Naustvoll Gard Startside Kvamsøy Historie Om meg Gardsbygging/arbeid Landbruk????? Gardsbok 2010 og 2011 Gardsbok 2012 Gardsbok 2013 Gardsbok 2014 Gardsbok 2015 Gardsbok 2016 Gardsbok 2017 Hest - Vinter Hest - Jons Sølvi Hest - Blesen Hest - Tina Hest - Siri Hero Hest - Bajas VIDEOSNUTTAR Jakt Minne - storfe Minne - hestar Minne - Lurven Minne - Junior Minne - Lukas Hest - Balder Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
1415215 besøkande
sidan 6. okt 2012

Gardsbok 2013

Det er strengt byråkrati rundt gardsdrifta.  HMS (Helse, miljø, sikkerhet) har sine krav, og KSL (KvalitetsSikring i Landbruket) har sine krav.  Dokumentasjon er kjempeviktig.  Eg brukar mine små blå notisbøker med tau i som heng på ein spikar, og skriv alt som skjer fortløpande.... i tillegg til at eg legg ut her, med bilete i tillegg :-) 

Gardsboka 2010 og 2011

Gardsboka 2012

 

Gardsbok 2013:

31/12-2013: Dyreteljing:

2 dølahestar, 1 shetlandsponni, 3 esel, 3 kyr, 2 kviger, 1 okse, 3 minigrisar, 20 sauer, 7 sauelam, 1 ver, (+kaniner og marsvin) 

Avgang dyr: 1vèr, Lukas, 15 lam, Balder, 1 sau, 2 oksar.

Fødde: oksekalv, kvigekalv, 23 lam, 1 føl (Balder), 1 eselføl (Tussi).  Innkjøpt: Okse, ver.

 

9.desember kl. 10.00 kom Mattilsynet, ved seniorinspektør Torodd Urnes, på inspeksjon hjå Naustvoll Gard. 

(Eg fekk av velvilleg adm. på kort varsel, fri frå lærarjobben ein time, slik at eg fekk vere med.)  Torodd Urnes var på synfaring ved beite, fòringsplassane, i fjøsen, kontrollerte dyra og korleis drifta føregår.  Eg var spent og litt nervøs, Mattilsynet er jo dei som er inne i sakene som er i media.  Men det var veldig ok.  I tillegg fekk eg spørje om planar framover :-) Det er mange reglar for dyr og dyrehald: http://www.mattilsynet.no/dyr_og_dyrehold/
Tilsynet omfatta hestehold, storfehold, sauehold og eselhold.  Mattilsynet har i samsvar med matlova § 23 / dyrevelferdslova § 30 heimel til å føre tilsyn.  
Det er eit omfattande regelverk, og mange føreskrifter (-om hestevelferd, om sporbarhet og merking av storfe og storfekjøtt, om velferd for småfe, dyrevelferdsloven, om bekjemping av dyresjukdomar, om merking, registrering mm av småfe, om hold av storfe mm)

Utdrag frå tilsynsrapport som eg fekk 14.des:

"Konklusjon:  Ved dette tilsynet har Mattilsynet ikkje funne noko som vil leia til påpeiking av plikt eller varsel om vedtak. 

Hovudinntrykk:  Bruket er med i opplegget "Inn på tunet" og har i det høvet svært mange ulike dyreslag.  Eigar viste stor innsikt og interesse i hold og stell av dyra på garden.  Heile garden vert beita og alt grovforet vert innkjøpt i form av høyensilage.  På inspeksjonsdagen var det snø i området, og dei fleste dyra gjekk ute.  Alle dyra såg friske og trivelege ut. 

Hestane:  2 dølahestar og ein ponny hadde stått inne om natta.  Dei vert tekne inn dersom det er forventa dårleg ver, elles går dei ute.  Hestane har tilgang til leskur oppi beite, men brukar det sjeldan.  Ingen av hestane brukar dekken, dei er nettopp vaksinerte og hestane har hestepass.  Hestane var i godt hold og i god form.

Storfe:  Desse gjekk ute heile tida, og delte leskur med hestane.  Eigar har plnar om å byggja eit meir tenleg leskur.  Foring nedmed vegen, ei ekslusiv fòrkorg med fanghekk og tak over.  Det var tilsaman 6 storfe, 3 kyr, ei kvige, ein kalv og oksen.  På foringsplassen var det ei betongplate på 5x5m slik at underlaget ikkje vart gjørmete.  Oksen gikk saman med kyrne, og forventa kalving var i mars.  Alle storfea var rett merka, og ingen hadde horn.  Her var forskjellige rasar, reinrasa Galloway og krysningar med Skotsk Høglandsfe, raukolle mm.

Sauene gikk inn og ut som dei ville.  Fòret vart utlagt utafor gjerdet, slik at dyra ikkje trakka oppi det.  Det var 27 dyr av rasen Gamalnorsk spæl.  Lamminga starta rundt 1.april. Alle dyra var rett merka.  Vanlegvis vart sauene klippa to gonger for året, men denne hausten var dei klippa berre bak ved halen. 

Saman med sauene var det 3 esel.  Desse var vaksinerte og hannane (korr: hannen) kastrerte.  Innearealet var tørt, delvis talle.

Inne i fjøsen var det 2 minigrisar (korr: 3) Desse vart fora på høy, kraftfor, matrestar mm. Dette var kosedyr der kjøtet ikkje vert brukt.  Elles var der marsvin, kaniner og eit pynta juletre."

 

5.desember: Hestar og esel vart vaksinerte.  Sølvi fekk Equip F, Blesen, Anton, Matahari, Timmi og Tussi fekk Equip FT (med stivkrampe).   Det er første dagen med skikkeleg snø på garden. 

30.november:  Sauene vart klypte bak.

28.november: Naustvoll Gard på facebook.

20.-24.nov: Viltkameraet er i skogen.  Ørna "mi" kjem jamt til maten sin :-)

17.nov:  Slakta 2 veralam MED ull.  Saueflokken skulle klyppast 23.okt, men det vart ikkje noko av.  No turde eg ikkje vente lenger med veralamma, dei måtte slaktast.  Kjøtet var heilt fint :-)

 

15.nov mm.  Hestane måtte stå inne.  Det var ufyseleg vèr, vått og kaldt.

10.november:  Hovslagar ordna føtene til Matahari, Timmi, Tussi, Sølvi, Blesen og Anton :-)  Det var absolutt på tide for Matahari, ho vart gløymt sist gong.  No var ho kjempefin att heldigvis.  Matahari, Timmi og Tussi fekk makkakur òg.  Ivomec. 

  

 

3.november:  Naustvoll Balder reiste frå garden.  Blir nok litt vrinsking på Sølvi dei neste dagane.

 

  

28.oktober: Eg køyrde ein okse og ein oksekalv til Nortura Førde, starta køyringa med hestehengaren kl.06.  Ferdig med levering FØR kl. 08, og rett heim til dusjen og jobb kl. 10.00 :-)  Godt når det er gjort!!! :-D

Ny forkasse med fanghekk er montert.  Denne og Dalen klypa er ledd i HMS-arbeidet på garden.  Mindre risiko med storfè og sparar ryggane våre.

 Smart patent :-) 

25.oktober: Det kom bil med 33 stk høyensilage-ballar.  Arne debuterte med den nye Dalen klypa, og det gikk kjempebra.  Han lossa og stabla dei ein og ein.  Ingen tunge tak, heilt herleg!!!

 

21.oktober: Henta ny vèr. 

 Til sals.

Naustvoll Balder, raud dølahingst, er tilsals.  Annonse på finn LINK

26. og 27.september: Henta 2 lass med høy.  Godt å få det inn på låven :-)  Vinteren kjem vel ein gong.

 Nydeleg tørrhøy-lukt :-)

26.sept:  Torsdagar bygger vi utestall til Anton.  Han og Timmi skal få eigen plass å gå på i vinter, og i denne vesle stallen vert det mat å få.  Då kan resten av flokken ete i lag frå forhekken på beitet.  Anton er liten, men så stor i eigne tankar, at han jagar alle.

 "Byggmeister Bob" 

11.sept: Vi henta Dalen rundballeklype. Det er ledd i HMS arbeidet på garden :-) Mindre slit, mindre belastning på ryggane våre :-)

26.august:  Alle sauene og lamma har vore heime, så eg har fått "kryssa" dei ut.  Denne dagen leverte eg 15 lam til Nortura.  Fekk flott klassifisering.  Det viser at det er viktig med gode avlsdyr :-)  Eg kjøper alltid avlsvèr av O. S. i Førde.

God fårikål og fine skinn ;-)

10.juli:  Reiste for å hente ny okse.  Første staden var ikkje oksen einig i at han skulle bli med, så eg reiste til Vetlefjorden istaden.  RR hadde ein ung kar som blei med :-)

30.juni:  Matahari fekk ei nydeleg eseljente.  Ho skal heite Tussi. 

 

19.juni:  Eg køyrde Sølvi og Balder til Sogndal.  Der skal ho gå med Haugjo, ein flott svart hingst.  Ho sprang litt vekk først, var redd for følet sitt, men roa seg ganske raskt.  Bexi var med på slepp :-)

Det viste seg at det var rette tida :-)

 Balder passar på at han får søsken 2014 :-) 

18.juni: Timmi, Anton, Blesen og Sølvi m/Balder leika seg.  Timmi i fin form.

16.juni:  I dag har heile familien vore i aksjon.  Sauer har fått middel for innvoldssnyltarar (Valbazen eller Ivomec) og flåttmiddel (Copersect), lamma har i tillegg blitt merka og fått litt tjærespray.  Travel jobb :-)  No er dei klare for nytt beite/utmark. 

28.mai vart Timmi kastrert.  Loopstra gjorde ei god jobb, og det gikk fint:-)

  

27.mai kom eit lam på Naustneset.  Eg såg på frå terrassen.  Mora var svært oppteken med det, og tok veldig godt vare på det.

23.mai om kvelden fola Sølvi.  Vi hadde leidd Blesen og Sølvi nedom riksvegen, der det var flatt og frodig, og lett å følje med.  Nokre timar seinare fola Sølvi eit raudt hingsteføl.  Nydeleg!

   

  God mor!

14.april:  Alle sauene og lamma vart buførte langs riksvegen og ned på Naustneset.  Sauene er lette å lokke, lamma er vanskelegare.  Spring i alle retningar, så det vart litt trim ja:-)  No har dei eit frodig og flott område.

2.mai:  Vi har drive besøksgard, skule og arbeidstilbod i 20 år.  I starten var det merkeleg for folk å betale for eit gardsbesøk.  Undervegs snudde det seg, staten såg verdien og har hatt ulike prosjektgrupper som har analysert verknadane av å vere på gard.  Det vart ei ny næring "Grøn Omsorg", som seinare har blitt til "Inn på tunet".  Det har som det meste i samfunnet, kome til krav om dokumentasjon av innhald, lokalitetar, hms m/beredsskapsplanar mm.  Inn på tunet har kome innanfor merkegodkjenning, med kontrollørar og revisjon. 

Godkjenning som Inn på tunet-tilbyder.             

"Inn på tunet-tjenesten på foretaket NAUSTVOLL GARD ANNE-BRIT BALEVIK, org. 885 019 862 ble revidert av KSL-revisor Ove Sørestrand den 17.4.13.  Revisjonen påviste ingen avvik med relasjon til Inn på tunet-tjenesten.  Matmerk godkjenner derfor NAUSTVOLL ANNE-BRIT BALEVIK som Inn på tunet-tilbyder.  Godkjenningen gjelder frå dags dato, 2.5.13.  Godkjenningen gjelder for to - 2 - år.  For å opprettholde godkjenningen ut over de to årene, må det ved slutten av to-årsperioden gjennomføres en ny godkjenningsrevisjon. 

Godkjenningen innebærer at bedriften kan bruke Inn på tunet-logoen og Inn på tunet begrepet.  Samtidig vil bedriften kunne dra nytte av Matmerks generelle markedsføring av Inn på tunet-tjenestene.

NAUSTVOLL GARD ANNE-BRIT BALEVIK vil få tilsendt et diplom som bekrefter denne godkjenningen."

30.april: Kalving :-)  Gallowayku nr 7016 (kvitt merke nr 516) har fått kalv.  Hårek er faren, Tuften bestefar :-)

 

 

27.april: Eitt daudt lam ved gjerdet ved riksvegen.  Hadde vore eit lam i vegen tidlegare same dag. Påkøyrt?  Rev??

23.april:  Lamminga: I år har eg ikkje vore så heldig som tidlegare år. Ein sau fekk 2 døde lam, ein annan hadde eitt så stort lam, at det ikkje kom ut.  Eg måtte "hente" det, og det vart så stor påkjenning for sauen at den lever ikkje lenger.....  I tillegg er det feil med framføtene til eitt lam, og eg vurderer stadig om eg må ta det bort.  Ho er nydeleg, med ein enorm vilje og livsgnist.  .... dette er det vanskelege med å ha dyr...

Elles har sauene fått maaaange flotte velskapte lam :-) 

 Lamming i flokken.

Eg har åte på beite og i skogen.  Det er greitt å leie rovdyr/fuglar vekk frå dei små lamma.  Håpar òg at eselet Matahari vernar dei.

Viltkameraet har teke desse bileta av rovdyra "mine":

  

17.april hadde garden KSL/HMS-revisjon.  Synfaring, kontroll av dokumentasjon og stikkprøver både på landbruksdelen og "Inn på tunet".  Kontrolløren var godt fornøgd, ingen avvik!!!!  Så no ventar eg på evalueringen.  Er merkegodkjent innanfor Matmerk, og kan bruke logoen til Inn på tunet :-) 

14.april:  Vi har førebudd oss til nedbørsdagar :-)  Sauene og lamma går saman ute og inne.  Det vart litt kaos med mange lam ei lita stund.  Etter litt mekring fann dei "sine".

  

 

10.april fekk 7011 2 vl og 9010 1 sl og 1 vl.

9.april: 7006 fekk 3 lam.  Først kom 2vl, men dei var mindre enn "toarar", så det var berre å vente.  Ein time seinare kom siste som var eit sl.  Sauen er god mor.

 

  Mora brukar god tid på kvart lam.  Fint å sjå. 

6.april: Første lammet :-)  Alle drektige "damer" er ved fjøsen.  Dei har tilgang på mykje meir fòr, enn "karane".

 

27.mars:  Denne reven åt på åte som vi hadde lagt ut. Han brydde seg ikkje om oss, berre kikka nedover mot oss når vi bevega oss og prata høgt.  Raudrev med genfeil? mutasjon?  Mange ulike meiningar.

  

Seinare same dag flytta eg dyr.  Storfe, esel og hest mot skogen, sauene til beitet ved fjøsen.  Det nærmar seg tida for lamming :-) 

 Bibbi og Bexi er sjølvsagt med.

 Storfea får gå i skogen òg.

20.mars:  Lise vaksinerte sauene.  Nasse Nøff har revmatisme?

19.mars:  Makkakur (Ivomec) til hestar/esel.  Sølvi 1tube, Blesen 1 tube, Anton for 250kg,  Matahari for 300kg og Timmi for 100kg. 

16.mars:  Lukas forlet garden. 

7.mars: Bibbi og Bexi var svært nyskjerrige på det nye individet :-) 

  

6.mars:  Teikn på vår - nytt liv :-)  Kalving :-)

 

 Fin oksekalv.  Søt no, god biff seinare ;-)

22.februar:  Skjødsel av styvingstre må gjerast før sevjen startar. 

  

 

 

20.februar: Henta høylass og samla inn sauene for klypping. 

  

 Berre litt ull som skal vekk no.

 Klare for lamming om 4-5 v.

19.februar:  Avliva veren. 

18.februar:  Vinterferie og god tid, men regn.....  Eine høyensilagen var temmeleg dårleg, så eg kunne ikkje gje til hestar/sauer.  Difor lokka eg vekk storfea, slik at dei kunne fråtse i heile firkantballen på 350 kg... Bibbi og Bexi er med i grisevèret. 

 

 Tysk Bondehund :-)

 

Blesen vart litt betutta, sidan han ikkje fekk vere med.  Gikk litt fram og tilbake.  Bibbi og Bexi var med han på tur:-)

    

   EKTE "Møkkabikkjer"

30.januar: Det er vatn overalt - dyra er våte....

 

27.januar: Kaldt!!!  Snø og vind.

 

22.januar:  Dyra får vere ute/inne som dei vil.

 

 

Det har vore mykje styggevèr, men kaien vår held!   :-)

   



Nytt på sidene 10.12.2017
Så reiste Ettza - lukke til :)
09.12.2017
Så reiste Evito - lukke til!
01.12.2017
Side om kvalpane sitt liv vidare :-)
21.11.2017
Citagardens EZRA
20.11.2017
8 veker i dag :-) Ledige kvalpar til bruks/treningsinteresserte.
14.11.2017
Helsekontroll + alle fekk pass.
11.11.2017
Avlstispene - Citagarden
10.11.2017
Oppdatert kvalpesida :-)
07.11.2017
Oppdatert kvalpesida :-)
28.10.2017
Oppdatert kvalpesida :-)