Naustvoll Gard VIDEO - FILM Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Om Citagarden Kjøpe Schäferhund? Kjøpeavtale kvalp Neste kull HD/AD og MH Avlstispe EVA Avlstispe EVA kvardag Avlstispe Bexi Avlstispe Chakka Avlstispene bilete Kull ALBUM BEXI og CHAKKA kvardag Akullet om kvalpingen A-kullet den første tida Akullet AXEROS Akullet ALEX Akullet AGERA Akullet A-KOMPIZ Akullet ANNA Akullet far: Bomber A-KULLET trening A-kullet felles Bkullet - far Dizco Bkull-slekt Bkull-farssida Bkull kvalpeside C kullet - foreldre C kullet - undervegs C kull -kvalpekjøpar C kull KVAR KVALP C-kullet vidare i livet D-kull - Orax DAKOTA Dizco vidare Ekull - med Lexus E-kull vidare EZRA ENZO Minne - Cita Minne Gamlehundane Minne Cita Resultat: Historiar Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
1880108 besøkande
sidan 6. okt 2012

Citagardens E-kull

Hedeforsens LexusCitagardens Bexi
LINK til Svensk AvlsbaseLINK til NKK Dogweb
HD B AD 0 HD A AD 0  
MH, VH (Vektarhund i teneste)MH, FP, UHP,  går i LP2
KORAD (Avlskåra i Sverige)Avlsgodkjent i NSchK
Far til Hedeforsens K-kull Mor til Citagardens C- og E-kull

Bilete av kullet:   LINK til BILETE

MOR har eiga side, der ho vert presentert: Citagardens Bexi - avlstispe  også mor til C-kullet 

FAR: 

Kvifor eg har valt Hedeforsens Lexus?   Kennelen han er ifrå:  Kennel Hedeforsen 

Svensk kennelklubb har ein omfattande og god avlsdatabase.  Der ligg Hedeforsen høgt i tal røntka hundar og mental status.  Hedeforsen har solid dokumentasjon på eigenskapane og merittane til avlshundane og familiane/slektene. Det er lite mørketal.

Eg kjenner meg privilegert som har fått bruke Hedeforsens Lexus. Det er solid bakgrunn - og dette får eg inn i min avl :-)

Lexus har HD B og AD 0, han er KORAD med 529 poeng, konkurrerer i "høgre klass skydd" og er i teneste som vektarhund i Gøteborg. 

Lexus sin MH:  LINK

BeskrivningResultatMedelAvvikelse
Nyfikenhet/Orädsla 5,03,81,2
Aggressivitet 2,01,70,3
Socialitet 4,03,50,5
Jaktintresse 2,02,6-0,6
Lekfullhet 4,83,7

1,1

   

Mor til Lexus er Hedeforsens Zvea, KORAD med 478 poeng, HD B og AD 0

Zvea er etter Hedeforsens Harras, ho kjem frå eit kull med sju individ, 6 er KORADE (middelverdi 487,5) tre er avlshundar, ein er L-testa og er i teneste som politihund, ein er bombehund.  LINK til Z-kullet  LINK til Zvea si side

Zvea sin MH LINK

BeskrivningResultatMedelAvvikelse
Nyfikenhet/Orädsla 4,13,80,3
Aggressivitet 2,01,70,3
Socialitet 3,33,5-0,2
Jaktintresse 3,52,60,9
Lekfullhet 4,03,70,3

Zvea har 8 kvalpar, alle er kjent mental status på.  LINK til svensk avlsdatabase

MH på avkomma:

BeskrivningResultatMedelAvvikelse
Nyfikenhet/Orädsla 3,93,80,1
Aggressivitet 2,01,70,3
Socialitet 3,83,50,3
Jaktintresse 2,42,6-0,2
Lekfullhet 4,13,70,4

7 av 8 kvalpar er røntka, altså 87,5%  

HD: 100% A og B   AD/ED: 71,4% ua-0  28,6% ua-1 ( ein i kullet til Lexus, ein i det andre kullet)

Far til Lexus er Wito vom Weinbergblick, SchH3, IPO3, Kkl1 livstid, Wusv, HD A AD 0

Han har avla svært bra.  65 kvalpar har kjend mental status i Sverige. 

MH på avkom:

BeskrivningResultatMedelAvvikelse
Nyfikenhet/Orädsla 4,23,80,4
Aggressivitet 1,81,70,1
Socialitet 3,53,50.0
Jaktintresse 3,02,60,4
Lekfullhet 4,33,70,6

Han har 102 kvalpar etter seg, 79 er røntka i Sverige og 8 i Norge, altså kjent HD/AD status på 85%.

HD Sverige: 82,3% A og B - 17,7% C og D   HD Norge: 4 A og B - 1 C og 3 D.

AD Sverige: 84,8% ED ua 0 - 15,2% ED 1 og 2.  AD Norge: 7 AD 0 - 1 AD 1

LINK til røntkenresultata.


Enzo er her førebels, Ezra skal vere mi og dei andre har fått nye heimar.  LINK   

20.november:  I dag er dei 8 veker.  I helga var vi på Gardemoen og leverte Citagardens Queen of Ice.  Citagardens Kaizer har kome i ny heim, og det er godt å sjå at begge har funne seg godt til rette.  Ønskjer alt godt framover!

Vi budde på hotel, Chakka, Dakota, Enzo, Elexus og Evito (+ Birthe og meg).  Så sosialiseringa har vore topp.  Vi tobeinte var på Dogs4all i Lillestrøm.  

Kvalpane vert levert chippa og ferdig reg. i NKK, dei har fått markkur 3 gonger, dei er vaksinert, har helseattest og pass.  Eg brukar kjøpeavtale frå NKK med eit tillegg som vil gje meg verdfull info om avlen og du vil ha gode økonomiske garantiar, om noko "feil" skulle dukke opp.  Avtalen ligg på nett, så du kan lese krav og rettar sjølv.     Kjøpeavtale

 

 

 Like greitt å få alt i orden med ein gong :-)

14.november: 

Helsekontroll.  Dei vart vegd, chippa, vaksinert og fekk seg pass.  Alle er friske og fine. Grøn hann har berre ein stein nede førebels, dei 3 andre hannane har ting på plass :-)  Tyngste er Enzo på 7,8 kg - lettaste er Elektra på 5,1 kg.   

10.november:  Dei er nesten 7 veker. I dag var det kloklypping, veging og 3.markkur. Tyngste er Enzo (raud) på 7,2 kg, lettaste er svart/brune tispa på 4,5 kg. 

Dei er blitt racera i trapper og skråningar, leikar og er med på det eg held på med.

 

 

7.november: Kvalpane veks, leikar, undersøker og får mange nye erfaringar.  Ulike personlegdomar kjem fram.  Nokre er utforskande og sjølvstendige, andre held seg meir i bakgrunnen. Dei er "overalt", spring trapper, trillar ned skråningar, ruslar rundt på oppdagingsferd ute, slåst og gneg griseøyre inne :-)  Full fart.  Litt over 6 veker gamle.  Kort (og usystematisk) vurdering hittil:

Grå solid hanne, normalhår, "Enzo" (raudt band), trygg, nyskjerrig, undersøkande og roleg.  Blir kanskje ein som treng erfaren førar, sidan han kanskje vil bestemme litt sjølv?

Svart/brun hanne "Elexus", normalhår, dominant, undersøker og er med på alt. 

Mørk Grå hanne, normalhår "Kaizer", er trygg og nyskjerrig, leikar og er med på alt.  Han er ein hannhund som eg trur vert veldig god til mykje.  Han har ikkje vist særleg dominans enno..

Den grå langhåra hannen "Evito" (grønt band på tidlege bilete), er rolegast av alle kvalpane.  Han likar veldig godt å vere med folk, og sjarmerar alle slik at han får mykje merksemd.  Han er den mest kosete av alle, og er ein hannhund som passar i ein heim som likar LP og har rikeleg tid til ein god ven.  Er saman med kvalpane slik som alle, det er mot menneske han skiller seg ut.

Tispe grå, langhåra "Ettza" (rosa band) er trygg, dominant mot dei andre, nyskjerrig, triveleg, glad i folk og robust.  Ho undersøker og sjekkar ut åleine.  Ho har høgt energinivå, pågangsmot og iver, ho vil vere ein god hund for IPO, bruks og lp. 

Tispe svart/brun, langhår, "Elektra" (turkis band) verkar veldig førbar og veldig glad i folk.  Ho vil nok bli ein fantastisk kamerat som blir med på alt saman med føraren sin, og ho vil bli lett å trene. 

Tispe grå "Queen of Ice" (lilla band) er veldig glad i folk.  Ho leikar, undersøker og sjekkar ut.  Trygg og harmonisk, blir med på det vi gjere og kjem stormande mot oss når vi ropar på ho.

Tispe grå "Ezra" (gult band) er veldig lik lilla, men kanskje litt rolegare.

3.november:  Eg fekk fri denne dagen, og då tok eg med meg alle 8 kvalpane til skulen.  Der vart det kosing i 2 timar med maaaaange elevar.  Klikk deg framover og bakover i albumet. Veldig kjekt, og kvalpane vart kjempeslitne av det, sov i fleire timar.  I morgon vert det "kvalpedag". 

28.oktober:  Dei er fødde på ein måndag, men då har eg lang arbeidsdag, så no brukar eg laurdagar til "kvalpedag".  Dei vert 5 veker på måndag.  I dag har eg gitt 2.markkur (Welpan vet.), klørne er klypt for 3.gong Vekta varierer frå 4kg til 2,5 kg.  Alle er friske og i fin aktivitet både inne og ute.

   

Øverst:

Enzo hann, 4kg - Ezra tispe, 3 kg - Evito hann, 3,4kg - Ettza tispe 3,5kg

Under:

Kaizer hann, 3,5kg - Elexus hann, 3,7kg - Elektra tispe2,5kg - Queen of Ice tispe, 2,5kg

   

16.oktober: Gjenger er blitt 3 veker.  Dei har fin utvikling, og viser så smått personlegheitene sine.  Dei har fått markkur, klørne er klipt, dei får mat (men ikkje lært seg å ete fint!) og er berre sjarmerande!!!  Eg ser at dei har den gode kontakten med meg, og det er eg så glad for.  Førbare hundar er gode teamarbeidarar.  Det er full rulle innimellom, men så sloknar dei heilt.  Absolutt lettast å ta bilete når dei søv :-)

 Blå hann og oransj hann

 Raud hann og rosa tispe (oppi maten).

Septemberkullet frå Citagarden:

Tispe kvalpar på eige rom i 2.etg, der ho får vere i ro og fred.  Sosialiseringa startar vi med i ein binge på kjøkenet og i stova "under kontroll".  Deretter vert det auka til uteliv i hagen og på terrassen, og i eit stort hundehus med eigen terrasse.  Tispe og kvalpane får inneopphald på låven i garderobe, der er det god plass med leiker, sovekrok med teppe og dokrok med aviser.   Kvalpane får oppdagingsferd inne på låven, ute ved låven og rundt omkring på garden.  I fjøsen er det ekstra spennande, der er det dyr!  Vi reiser alltid på bilturar, til andre miljø og på besøk.  Kvalpane får vere saman med oss, kos av besøkande og kontakt med andre hundar.

Målet er trygge kvalpar, som skal vere klare for verda når den tid kjem.  Då er det nye eigarar som finn vegen vidare.

Det er viktig at den nye heimen og type hund passar saman.   No når dei er kvalpar, kan dei plasserast kvar som helst, men dei vert større.   Ta gjerne kontakt for å diskutere om dette er hundar som passar inn i ditt liv.  Mob. 99227240 :-)

Det kan vere at eg har hann til sals om ca. eit år, då vil den vere HD/AD-røntka og ha MH-beskriving.  Om du er interessert, så ta gjerne kontakt allereie no. 

   



Nytt på sidene 01.11.2018
Oppdatert gardsboka
31.10.2018
E-Kaizer - Oppdatert side HD/AD
21.10.2018
Nye filmar lagt inn på FILMSIDA
21.10.2018
Direktelink Kløvjing på fjellet
15.09.2018
Link til film av Naustvoll Bajas
11.09.2018
Nye prisar - Sportsmans Pride
26.08.2018
Hingsteføl til sals.
26.08.2018
Gratulerer til Birthe og Bajas , som fekk sløyfe på utstilling.
12.08.2018
Ny filmar på filmsida
12.08.2018
Oppdatert gardsbok 2018