Naustvoll Gard Startside Kvamsøy Historie Om meg Gardsbygging/arbeid Landbruk????? Gardsbok 2010 og 2011 Gardsbok 2012 Gardsbok 2013 Gardsbok 2014 Gardsbok 2015 Gardsbok 2016 Gardsbok 2017 Hest - Vinter Hest - Jons Sølvi Hest - Blesen Hest - Tina Hest - Siri Hero Hest - Bajas VIDEOSNUTTAR Jakt Minne - storfe Minne - hestar Minne - Lurven Minne - Junior Minne - Lukas Hest - Balder Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
1415201 besøkande
sidan 6. okt 2012

Gardsbok 2016

Det nærmar seg årsslutt, og det vert litt papirarbeid til staten :-) 

På garden no er det 4 hestar, 13 sauer, 1 vèr, 3 kyr, 1 okse, 3 kalvar, 3 esel, 2 minigrisar, kaniner og marsvin.  Inn på tunet avtalar er tre arbeidsdagar + to kortare avtalar. 

Dette året har det blitt fødd:

1 dølahestføl (Naustvoll Bajas), 4 kalvar (oksekalv 0062 og 0064, kvigekalv 0063 og 0066), 17 lam.

Sal av dyr:

Oksekalv nr. 0058 og 0061, Kyr nr. 7011 og 7016 (begge var drektige), Ku nr 0048 og kalven hennar 0063, Naustvoll Bajas.

Nortura har teke imot:

1 okse nr. 0065 og 8 lam.

27.november:

 

Henta ny vèr i Naustdal, vèr av rasen Gamalnorsk Spel.  (Den første eg kjøpte 29.september , låg død på beitet).  Denne nye er 1 1/2 år, kåra og kolla.  To sauer var veldig klengete då han møtte flokken, så han er i gang :-) Tvilar på at den første veren har gjort noko, så det vert sikkert lamming i mai 2017.  Greit det, vert flott for lamma å kome på grønt gras :-)

Reiste ein svipptur til Nordfjord, helste på Birthe, Bajas og Bols og co.  Veldig kjekt å sjå kor fint Bajas har det saman med Bols. Flott boks har han fått òg.

19.november:  Birthe kom tilbake med Naustvoll Tina og tok med seg Naustvoll Bajas heim.

1.november:  Banminth Pasta til hestane. 

28.oktober:  Veterinær Lise registrerte ferdig Naustvoll Bajas, vaksinerte hestane Bajas, Sølvi, Blesen, Siri og Bexi (hund). 

23.oktober: Endeleg ny fjording på garden :-)  Siri Hero, N-00-2596.  Du kan sjå film av ho her LINK 

17.oktover: Tina sine tannspissar og ujamnheitar vart raspa og  ulvetenner vart trekt, av Geir Haugerud som var på Mo jordbruksskule.  Han skriv at ho har harde kinntenner av god kvalitet. 

9.oktober:  Sauaklypping.  

29.september:  Naustvoll Tina (f- 2014) er på besøk til Birthe og Bols.  Tina har berre vore på garden, og treng litt nye erfaringar.  Hengarlessing gikk fint, ho stod flott på hengar og var trygg der, så trygg at ho ikkje ville av igjen :-)  Etter nokre minutt var ho likevel ute, og var klar for leietur i vakre Eimhjellen.  Bolsen tok vel imot ho, og ho får flotte dagar i Nordfjord :-)  Kor lenge ho vert der veit eg ikkje.  Birthe får bestemme :-)  LINK   

På veg heim henta eg ny avlsvèr på Skilbrei.  Eg slapp han rett i saueflokken, så det vert sikkert tidleg lamming i 2017 :-)  Men det går fint, det er berre 13 sauer.  (Det gikk ikkje som planlagt - veren låg død på beite 15.oktober. Trasig.)

3.september reiste vi til Kristiansund med Dexter/Galloway-kua og kalven hennar (0048 og 0063). 

24.august: 8 vèralam og den gode, gamle sauen min, vart levert dyrebilen/Nortura.

8.august: Den raude oksen min vart levert dyrebilen x2 :-D  LINK  Det var godt då bilen reiste med han.

31.juli 2016 Dyreteljing: ----------------------------------------------------------------------------------------

4 hestar: Blesen, Sølvi, Tina og Bajas - 3 esel: Matahari, Timmi og Tussi - 2 minigrisar: Nøffeline og Nasse Nøff - 9 sauer, 15 lam - 10 storfe: 2 oksar, 4 kyr og 4 kalvar.   Marsvin og kaniner :-)  Hundane mine :-)

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

24.juli - vi henta heim Naustvoll Bajas og Sølvi.  Sølvi hadde vore på slepp med Espeset Blåen for andre år på rad.  Om alt går bra, vert det eit føl neste sommar, som vert heilsøster/bror til Naustvoll Bajas.  Veldig spennande.  Det er lagt ut eit album av bilete her : LINK

Eg har lagt ut annonsar på finn om dyr til sals.  Storfe og veralam.

11.juli: KALVING Den fine brunbelta kviga (0054) fekk ein kvigekalv (0066).

21.juni: Hovslagar Odd Rune på besøk :-)

  

1.juni: Eg køyrde Sølvi og Bajas til Hallingdal, til Espeset Borken.  Om det ikkje klaffar, skal ho gå med Blåen i sommar.  LINK

 

29.mai: FOLING :-D Sølvi fekk eit svartskimmelt hingsteføl, etter Espeset Blåen, namnet vert Naustvoll Bajas.

 Naustvoll Bajas - svartskimmel.

6.mai:  Siste lamming, 10021 fekk 2 veralam. 

4.mai:  Valbazen til sauer.

28.april:  10003 fekk 2 vl.

26.april: 80003 fekk  2 lam, sl og vl.

22.april:  80014 fekk 2 lam, sl og vl. 

20.april:  6082 fekk 2 lam, sl og vl.

17.april:  9006 fekk 2lam,  sl og vl. 

14.april:  Første lamming 2016.  Sau nr.7057 fekk tre veralam (to brune og eit svart). 

9.april:  Gråkua mi fekk ein nydeleg oksekalv, viltfarga med breit belte.   

27.mars: 2 kalvingar.  Galloway/Høglandsfe-kua fekk ein lys oksekalv. Den fekk nr. 0062.  Kua Galloway/Dexter fekk ein svart kalv.  Den fekk nr 0063.  Såg ved merking at det var ein kvigekalv :-) 

  

12.februar ettermiddag:  Storfe-flokken er 6 dyr.  Framleis er to til sals.

 Okse til sals Galloway/Høglandsfe.

  Ku til sals Galloway/Dexter.

 Mine :-)

12.februar: Dei reinrasa Galloway-kyrne skulle hentast. Siste natta var dei skilde frå flokken, slik at dei enkelt kunne flyttast vidare. 

 

-og turen går til Voss :-)

6.februar: Representantar på vegne av Mattilsynet kom på "stikkprøvekontroll".  Vi gjekk rundt til dyra, til uteskur på beite og i fjøsen.  Trur alt gikk greitt. 

3.februar: La ut ny annonse på Finn.no  Galloway kyr til sals.

2.februar: Dei to oksane nr. 0058 og nr. 0061 reiste til Telemark :-) 

17.januar:  Storfeflokken er på 10 dyr.  Har planar om å redusere litt


Dyretal pr. 1.januar 2016:

3 dølahestar: Naustvoll Blesen (2005) Jons Sølvi (2006) og Naustvoll Tina (2014)

3 esel: Mor Matahari, sonen Timmi og dotter Tussi.

1 vèr og 9 sauer av rasen Gamalnorsk Spel.

1 okse, 5 ammekyr, 1 kvige,3 oksekalvar - reinrasa Galloway og kryssingar.

2 minigrisar, Nøffeline og Nasse Nøff.

Marsvin og kaniner.

   



Nytt på sidene 10.12.2017
Så reiste Ettza - lukke til :)
09.12.2017
Så reiste Evito - lukke til!
01.12.2017
Side om kvalpane sitt liv vidare :-)
21.11.2017
Citagardens EZRA
20.11.2017
8 veker i dag :-) Ledige kvalpar til bruks/treningsinteresserte.
14.11.2017
Helsekontroll + alle fekk pass.
11.11.2017
Avlstispene - Citagarden
10.11.2017
Oppdatert kvalpesida :-)
07.11.2017
Oppdatert kvalpesida :-)
28.10.2017
Oppdatert kvalpesida :-)