikkje lært meg å køyre ein slik doning :-)

 

Glimt frå uteforing søndag 11.desember, eg var ute saman med det, og det vart mørkt halv fire... 

   

  

 

 

10.desember:  Leverte brosjyre og semesteroppgåve i studiet "Garden som pedagogisk ressurs og læringsarena" v/høgskulen i Molde.  
 9.desember:  Ferdig med HMS-kurs Inn på tunet.  Fin gjeng og svært matnyttige diskusjonar, når vi var på viddene ;-)

30.nov:  Første dag av HMS-Inn på tunet.  Kjekt med erfarne deltakarar:)

Har vore ufyseleg regnvèr og vind.  Alle hestane inne i fjøsen.  Redman og Matahari saman med lamma.

23.-25.nov:  Høgskulen i Molde.  Andre samling i studiet "Garden som pedagogisk ressurs og læringsarena".  No vert det intens og effektiv jobbing med prosjektskisse og brosjyre :) 

 

22.november:  Hestane samla på Hagevollane.  Lurven er i fin form:-) 

 

  

17.nov:  Torsdagsgjengen slakta veralam nr 10012.  Naturfag - hjerte, lunger, nyre.......... 

 Sølvi og Lurven i haustsola :-)

 13.nov:  Heile storfe-flokken ved forhekken, vetlekalven i fin form.  Banminth Pasta til Matahari og Redman. 

 12.nov:  Galloway nr 7016 fekk ein fin liten belta oksekalv.

  søt?

12.nov: Gav Lurven Banminth Pasta (150 kg)

 

 

3.nov:  Vi starta fòring i fòrhekken for storfea ved riksvegen.  Høyensilage og høy.  Nyyyydeleg -tykte eg dei møa...

Sølvi fekk Banminth pasta (ein dag i oktober). 

Alle lamma som skal leverast, er levert.  Flott resultat .  Dårlegaste lam var O- og beste lam var R.  Det er veldig godt resultat sidan dei er av rasen Gamalnorsk Spel.  (Rase med gode morsinstinkt, lette lammingar og gode beitepleiarar).

 Henta heim "Tuften" - no er han inne og endå snillare :-) 

 

27.oktober:  Lokka heim lam, som skal vidare til Nortura.

 

20.oktober:  Fekk høyensilage, 27 stk å 400 kg.  Har mat til dyra ei stund no :-)

19.oktober: Leverte 13 lam til Norturabilen.  Resten av saueflokken går ut/inn som dei vil.  God plass i fjøsen :-)

 

18.oktober:  Henta høyballar i hestehengaren. Mykje god mat :-) 

 

Sauaklypping.  Sølvi og Lurven var publikum.  Det gikk fort unna.

 

  Borktind m/2 søner

14.-15.oktober:  Til Røros etter jobb.  Hadde med minigrispurke som var overlevert på Vågå. Køyrde over Sognefjellet, nydeleg vèr.  Overnatta på Malmplassen, Tolga, besøkte Borktind og henta heimatt Sølvi og Lurven.  Han var framleis redusert og låg mesteparten av vegen.

  Godt at vi er på veg heim!!!

 

 12.oktober:  I dag har eg vore i Førde att, kjøpt meir kraftfòr...  I fjøsen tykkjer eg det er for mykje dyr.  Dvs. dyra har det nok greit, med sine bingar, foringsplassar og drikkekar, men det er mykje klatring for meg.....  Over ei grind med kraftfor, over neste og neste, så samme runder med høyensilage, så vatn, så måke møk og drysse sagflis...,. og dette er haustferie!!!!  -og så har eg bestemt det sjølv... Hmmm.....  Det ser ut som om nokre av sauene eg mangla, kom heim idag:-)    Jons Sølvi og Lurven er framleis på Røros.

 

 4.oktober:  Har skilt lamma frå sauene.  Lamma er inne, sauene er sleppt utatt på beite.  Eigentleg skulle lamma leverast den 6. okt., men det vart utsett.  Kanskje eg skal prøve slik som andre bønder, gje Formel Lam m/fiber, så dei veks litt til???

 

 28.-30.september har vi vore studentar :-)  -på Høgskulen i Molde.  Vi "fornyar" oss med teori og idear.  Sjølv om vi har drive "i bransjen" i mange år, er det kjekt å sette fokus på drifta, og analysere kva som er bra, og kva vi vil forandre.  Studiet heiter "Garden som pedagogisk ressurs og læringsarena".  Flinke førelesarar og kjekke medstudentar :-)

 

 25.september:  Mange av sauene er komne heim.  Ser flotte ut :-)

 

 

Flytting av storfea frå Naustneset og oppom riksvegen.  Var spent på korleis det gikk med småkalvane, men dei gikk fint med mødrene :-)

 23.september: Eg henta ender og ponny:-)   Søte sant?

Shetlandsponnien Anton.  Først var det full fart.  Matahari og Redman var litt redde den galningen som kom, men så roa alt seg og dei vart venner. 

 

 

 

 18.september:  Kalving :-)  Mor Galloway nr. 7011 og far Dexter.

  Morsom flekk :-)

 

Dyreteljing:  Matahari og Redman (esel), Blesen og Sølvlin + Jons Sølvi og Lurven(hestar), 3 kviger, 1 ku, 2 kalvar og ein okse. 15 sauer og 26 lam, 1 ver, 1 geit, minigriser, kaniner og marsvin.  (Redman og Sølvlin er ikkje mine.)

  

 ..og pappa'n er :

Dølahesten Jons Sølvi (som er ved Røros) er påvist drektig (ultralyd)  med Borktind.  Supert!!!!!!! 

Den kvite kviga (044)  har fått ein brun oksekalv (047).

12.juli:  Matahari og Redman fekk manikyr.  Odd Rune kom innom om kvelden:-)

7.juli:  Eg køyrde Sølvi og Lurven til Os (ved Røros).  Der er ho saman med tre hopper m/føl og hingsten BORKTIND.  Først skulle ho bli trygg med merrane.  Borktind var tatt bort, for at merrane skulle få roe seg saman. 

Så vart han henta.  Vakre, staselege Borktind 

  

 

 

 JA!!!  Så er det å håpe.......

Neste dag (8.juli)  Flokken roleg og harmonisk i lett regnvèr.  Dølahesten med ulike fargar:

 

 

 

 Dagen etter reiste eg vidare.....

 

 26.juni:  Potetene gror...

 

31.mai - 30.juni..... Mykje bråk på garden :-)  Her er graving, boring og skyting. Målet er å få vekk vatn frå tunet, som frys til is om vinteren.  Då tenkte eg at det var lurt å kombinere det med litt av mine draumar ....  stallar og foringsplass når det er styggever :-)

Meir bilete på denne sida: Garden

 

  

 

 9.juni:  Potetsetting.......... til hausten vert det poteter til fårikålen :-)

 

 

 7.juni:  Kaninungar.  2 grå, 1 kvit og 2 kvite med grå flekker. 

 Ungane ligg i god kaninull, som mora nappar av seg.

 

 1.-2.juni:Tok opp sauene og lamma frå Naustneset.  Merka lam og gav Valbazen til sauer og lam, før vi lokka dei til skogs.  Hestane går saman på Naustneset.  Ser ut som om det går fint.  Matahari og Redman er ved fjøsen.

 

 Ved Sognefjorden. 

 28.mai:  Slakta ei geit.

 24.mai:  Vi ønskjer Sølvlin velkomen til garden:-)    Ho fekk Ivomec for 600 kg.

 

 Blesen er kompis.

 

 21.mai:  Hovslagar til hestar og esel.  Fluge/flåttmiddel-Switch på hestane.

  

 Utruleg godt med tak over plassen :-)

 16.mai:  Sølvi fekk eit nydeleg raudt hingsteføl.

  

 

 12.mai:  Ivomec til hestar og esel.

 10.mai:  Minieselet "Redman" er komen på sommarbesøk.  Planen er at Matahari tykkjer han er så flott at han vert kavaleren hennar :-)

 

 

 19.april:  Raukollene Klara og Dolly er reist til Indre Sogn.  Der skal dei bli mjølkekyr. 

 

 

 7.april:  Lamminga er starta.  7006 fekk 1 sl og 1 vl, litt seinare fekk 90006 1 vl.  Begge gode mødre.

  

 

 

 25.mars:  Vaksinering av alle sauene.  3 marsvin kom til verda.

 

   

10.mars:  Henta storfea frå det store beitet ned til beitet ved fjøsen, der sauene, raukollekvigene og Matahari har vore.  Slapp ut Galloway'ane...  det vart full fart i starten, dei sprang, snuste, knuffa og målte kvarandre.  Eg hadde på førehand forsterka straumgjerdet mot riksvegen.... :-)

 

 

 Det roa seg:-)

9.mars:  Sauaklypping.  Sauene var klypte i haust, så det var lite ull på dei.  Eg leverer ikkje ulla.  Vi tek litt sjølve, som vi karar og tovar til ullsolar.  Kjekt innearbeid for elevar, når det er styggever.

  

9.mars:  Den snille gamle staselege kua mi reiste.......  kalven saknar ho, men et både kraftfor og høy, så det går nok bra. 

  

5.-6.mars:  Var på Møre og henta 2 kviger av rasen Galloway Black Belted - stilige dyr :-)

23.februar:  Ivomec Vet. til Sølvi, Blesen og Matahari.

 

25.januar om dagen:  Kalven tørka, og skifta farge.  Den er nydeleg!

  

 

 25.januar:  Kalven vart fødd i natt kl. 01.30.  Sidan kua gikk inne på tregolv, vart det veldig sleipt av fostervatnet, så kalven måtte ha litt hjelp til å reise seg den første gongen.  Men etter litt støtte fiksa han det sjølv.  Stabba fint rundt og tok sitt første måltid med stor intensitet.  Lys raudbrun oksekalv.  -Litt tungt å sto opp fleire gonger om natta - men jammen er det kjekt å kunne kalle seg for bonde!!!!!  Ingen ting er som nytt liv!

 

DYRETALET NO:  2 dølahestar (Blesen og Sølvi)  1 esel (Matahari) 1 ku (Gråkyra)  m/spekalven sin, 1 okse (Pål) 4 kviger (Snehvit, NRK-Berta, Dolly og Klara)  15 sauer 1 ver 2 geiter 5 minigrisar (Dronning Nøffeline, prinsesse Petra, prinsesse Piggy, Bacon og Nasse -alle med etternamnet Nøff ;-) 2 kaniner og 9 marsvin.  Eg har annonsert Pål for sal, men det er berre til rett person for rett pris.  Det kan hende han blir her lenger...... - ja det blir han.  Eg har hatt nokre telefonar, men eg vil ha han her til eg har funne neste oksen min :-)

13.januar:  No er geitene er i hønsehuset... Tippa-tippa... 

  

Det er berre Pål, NRK-Berta og Snehvit å fòre ute.

 

 

 

 

12.januar:  HMS-kurs i Førde.  Det er ok, men det er så mange andre som òg skal ha tak i oss.

Eg er overbevist om at landbruket aldri blir nedlagt i Noreg.  Staten bevilgar pengar til ulike satsingsprosjekt/nisjenæringar, og lagar mange nye krav.  For at det skal kome noko lommerusk ut til bøndene, er det millionar til byråkratane, som skal utarbeide skjema, reglar, kurs, nettverk, oppfølging, kontrollar og synfaringar.  

Kanskje det vert færre bønder som produserer mat, men då vert det truleg berre endå fleire byråkratar, for å snu utviklinga.  (Slik er det dessverre i mange etatar.....  barnevern, nav, helse, skular..... - pengane som kjem ut til grasrota - til ungane, bøndene, dei sjuke - er berre lommerusk.)   Så skal vi betale for å gå på kurs....   Mange med meg er frustrerte.  Det verkar som vi har ikkje noko å stille opp med heller.  Kva tenkjer du?

Definisjon Byråkrat: formalistisk og sneversynt person på offentleg kontor.

Definisjon Byråkrati: omstendeleg og ineffektiv arbeidsordning. Kilde: Escolas ordbok

 

 11.januar:  Sende den grå kua 036 og kvigekalven Litago 045 med Norturabilen idag.  Dei stod roleg på hestehengaren min, og gikk ganske roleg på bilen og vart sett fast.  Litt trist, dei var rolege, og hadde eit godt lynne.  Men dei hadde horn, -det var einaste grunnen til at dei vart sortert ut.......
 6.januar: Kua inne fekk Copersect Liniment.  Ho får gå laus inne i stor binge.  Geitene er inne i fjøsen.  Må fixe straumgjerdet mitt :-)
 

 2010:

31.desember:  Rapporterte inn HMS - KSL på web. 

desember generelt:  Det har vore skikkeleg vinter med snø og kuldegrader.  Dyra har det flott ute, og får gå ut/inn som dei vil i fjøsen.  Det vert "ommøblering" stadig vekk, for å tilpasse kva dyr som må stengast inne.  Hestane har eg helde inne nokre dagar, for det har vore for glatt.  Eine minigrispurka er skikkeleg rampete, ho lurer seg ut, og prøver å kome inn på kjøkkenet vårt.  Dei fleste storfea går ute, og brukar uteskuret på beitet. Eine kua mi er tung og stor, ho skal kalve om ikkje så lenge, så ho får ikkje gå ute no.  Ho har stått litt på bås og litt i binge.

 

november:

 

 28.oktober: To Raudkolle kvigekalvar vart leidd inn i fjøsen.  Dei er ikkje akkurat tamme. Men dei skal få litt rolege og kjedelege dagar, god mat og kos, så vert dei nok glade i oss.

  

 18.oktober:  Saueklypping.  Før:         

  

    

Etter:  Dei tjukke ullkleda er borte, no er det berre ullundertøyet som er att :-)

 

 30.september:  Beiteskifte.  Kyrne via Hestabeitet, opp på Hagevollane.  Sauene nedom riksvegen, der kyrne var.  Dei et graset som kyrne ikkje vil ha, sidan det er "ruer" der.  Dette er ypperleg beitepleie. 

Beitedyr har ulik evne til å halde nede busk- og feltskiktet.  Geit føretrekker lauvkratt og småtre, og er ein selektiv beitar.  Men dei er vanskeleg å halde innanfor gjerdet:-)  Difor får dei avgrensa område her. Sauene beitar meir gras enn geitene, men tek gjerne krattet rett etter vi har hogge/rydda skog.  Storfe er typisk grasbeitar, den slit av gras, urter, busker og lauvkratt med tunga.  Sambeiting med desse dyra gjev godt resultat.  Først storfe, så sau og så hestane, som klipper graset jamt og fint med framtennene.  Blesen og Sølvi "pussar" beitet, det vert nesten som ein park.

Alle dyra er difor med på å halde beita på Naustvoll Gard opne og fine :-)

 

 

      Så fekk grisane lov å gå på hestebeitet:-) 

 

 

28.september:  Nytt veralam til gards.  Gamalnorsk Spel, med flotte muflonfargar på beina og under buken:-)

 

 26.september:  Sølvi er komen heimatt :-)  Ho er drektig med Luringen, termin ca. 20.mai.  Odd Rune tok skoa av Blesen, så no går Blesen og Sølvi utan sko på beitet i haustsola.  Veldig kjekt å ha dei her saman att :-)

   

 7.september:  Vi har hatt mange køyreturar, blitt passert og møtt bilar, bussar og lastebilar.  Gått over bruer og sett forskjellig.  Dessverre er det enkelte bilførarar som ikkje tek hensyn, som legg seg ut i høg hastighet, og gjev ekstra gasspå sida av hesten.  Ganske ekkelt både for meg og hesten.  Men Blesen er ein herleg hest.  Trur han kan fylle plassen til Junior på mange område.

  

  

 

 

 29.august - første køyretur med Blesen.  Tenkte det var lite trafikk på søndag, men vi møtte og vart forbikøyrd av rekker med bilar.  Det gikk bra, men mange råkøyrde forbi oss. 

  

 28.august:  Eg henta Blesen heim frå Sogndal.  Sølvi er påvist drektig v/ultralyd, 8 veker på veg :-) Ho er att med hingsten Luringen, som selskap ca 1 mnd.  Begge fekk 1 tube Banminth Pasta. 

 

 17.august: Vi bygger ny hesteramp :-)

   

 2.august - henta eg desse til garden :-) 

 

 1.august: Blesen er framleis i Sogndal hjå Steinar Hofslundsengen.  Han vert tamd skikkeleg.  Eg er ikkje tøff nok til å køyre inn hestane mine sjølv... og eg veit at det vert betre resultat, enn om eg hadde prøvd ;-)  Eg gledar meg til å kunne bruke han ordentleg!

      

 

 30.juli:  Manikyr på Matahari :-)  Dvs hovslagar ordna høvene hennar.

 14.juli:  Ivomec (makkakur) og Copersect (mot flått/fluger) til alle sauer/lam/geiter/killingar.  Alle saman ok :-)  Storfea nedom riksvegen.

 25.juni:  Grisene - Panacur.  Geitene 20 ml - Ivomec - killingane 10 ml.
23.juni: Junior.

18.juni:  Siste skuletorsdagen før sommarferien.  Dei var kjempeflinke til å jobbe.  Vi gav makkakur (Ivomec)  til alle sauene og lamma, og sette øyremerke på alle lamma.  Matahari fekk makkakur òg. (Equimax).

   

 

 15.juni:  Velkomen PÅL :-)   Eg har henta ein ny okse til gards.  Han er eitt år, og er av samme rase som Thuften var.  Highland cattle / skotsk høglandsfe.   Denne er raudbrun. 

  

 

Først er det snusing, så er det rangordning. Det ser ut som det går greit, men han saknar nok flokken sin 

 

 14.juni:  BLESEN til Sogndal (temming)   og   SØLVI til hingsten LURINGEN.  

 

Blesen skal gå med desse karane i Sogndal.  Han må finne seg i at dei sjekkar kven han er.

Sølvi skal gå med Luringen i sommar.  Håpar på føl neste sommar.  Slapp dei saman 14.juni i Sogndal.  Ho skal følgje med opp på Møre der Luringen skal vere med hoppefølgje.  Nydeleg og veldig snill hingst.

   

 

 

 

 28.mai: 

 Dei fine kockin hønene og hanane. 

Så skjedde det igjen.  Det er lenge sidan sist.  Om det er rev, villkatt eller andre små rovdyr veit eg ikkje. To høner var borte og 3 høner/2 hanar låg døde.  Det var fjør overalt. 

Litt i kontrast til idyllen ifjor.  1. Kyllingar og hønemor.     Kyllingar og hønemor.

 

 21.mai:  Klasse på garden :-)  Einaste klassen eg har tid til denne våren.

 

 15.mai:

 

13.mai:  Det skjer mykje no.  Å ta avgjerder om liv/død for dyr, er tungt.  Eg blir ekstra glad i dei som er att. 

  

Vi held på med to byggeprosjekt.  Uthus og ark/terrasse på låven.  Godt med variert arbeid.  (I tillegg til jobb og matematikkstudiet, snart munnleg og skriftleg eksamen i matematikk..... og hundetrening...og....)

 

10.mai:  Tuften skada eine klaua si for ei tid tilbake.  Difor har han ikkje slitt den som den skal.  Tuften har vore tillitsfull, vi har hatt gjensidig respekt, vi har aldri målt krefter.    Han har vore her sidan han var liten og søt.  No var han blitt ein staseleg 5år gamal Highland okse.  Tuften kom luffande opp mot naudslaktaren eg hadde hyra inn, og ante nok ingenting før han var borte.  Eg vil hugse han som "moskusen" min. 

 

   Han vert til biff på Kviknehotellet.

  5 år sidan....

Eg er lei meg.  Og samtidig veit eg at eg har eit endå verre val framføre meg:  Junior - som har vore her sidan 1993.  Dette er det vonde med å ha dyr.

 

 15.april:  Vi reiste til Kaupanger, til Geir R. Haugerud.  Han er verkeleg dyktig.  Tannrasping på Blesen og Sølvi.  Han trekte i tillegg 2 ulvetenner på Sølvi. Lokale veterinærar var invitert for å sjå/kjenne/lære, så det var ein solid gjeng rundt tennene:-)  Blesen skal innkøyrast, og Sølvi skal trenast.  No er iallefall tennene iorden, og grunnlaget for vellukka trening bør vere godt.

  

  

 

 

  

15.april: 90010 fekk 1 brunt sl.  7006 fekk 1 svart vl og 1 grått sl.  8003 fekk 1 svart/kvitt sl.

14.april:  7057 fekk 2 søyelam.  Ho vil berre godta det eine., og stanga veldig. Eg sette ho i band, då lurer lammet seg bak og får suge mjølk samtidig med det andre lammet.  Så får lammet råmjølka som trengst.  Får vurdere seinare kva eg skal gjere.

12.april: 7011 fekk 1 søyelam og 1 verlam, inne i fjøsen. Veldig god mor.

11.april:  Eva har mista "kompisen" sin...vèren...slik er det med produksjonsdyr.

  

 

 

10.april:  Ny bukkekilling er komen til verda.

 

 26.mars:  Hovslagar på besøk.  Odd Rune stelte 12 høver.  Det er godt å ha flinke folk i miljøet!

 

 25.mars:  Sauene mine vart klipt. Leif Magne gjorde ein god jobb :-) Ullsorteraren òg!

  

Det var publikum på begge kantar.  Matahari slapp unna saksa :-)

  

  

 

 20.mars:  Det er vått !!!!  Vatnet renn overalt, og det er gjørme og blaut møk - Herleg???

    Kalven nyskjerrig på Eva.

       

 

 

 

 19.mars:  Sauevaksinering - Cacxin8vet. 

Eldste geita fekk 2 kje.  Den eine har stramme ledd på framføtene.  Håpar det går seg til.  (Det går heilt fint. )

 

 26.februar:  Tok bilete av den levande musefella vår.  Denne røysekatten har budd ved huset vårt, og erta Eva mange gonger.  No ligg det nokre store kjøtbein utanfor kjøkenvindauget vårt.  Eva gneg på dei når ho er ute, og røysekatten kosar seg andre gonger.

   

 

  

 

 25.februar: Hestane "makkakur".  Junior - Ivomec Vet. for 400 kg, Sølvi Ivomec Comp. for 600 kg, Blesen Ivomec Vet. for 600 kg.

 

 25.februar:  Sognekraft legg om linja si, det er trasè rett gjennom beitet.  Det har vore dynamittsmell og helikopter fleire dagar.  "Varsko her"-og hestane set av garde:-)  For å roe dei litt, har dei gått nedom huset dei to siste dagane, sidan det er skyting på beitet deira, og då har det gått greit.  Helikopterflyginga er det ingen dyr som bryr seg med lenger.

      

 

 

23.feb:  Sau nr. 7007 skada etter konflikt med Gråkyra.  Måtte syast mykje av vet, Lise.  Pencillinsprøyter 1 veke.

 

30.jan- 2.feb: (litt feil plassert datomessig...hmmm..)  Felling av to og eit halvt tre:( 2 1/2 3)

   

    

11.februar fortsette vi med stammane, køyrde dei opp til låven med Junior, kappa opp og laga god ved.  Etterpå kosa vi oss med nydeleg gulrotkake.... Junior ville ha òg:-)

 

 

 

 9.februar:  Tuften tusla rundt åleine med hestane.  Syns litt synd i han og henta han ned til dei andre storfea.  Han koste seg då han fekk helse på damene sine:-)

 

 

 

 8.februar: "Biffen" er sendt. Han er blitt namnet sitt.

 

 4.februar: Vi slapp ut Gråkyra med vetlekalven (ho har fått namnet LITAGO)

 

 27.januar;  Det var kalving.  Gråkyra fekk ein raudbrun kvigekalv ute.  Ho er ei erfaren ku, og klarde seg åleine.  MEN ho er 11 år gamal, og på så gamle dyr dukkar det av og til opp mjølkefeber.  Trass namnet -ingen feber, men akutt kalkmangel, lett å behandle, men dødeleg utgang innan eit døgn om den ikkje vert behandla.  Det var berre ein ting å gjere.  Kontakte dyrlege.  Kua var slapp, og låg mykje.  Det var 2-3 timar å vente, så eg vart godt kjend med kalven.  Den var svolten, og eg lærte den til å drikke, sjølv om mora låg.   Eg var ute med dei heile tida, kalven følgde etter meg både på låven og ute.  Veldig triveleg.  Lise kom, gav kalk, smertestillande og betennelsesdempande intravenøst.  Alt ordna seg, og no er dei inne i fjøsen. 

    

   

  Veterinær Lise

 

  Kjekt å ha dei inne no den første tida:-)

 

9.januar 2010: 

 . 

Det er kaldt, vi har hatt over 12 kuldegrader i løpet av dei siste vekene, og det er kaldt her ved Sognefjorden når det er austavind.  Hestane, Tuften, Biffen og gråkyra går ute.  Dei har det flott!  Fri tilgang på halm, høyensilage og høy, kald frisk luft og sine faste plassar i skogen dei har ly (brukar ikkje uteskuret sitt).  Dei har faste ruter frå liggeplassen sin, til maten og til vatnet.  Naturens gang er "sparebluss".  Dei dyra som er ute, har det mykje betre enn dei som er innestengt.  I fjøsen vert det eit heilt anna klima.  Eg har ein kraftig vifteovn, som sirkulerer lufta, men det vert råare klima enn det er ute.  Ovnen og dyra gjere at det held seg på varmegrader i fjøsen.  No set eg pris på elvestadrøra og varmekabel på vatnslangane mine, og eg skal lage endå betre opplegg.....  Eg håpar at vintrane kan bli slik igjen.  Dei var jo slik då eg var jentunge

 

 7.januar:  Brrrr.  Det er -11,2 ute.  Første natt eg har stengt inne sauer, kua og dei to minste kalvane i fjøsen.  Ikkje for dyra sin del, sauene ville nok helst vore ute, men vassrøyra frys.  Eg har ein kraftig vifteovn der, men steinmuren er ikkje tett.  Alle dyra har det godt, dei får mykje mat, har tilgang på vatn og ly, og dei taklar difor kulden flott.  Dyretalet er ved årsskiftet: 3 hestar, 2 kyr, 2 kalvar, 1 ungokse, 1 okse, 3 geiter, 1 bukk, 12 sauer, 3 gimrar, 1 ver, 1 esel, 5 minigriser, 5 høner, 2 hanar, 4 kaniner og 1 marsvin :-) 
 
 ÅRSSKIFTE - Klar for papirarbeid............
 
 3.desember 09: Makkakur sauer Ivomec.

 28.november 09: Veterinær Torstein Kongslien skulle ta stikkprøver/blodprøver av kyrne mine, dvs tappe blod i reagensrør.  Dei er ikkje like forståelsesfulle, som oss som går til legen, så dei fekk litt bedøving først:-)

   

  

 Prøvane kan takast i halsen eller bak.

Eg merka vetle kalven med nr. 0043, som eg hadde hoppa over.  Kalven 0044 fekk 40 ml Ivomec, -og ja -eg har juletre i fjøsen:-)

   

 

TRENG IKKJE VERE LIKE FOR Å VERE VENNER :-) 

    

  "Mor og barn"

  29.okt Kalven etter brune kua, er framleis i fjøsen.

 

 22.oktober:  Vi hadde besøk av NRK.  Nationale Geographic hadde kåre Sognefjorden og områda rundt til flottaste reisemål i verda.  Dei ringde frå NRK og ville kome innom om det passa.  Marita og eg hadde skule her, så vi sa ja:-)  

VI KOM PÅ TV:  LINK TIL VESTLANDSREVYEN.   og til nettavis  Meir om kulturlandskapet på garden: link tilden sida

Kviga mi fekk kalven sin denne dagen òg.  Den bør vel få eit namn som passar til filmstjernestatus!!  Kanskje NRK-Berta????

 No går ho med mor rett utanfor huset vårt.

 

 18.oktober 2009: Slakta gjeld-geita.  Ho var feit, det var tydeleg kven som hadde ete maten i flokken.

 

 12.oktober 2009: Leverte 11 lam.  Veldig variabel kvalitet, frå 8,7 kg til 18,7 kg. Det minste lammet kunne vi ha fora opp, men vi prioriterte ikkje tid/arbeid med det.  Klassifiseringa er frå P lammet til O+.  Eg har Gamalnorsk Spel, og det vert mindre lam enn frå dei store tunge rasane.  Fordel med "min" rase, er at dei har gode instinkt, har greie lammingar, det er gode mødre, det er spenstige og flotte!!! dyr:-)

 

 9.oktober 2009:  Trena med Sølvi.  Først med lunnedrag, og så våga eg for første gong å køyre Sølvi med  firhjulsvogna mi.

 

Denne dagen mista eg den snille gamle brune kua mi.  Kalven hennar som var fødd i august, tok eg inn i fjøsen.  Den er for liten til å klare seg sjølv på beitet i flokken no på denne årstida.  Så den er i fjøsen.  For at den skulle ha selskap, tok eg inn eine geitekillingen.  Det gikk fint ca. ei veke, men så hadde den kome seg ut, ete altfor mykje hestekraftfor, og låg død ein morgon.  Så no har det vore litt trasig tid:-( 

 

 

 4.oktober 2009:  Hovslagar Odd Rune stelte beina på alle 3 hestane og Matahari.

 Tok av sko.  Rasping av bein.

Mykje dreier seg om Sølvi no.  Køyring må haldast ved like.  Vi har køyrt mange dagar med lunnedrag.   Ho er veldig ok, men litt redd bilar enno.

 

 

18.september 2009:  Køyreprøve og utstilling på Stav (Tretten ved Lillehammer)

 

Frå dommerkort:  Forspenning 5 (Gjorde et byks etter forspenning) Fraspenning 10 (Rolig og fin fra) Skritt 8 (Aktivt, godt skritt) Trav 8 (Godt, ledig trav) Bakkeprøve 8 Åttetalsvending 8 Rygging 9 God fremdrift, God samarbeidsvilje, Helhetsinntrykk:  Uheldig ved forspenning, elles en meget godt utført bruksprøve 8 Sum 38 Lynne 9

Eksteriørbedømming:  Rasetype og preg 8 Kroppsbygning og muskulatur 9 Beinkvalitet, beinstilling 8 Bevegelse 9 Brukseigenskapar 8 Lynne 9  Samla vurdering: Oppsynt harmonisk, litt lettbygd hoppe av god type.  Pent hode, velformet hals.  Jevn kroppsbygning med god overlinje.  Noe spede bein.  Meget gode bevegelser.  God kjøreprøve.  RESULTAT: 2.pr V i kvalitet.

Stangmål: 147 båndmål 154 brystmål 178 Pipeomkrets 20 Klavemål 7

 

 28.august 2009:  Kalving:  Gode gamle brune kua mi fekk 1 lys grå kvigekalv.Ho vart merka med nr. 0044, (skulle ha vore merka ned 0043)

 

 

 27.august 09:  Torsdag -skuledag, klassebesøk og bl.a buføring av kyr nedom riksvegen. 

 

 

24.august 09:  Dronning Nøffeline vart mor for andre gong.  Denne gongen er det berre 2 prinsesser. Pappa er Nasse Nøff.  Han er reine utbrytaren no, vil inn til dei, men eg trur ikkje det er særleg lurt :-)

 

 

 20.august 09:  Arne skaut ein rev rett oppom huset vårt.  Vi har jamnleg besøk av revar.  Eg har fleire gonger sett reven like ved meg på beitet, han berre kikkar på meg, spring litt vekk og kikkar meir.  Dei veit nok at eg er ufarleg....  Sjølv om reven er fin, så har eg ikkje lyst å ha han her.  Han tek lam og høns.  .....og andre dyr om han klarar å lure seg inn..... 

 

18.august 09: Samla sauene.  Alle frå siste samling er her, 2 har mista øyremerka sine.  Både sauer og lam fekk makkakur. Ivomec.

<img class="bilde" src="http://naustvollgard.no/asbilder/485.jpg" mce_s

   



Nytt på sidene 10.12.2017
Så reiste Ettza - lukke til :)
09.12.2017
Så reiste Evito - lukke til!
01.12.2017
Side om kvalpane sitt liv vidare :-)
21.11.2017
Citagardens EZRA
20.11.2017
8 veker i dag :-) Ledige kvalpar til bruks/treningsinteresserte.
14.11.2017
Helsekontroll + alle fekk pass.
11.11.2017
Avlstispene - Citagarden
10.11.2017
Oppdatert kvalpesida :-)
07.11.2017
Oppdatert kvalpesida :-)
28.10.2017
Oppdatert kvalpesida :-)