Naustvoll Gard Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Om Citagarden Klar for kvalp? Kjøpe Schäferhund? Kull ALBUM Resultat HD, AD, MH Avlstispene Avlstispe EVA Avlstispe Bexi Avlstispe Chakka BEXI og CHAKKA D-kull - Orax Ekull - med Lexus Ezra E-Kvalpane Avl på hund Kjøpeavtale kvalp Raseklubben NSchK Raseklubben NSchK 2 Raseklubben NSchK 3 EVA bilete Akullet om kvalpingen A-kullet den første tida Akullet AXEROS Akullet ALEX Akullet AGERA Akullet A-KOMPIZ Akullet ANNA Akullet far: Bomber A-KULLET trening A-kullet felles Bkullet - far Dizco Bkull-slekt Bkull-farssida Bkull kvalpeside C kullet - foreldre C kullet - undervegs C kull -kvalpekjøpar C kull KVAR KVALP C-kullet vidare i livet Minne - Cita Minne Gamlehundane Minne Cita Resultat: Tankevekkar? Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
1413557 besøkande
sidan 6. okt 2012

Kvalpane den første tida

Kjekt at de føljer med.  Sidan eg er så distrè, er det greit å skrive ned ting som skjer for min eigen del.  Og sidan eg er ny i dette gamet, så kan jo dei som vil skrive til meg, på epost eller i gjesteboka.  Det er alltid kjekt med faglege diskusjonar.

Laurdag 19.juli.  Det gikk heldigvis fint i natt. Eg sov ved Eva og kvalpane, men eg sov som ein stein frå eg la meg kl.01 til eg vakna kl.09, - litt av ei vakt...   Men Eva og kvalpane hadde eg flytta til den sikra kassen, så....  Det var ei roleg atmosfære i kassen.  Eva hadde så vidt tid til å lufte seg.  

søndag 20.juli:  Det var roleg natt.  Vakna av at ein kvalp kvein og klynka, og såg Eva gikk rundt i rommet med den.  Ho hadde gravd laus teppet på eine sida, og flytta heile kroken.  Ho prøvde å legge kvalpen bakom.  Eg sa kraftig NEI til ho, og ho roa seg, la ned kvalpen og blei med meg ut.  Eg ordna teppet og det roa seg.  Seinare på ettermiddagen høyrde eg nok ein gong skriking, og det var same kvalpen.  Tydeleg at Eva vert stressa når kvalpen skrik.  Ho vart stressa denne gongen òg, tok han opp og ville bære han, men ho la han ned då eg sa nei.  Eg strauk ho og snakka med ho, og la kvalpen bort til pattene.  Han var febrilsk, det var mykje lyd, men han stilna då han fekk mat.  Trur han var veldig svolten -og kanskje utolmodig og hissig????  Elles har Eva vore med på to lange turar ut.  Kvalpane var mette og sov, Eva fekk først ein luftetur og om kvelden trena vi litt.  Ho søkte etter ball med tau.  Det var topp.  Her er bilete frå søkingen + drikkingen då vi gikk på badet.... he-he

   

Måndag 21.juli: Kvalpane er så fine!  Tek altfor mange bilete.....

 

  Søte små... 3 dg.

Eg trur det er meir enn ein grå.  Ser at eit par har brune flekkar på beina, og det tyder kanskje på at dei ikkje blir svarte som faren, Bomber vom Wolfsheim, men grå som Eva.  For meg har ikkje fargane noko å bety, eg skal ha ein av tispene sjølv.  Ser allereie no at det er litt ulik personligheit, lurer på om det vil vare....?

1.august:  Det går fint med kvalpane.  Har teke bilete og filma mykje.  Første kloklypp er over.  Veldig smått :) To av dei har fått auge, tre glipper litt.  Dei "går" nokre steg, før dei trillar rundt.  Eg kan sitje ved kvalpekassa og berre sjå - sjå og sjå.  Dei er så fine og morosame der dei kryp rundt, legg seg hulter til bulter og rullar så snart dei er i ubalanse.  Dei er no over kiloen.  Sidan det er så fint ver, og vi (avd.S og Fj) skal arrangere utstilling- og lydnadskonkurranse i Lærdal 2. og 3.august, så vert ikkje data prioritert no, det nok å gjere......  (Kanskje du skal til Lærdal???)  Skal oppdatere etter arrangementet er ferdig!!!

5.august:  Kvalpane har vakse mykje.  Når eg set meg ned ved kvalpekassa og snakkar til dei, kjem dei vraltande mot meg og lograr med den bittevesle halen sin.  Dei har opne auge, og dei er kvalpeblå.  Du ser det kanskje på bilete.  Frå no av satsar eg på å oppdatere på galleri.  Det vert sikkert mykje bilete framover, dei vert berre søtare og søtare.  Småbjeffing, leikeknurring og rundkast.  Tek opp på video, men klarar ikkje å legge ut på nett enno......

  

Laurdag 16.august:  Meininga var å legge ut galleri, men det er noko krøll......   Sidan sist har mykje skjedd.  Først tok eg vekk kosteskafta inne i bingen, så forsvant heile bingen, og dei gikk laust i rommet.  Dei må jo få røre litt på seg!  Klørne er blitt klipt nokre gonger, banminth pasta er innteke og pregingstida er starta.  Heldigvis!  Det er jo veldig kjekt å kunne vise fram dei fantastiske krabatane:)  Matserveringa er starta.  "Bordskikken" er så som så, det er fort at det står ein kvalp eller fleire i skåla, men maten smakar godt likevel!  Eva rundsleikar dei etterpå, så dei vert like fine!!  Kvalpane har fått vore ute litt, og det er veldig koseleg å ha dei i fanget i stova. 

 

 

Fortsetter i biletalbum Akullet (nokre bilete kjem oppatt)

 

 

   



Nytt på sidene 10.12.2017
Så reiste Ettza - lukke til :)
09.12.2017
Så reiste Evito - lukke til!
01.12.2017
Side om kvalpane sitt liv vidare :-)
21.11.2017
Citagardens EZRA
20.11.2017
8 veker i dag :-) Ledige kvalpar til bruks/treningsinteresserte.
14.11.2017
Helsekontroll + alle fekk pass.
11.11.2017
Avlstispene - Citagarden
10.11.2017
Oppdatert kvalpesida :-)
07.11.2017
Oppdatert kvalpesida :-)
28.10.2017
Oppdatert kvalpesida :-)