Naustvoll Gard Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Om Citagarden Klar for kvalp? Kjøpe Schäferhund? Kull ALBUM Resultat HD, AD, MH Avlstispene Avlstispe EVA Avlstispe Bexi Avlstispe Chakka BEXI og CHAKKA D-kull - Orax Ekull - med Lexus Ezra E-Kvalpane Avl på hund Kjøpeavtale kvalp Raseklubben NSchK Raseklubben NSchK 2 Raseklubben NSchK 3 EVA bilete Akullet om kvalpingen A-kullet den første tida Akullet AXEROS Akullet ALEX Akullet AGERA Akullet A-KOMPIZ Akullet ANNA Akullet far: Bomber A-KULLET trening A-kullet felles Bkullet - far Dizco Bkull-slekt Bkull-farssida Bkull kvalpeside C kullet - foreldre C kullet - undervegs C kull -kvalpekjøpar C kull KVAR KVALP C-kullet vidare i livet Minne - Cita Minne Gamlehundane Minne Cita Resultat: Tankevekkar? Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
1413540 besøkande
sidan 6. okt 2012

Citagardens B-kull: Avlstispa Bexi, kullsøster Bezzi og Bibbi.

Fødd 11.07.2012  etter Eva og Lappfjällens Dizco (einaste kullet til Dizco)

Citagardens Bexi:   Citagardens Bibbi Citagardens Bezzi  
 HD A og AD A  HD A og AD A HD A og AD A 
 LP opprykk til kl.2 (13 mnd) LP opprykk til kl.2 (11 mnd) LP opprykk til kl.2 (13 mnd) 
 Gjennomført MH-beskriving  (13 mnd) Gjennomført MH-beskriving (13 mnd) Gjennomført MH-beskriving (13 mnd) 
 Bestått FERDSELSPRØVE (20 mnd) Bestått FERDSELSPRØVE (15 mnd) Bestått FERDSELSPRØVE (20 mnd) 
 Mor til C-kullet 28/1-15 (2,5 år) LINK  
 Bestått UTHALDSPRØVE (3år2mnd)  
 Utstilt etter tysk mønster og avlsgodkjent innan NSchK  LINK TIL BEVIS  


 

AVLSTISPA BEXI:

HD A AD A  HD-Index: 118,21  

Gjennomført MH (mentalbeskriving).

Bestått Ferdselsprøve og Uthaldsprøve.

Går i LP 2.

G - Utstilling etter tysk mønster.

Avlsgodkjent.

Bexi har eit kull etter seg, Citagardens C-kull, som var fødd 28.januar 2015.

Mi personlege meining om Bexi, no snart 5 år gamal:

Opa tilgjengeleg tispe. Frisk og ærleg hund.  Stor byttedrift, middels til stor kamplyst, livleg - litt for livleg av og til - kan kome lyd, ho har stor forsvarslyst men ikkje tyngde bak.  Har lite jakt.  Ho er førarveik og difor lett å trene, har lite mot - treng førarstøtte i truande situasjonar, svært god avreagering, handterbar, lett å få fram i leik, ivrig på ball/kong (men eg brukar det sjelden)  Elskar å vere med på alt, alltid klar - likar å trene, blir aldri sliten. Samansetninga av driftene gjere ho til ein førbar hund, god teamarbeidar og kamerat :-)  Inne er ho heilt roleg. Viste seg som ei svært god mor, for C-gjengen.

Andre har vurdert bittet hennar som godt og fast :-)

  Kullsøsken og halvsøsken (samme mor).


28.mai 2017 - Jessheim

Arr: Norsk Schäferhund Klub, avd. Romerike:

Utstilling etter tysk mønster - dommar Fredrik Steen:

"Noe over middels stor, middels kraftig, feminin grå tispe, noe langstrakt, vakkert hode, flat manke, rett sterk rygg, bra kryss, vakker underlinje, korrekt front, skulder og overarm skulle vært mer gjennomvinklet, bra vinklet bak. Parallell, jevne, sunne bevegelser" G1

  

 

AVLSKÅRING - kåringsdommar: Arvid Strømsvik

Bexi er avlsgodkjent innan NSchK.

 


2017:

Helsing frå BIBBI :-D

 

  Sommar 2017

2016:

Helsing frå Bibbi :-) Ho har det veldig bra :-D

  


 13feb16

 13feb16

 


Julehelga 2015

Kjekt å få bilete av Bibbi :-)

  

  Bibbi har det godt :-)


2015:

Dette året har vore litt spesielt.  Bexi vart mor 28.januar.  C-kullet og Chakka har fått eigne sider.

 

Mor Bexi, Bestemor Eva :-) 

Bezzi, Bexi (bak) og Bibbi.  ( Cola og Chakka som leikar.) 

 

25. og 26.april gikk eg LP kl.2 med Bexi.  Vi vann 2 gåvekort (450 kr og 250 kr) men får utruleg mykje trekk på lyd, så motivasjonen min dalar innan NKK-Lp.  Men ho var veldig flink, det er ikkje lenge etter kvalpingen :-)

Bibbi har fått seg ny heim, der ho får nyte all merksemd og kjærleik åleine.  Eg gikk nokre rundar med meg sjølv, og sette mange krav i annonsa.  Mange svarte, men var ikkje aktuelle, men så :-D   Vi reiste på tur, og Bibbi fekk ny heim 6.juli -2015.  Tungt for meg, men godt for ho.  Annonsa var slik: 

Hunden er Citagardens Bibbi
- snart 3 år, langhår, HA A og AD A
-gjennomført MH-beskriving
-godkjent Ferdselsprøve, 15 mnd
-førbar, god å kalle inn i alle situasjonar
-grei med hundar og folk
-kan vere vaktsam i einsame miljø, om ho er åleine kan ho vakte deg/området
-avreagerer godt

Kvifor "kvitte seg med" ein slik hund?
Eg har hatt tilgang på tre tisper. Bexi som er søster, har vidareført genene, og Bibbi vil ikkje bli avla på av meg.
Men hovudgrunnen er at eg er for dominerande på ho. For dei som kjenner utrykket, så har eg sett trailerbrems på ein personbil. Eg debuterte i nkk LP kl.1 berre 10 mnd, fekk opprykk til kl. 2 11 mnd gamal, og debuterte i LP kl. 2 berre 13 mnd gamal. Alt dette omtrent utan å trene. Bibbi er så lojal, så hengiven og knytta til meg som det går an. Men ho må konkurrere mot Bexi og Chakka, som er dei eg brukar tid på. Bibbi er berre gardshund, ho fortener noko meir.

No prøver eg å finne ein stad der Bibbi kan få vere åleine hund. Ho fortener ein heim, der ho kan få lojalitet tilbake, ein bestevenn ho slepp å dele med nokon andre firbeinte.

DU:
-godtek at eg er deleigar, dvs du kan ikkje selje hunden vidare, elles ingen krav.
-er i aktivt hundemiljø
-er mykje saman med hunden
-går lange turar
-er IKKJE dominant førar
-vil halde kontakt med meg, slik at får vite korleis Bibbi har det
-må gje meg referansepersonar frå hundemiljø (LPmiljø/NRH eller noko)
-må fortelje meg om din erfaring med hund og planar framover

Fyller du krava mine?
Trur du at Bibbi og du kan få det godt saman?
Då er du velkomen til å ta kontakt. (Sms vert ikkje svara på.)

- og den rette for Bibbi var "der ute":

  

  

20.september 2015:  UTHALDSPRØVE - NSchK avd. Bergen arrangerte sykkelprøve.  Vi reiste dagen før, sov saman i bilen, der prøva skulle vere og var klare til å starte 2 mil sykling, kl. 08 om morgonen.  Saman med Siv Stokke (og ein del andre lengre bak) sykla vi rundt og rundt eit vatn.  Ganske fint eigentleg :-) Så no fekk Bexi tittelen AD.  Alle hundar klarar vel eigentleg dette, om eigaren gidd er ei anna sak :-)  Vi har no gjort det :-D


Førde 19.oktober 2014:

Bexi -  klasse 2.  Dommar: Aud Liv Nes Eide

Denne dagen skjedde litt forskjellige ting, vi får berre lære av det :-)

Øving Koeffisient Poeng   
 Fellesdekk 2 min med skjult førar 2 7Lyd, men mindre, og berre første halvdel, altså betre enn før. 
 Fri ved foten 3 7,5Var langt framme og stengde ein del, litt uryddig.
 Dekk under marsj 2 0Dekka ikkje, stod -og eg såg det for seint.
 Innkalling frå sitt med stå 2 9
 Stå under marsj 1 7,5 Ok stopp men snudde seg. ?
 Fremadsending med stå 2 0Stoppa utanfor. 
 Apportering 2 8,5 
 Fritt hopp over hinder med sitt 2 8   
 Kontroll over hunden på avstand 2 8  
 Helhetsinntrykk 2 7,5 Lyden trekker ned!

Denne dagen hadde eg bestemt meg for å jobbe med å få vekk lyden på stemneområdet, før og etter stemnet.  Så håpar eg at det kan betre situasjonen inni ringen òg.  Det vart mykje betre, og det er eg fornøgd med.  Så får vi berre ta alle tullefeila og korrigere dei. Det er eit flott lydnadsmiljø i fylket vårt no.  Kjekke og flinke ekvipasjar :-) Ser fram til sesongen 2015 :-)


 

Florø,  12.oktober 2014:

Bexi -  klasse 2.  Dommar: Ann Christin Sjøtun

Øving Koeffisient Poeng   
 Fellesdekk 2 min med skjult førar 2 7LYD og snusing 
 Fri ved foten 3 7,5LYD og ukonsentrert
 Dekk under marsj 2 8Litt treg i neddekken.
 Innkalling frå sitt med stå 2 8Eg var sein m. kommandoen, kom litt for langt. Skulle stoppe i front, men gikk rett på plass.
 Stå under marsj 1 8 
 Fremadsending med stå 2 0 Nokre sekund frå ein 10'ar sa dommaren, men det vart null. 
 Apportering 2 8Vi har valt avlevering i front, men ho gjorde det slik det var før. 
 Fritt hopp over hinder med sitt 2 8 Skulle stoppe i front, men gjorde ikkje det.  
 Kontroll over hunden på avstand 2 8,5 ? 
 Helhetsinntrykk 2 8 Lyden trekker ned! 
   141,5  2.premie.  Droppar innkomst i front framover.  Lyden!

Bergen, Bøneshallen 27.september 2014:

Bexi debuterte i klasse 2.  Dommar: Svein G. Rønning

Øving Koeffisient Poeng   
 Fellesdekk 2 min med skjult førar 2 7,5LYD 
 Fri ved foten 3 7,5 LYD og ukonsentrert
 Dekk under marsj 2 8,5 
 Innkalling frå sitt med stå 2 9 
 Stå under marsj 1 8 
 Fremadsending med stå 2 9,5 :-D 
 Apportering 2 7,5Vi har valt avlevering i front, men ho gjorde det slik det var før. 
 Fritt hopp over hinder med sitt 2 0 Var ukonsentrert, sette seg ikkje, men kom tilbake og sette seg på plass.  
 Kontroll over hunden på avstand 2 8,5 Dobbelkommando, og litt sein. 
 Helhetsinntrykk 2 8  
   147,5  2.premie.  Grei debut, men vi må få vekk LYDEN! 

 BEXI på 2-årsdagen. 

 14.april 14

BIBBI og BEXI har begge fått 1.pr i LP1 og dermed opprykk til LP2, før fylte 14 mnd.

BEZZI - Godkjent utstillingsresultat.

- og dei er supre i kvardagen vår :-) 


 

Grimseid Bergen 5.april 2014:

Arrangør: NSchK avd Bergen. Dommar: Kari Nilsen

Bezzi og Bexi bestod ferdselsprøven med glans. Vi fekk dei to beste poengsummane :-) Vi er stolte.

  BEXI og meg.

   BIRTHE og BEZZI


 

Grimseid, Bergen 19.oktober 2013:

Arrangør: NSchK avd. Bergen.  Dommar:  Kari Nilsen

Bibbi bestod ferdselsprøven :-)  Så vidt ferdig med løpetid, og likevel... ho er snill og god!

Bexi bestod ikkje.  Propellen hadde flott lydigheit og mykje anna, men rauk ut på siste punkt (øvelse 6) i ferdselsdelen, der ho skulle stå roleg åleine (utan kraftige trekk i lina og gøying) når framand hund går forbi på 5meters avstand.  Ho gjorde begge deler, hang i lina og gøydde :-( Så framover skal vi trene dekk og åtferd utan bjeffing/lyd!! -lurer på korleis det vil gå.

Takk til NSchK avd. Bergen som arrangerer!  Dommaren var "menneskeleg", fin å gå opp til prøve for :-)  Eg blir nervøs sjølv om eg har drive med dette i mange år.  Men "den som intet våger, intet vinner".


Elverum 12.oktober:  Kurs i mentaltesting + meirkunnskap om mentalitet og språk på Østli Hundesenter (saman med instruktørar i Førde brukshundklubb).

Bexi og andre hundar vart testa og grundig vurdert. Terje og Inger Østlie gjennomførde testane saman med oss, forklarte og rettleia, og vi samanlikna vurderingar.  Knallinteressant!  Bexi sine resultat:

Tilgjengelighet i møte med andre mennesker: Open og tilgjengelig, lett å få kontakt med. 

Jaktkamplyst, Lyst til å forfølge et synlig bytte og interesse for byttet: Stor, Rask forfølgelse, og viser stor interesse for byttet. 

Sosial kamplyst, lyst til å kjempe med eller mot noen/noe:Middels, svarer direkte og med kraft på invitasjon til kamp, lett å kontrollere. 

Temprament, nyskjerrighet, tilpasningsevne:Meget livlig, forstyrres pga nyskjerrighet, ofte av omgivelsene. 

Skarphet, evne/vilje til å bli sint:  Liten, aggressive signaler utan tyngde. 

Forsvarslyst, evne og vilje til å besvare trusselsignaler:  Stor, men besvarer utan tyngde.

Nervekonstitusjon, grunnstressnivå, konsentrasjonsevne og avreaksjon: Noe ukonsentrert og/eller sen avreaksjon, fleire feile handlinger kan forekomme.

Hardhet, førbarhet, viser hundens sosiale status og selvstendighet: Noe vek, noe underdanig, forstyrres ikkje av sin ydmykhet.

Mot, evne til å overvinne egen redsel: Lite, krever førerstøtte i de fleste situasjoner.

Konsentrasjon, under og mellom testsituasjonene: Godtagbar, brister nå og då i enkelte testsituasjoner.

Avreaksjon, evnen til å senke stressnivået etter et engagement:  Noe langsom, løser alt på stedet, behøver tid og hjelp ved enkelte situasjoner.

Skuddfasthet, reaksjon ved skuddløsning: Skuddfast, reaksjon som forsvinner.

(Elles var ho ei kjeftesmelle gjennom testen.  Har vore lyd før, men det tok heilt av).


Bergen 28.september 2013:

NSchK avd. Bergen, dommar: Johnny Johnsen

Birthe og eg møttest tidleg i Vadheim, og reiste med Bezzi og Bexi på utstilling.  Vi er litt framande i dette, men denne gongen skulle to handlarar stille dei for oss.  Det vart ei blanda oppleving.

  Bezzi var super!

Bezzi fekk denne kritikken:

Middels stor, over middels kraftig.  Grå av god type.  Velskåret feminint hovud. Flat manke, ikkje helt fast rygg.  Kort avfallende kryss.  Rett front.  Rikeleg dyp i brystet.  Noe kort, noe steil overarm. Meget godt vinklet bak.  Går korrekt sett bakfrå.  Noe bred sett forfra.  Fraspark og framsteg skal være friere.  Utmerket oppførsel.

Juniorklasse, Kval: god Konk: 2 

Bexi likte seg ikkje då eg forsvann, ho var svært uroleg, stressa og hylte/ulte.  Handlaren var heilt framand for ho, og hadde ein tung jobb med å vise Bexi i ringen.  Ho sprang stort sett med flate øyre.  Bexi viste seg frå ei elendig side.

 

 

Bexi fekk denne kritikken i juniorklasse:

Over middels stor. Grå av god type. Velskåret feminint hovud. Venstre øre ikkje fast.  Flat manke, fast rygg.  Vel anlagt, noe kort kryss.  Rett front, meget gode brystforhold.  Kort steil overarm, meget godt vinklet bak.  Går korrekt sett forfra og bakfrå.  Fraspark og framsteg skal være friere.

 Damene i baksete :-)  Med sikkerheitsselar :-)

Nordfjordeid - Dobbeltstemne

Arr: 31.august Eid Hundeklubb og 1.september Norsk Retriverklubb S og Fj.  (Begge 13.5 mnd)

Dommarar: Svein Georg Rønning og Rune Bjerkelund

Laurdagskvelden gikk Bexi så bra at vi vann kl.1 og fekk opprykk.  Kjekt.  Elles så er dei umodne og ustabile, så det er greitt med modningsvinter før 2014-sesongen, der vi kan starte i kl.2 :-)

BEXI LP1  Øving: Koeffisient 31.august 1.september  
Vising av tenner  1 10 9,5 
Fellesdekk 2 minutt 3 7,5 7
Lineføring 3 8 7

Dekk frå holdt

 2 8,5 6,5
Innkalling frå sitt 2 9,5 10 
Stå under marsj 2 5 7,5
Fritt hopp over hinder 2 9 6,5 
Kontroll over hund på avstand 2 8,5 8,5 
Helhetsinntrykk 3 8,5 6 
   163 147,5  dob. kom og ukons. 
BIBBI LP2  Øving Koeffisient 31.august 1.september  
 Fellesdekk 2 min med skjult førar 2 97 Snusing, vrir seg
 Fri ved foten 3 7 6,5
 Dekk under marsj 2 08,5 
 Innkalling frå sitt med stå 2 80 
 Stå under marsj 1 6,57 
 Fremadsending med stå 2 6,57,5Legg seg etter ho har stått litt. 
 Apportering 2 -- Denne kuttar vi ut.
 Fritt hopp over hinder med sitt 2 7,5  7 
 Kontroll over hunden på avstand 2 9 7 
 Helhetsinntrykk 2 8 7 
   123,5 114,5 

Frekhaug, Bergen 17.august - Arr: NBFK

Dommarar: Maj-Brit Iden og B.L. Nordtveit

Alle tre har bestått mentalbeskriving unghund "MH-test", 13 mnd gamle.  Alle tre hadde fin avreagering.  Birthe og eg har hatt eit bevisst val om å ikkje leike med hundane det første året, for at dei med sine drifter skal vere rolege i kvardagen.  Hundane har ikkje leika med fille, kong, ball eller noko anna.  Gripingen er heller ikkje "inne", og det vert interessant å sjå evt. utvikling på dette området i vaksen alder og om det er forandra ved funksjonsanalysetid.  Ved trusselmomenta var det veldig skummelt for Bibbi og Bexi å stå i forsvar, medan Bezzi var mykje tøffare.  Det blir spennande å sjå utviklinga der òg, når dei modnast litt/får fleire erfaringar.  Det var ein interessant dag.  Flott gjennomført av figurantar, prøveleiar og dommarar.  (Kjem meir detaljar seinare + bilete, men det tek tid å skrive...)

Florø 4.august - Florø hundeklubb:

Dommar:John Egil Fiksdal 

Bibbi debuterte i klasse 2, snart 13 mnd :-)

Øving Koeffisient Poeng   
 Fellesdekk 2 min med skjult førar 2 9Snusing. 
 Fri ved foten 3 8 
 Dekk under marsj 2 7,5Ikkje rask :-) 
 Innkalling frå sitt med stå 2 6,5Litt lang stopp. 
 Stå under marsj 1 6,5Gikk litt og snudde seg litt. 
 Fremadsending med stå 2 5La seg ned i ruta. 
 Apportering 2 0Denne stod vi over. 
 Fritt hopp over hinder med sitt 2 0 Førarfeil, ho missforstod.  
 Kontroll over hunden på avstand 2 7,5 Dobbelkommando, og litt sein. 
 Helhetsinntrykk 2 8  
   117,5 Nr 6 av 11. Grei debut.  Eg må vere tydelegare. 

Bexi og eg gikk kl.1 i Florø.  Ho var veldig uroleg og gira på alt som var rundt. (Neste gong skal eg ta ho rett frå bilen.)

 

Øving: Koeffisient Bexi   
Vising av tenner  1 10  
Fellesdekk 2 minutt 3 0Ho følgde etter då hundane på begge sidene sprang samtidig :-(
Lineføring 3 6,5

Dekk frå holdt

 2 8
Innkalling frå sitt 2 9 
Stå under marsj 2 7
Fritt hopp over hinder 2 7,5 
Kontroll over hund på avstand 2 7 
Helhetsinntrykk 3 8 
   130,5p Vi vart nr 4 av 11

 

 

Samling på 1års-dagen 11.juli :-) Bezzi, Bibbi, Bexi og Eva.

 

  Bezzi oppe t.v. Bibbi oppe t.h.  Bexi nede.

Askim - Norsk Schäferhund Klub - Norsk Vinnar:

Dommar 19.juli: Arild Berntsen og 20.juli: Stein Feragen 

Øving: Koeffisient Bibbi 19.juli 20.juli Bexi 19.juli 20.juli 
Vising av tenner  1 10 5 9 10 
Fellesdekk 2 minutt 3 67 105
Lineføring 3 58 8,58,5

Dekk frå holdt

 2 6 7 7,58
Innkalling frå sitt 2 77,5 99 
Stå under marsj 2 67,5 55
Fritt hopp over hinder 2 -- 79 
Kontroll over hund på avstand 2 7,5 8,5 -7,5 
Helhetsinntrykk 3 7 8 7 9 
   117p 133p 139,5p 154,59

Fint arrangement, vi tok det som oppleving.  Resultata vart ujamne - toskne førarfeil og litt ukonsentrerte hundar (mykje som skjer rundt:-)

    Kjekt, men varmt!!!   

Bergen 5.juni (11 mnd gamle):  Kveldsstemne, start ca. kl. 18.  Heime att ca. 02...  det er eigentleg litt langt å køyre... :-)  Arrangør: Bergen selskaps og brukshundklubb.  Dommar:  Ann Christin Sjøtun

Eg hadde håp om opprykk for Bexi, ingen spesielle forventningar for Bibbi....  Så vart det slik:  Bibbi vart nr.2 av 10, fekk 1.pr og opprykk!!!!!!  Bexi vart nr.7 og fekk 2.premie.  Det var grusbane med veldig "djup" grus. 

Stend 5.juni -  BSBKKoeff  BIBBI  Kommentar - BIBBIBEXI  Kommentar -BEXI
Vising av tenner  1 10  10  
Fellesdekk 2 minutt 3 10Einaste hunden av 5 som låg!!!!!  7Uroleg.
Lineføring 3 6,5Litt ukonsentrert og daff. Eg gav 2 3? dobbelkommandoar.  7,5Litt uryddig og dobbeltkommandoar.

Dekk frå holdt

 2 7Tok seg ein runde rundt meg, før ho sette seg ved holdt.  8,5Ekstra kommando ved holdt (trur eg).
Innkalling frå sitt 2 8,5Litt lang sirkel bak. 9Litt lang sirkel bak. 
Stå under marsj 2 7Litt ukonsentrert og daff. Gav både tegn og kommando. 0Stoppa ikkje før eg snudde meg.
Fritt hopp over hinder 2 8,5Gikk rundt meg, før ho sette seg skeivt. 8Reiste seg opp før kommando, men venta. 
Kontroll over hund på avstand 2 9  6Kom framover og dobbelkommando. 
Helhetsinntrykk 3 8,5  8  
   165p  140,5p 

Nesbyen 18.mai (10 mnd gamle): 

Debut for Bibbi i kl.1.  Fin konkurransetrening for hundane og meg.  Flott arrangement, men det er kjekkare med dobbeltstemne i lydighet.  Arrangør:  Norsk Schäferhund Klub avd. Hemsedal.  Dommar: Trond Morten Teigen.

Nesbyen 18.maiKoeff  BIBBI  Kommentar - BIBBIBEXI  Kommentar -BEXI
Vising av tenner  1 10  10  
Fellesdekk 2 minutt 3 5Sette seg opp, men sat i ro.  0Reiste seg heilt. 
Lineføring 3 8,5  7 Gikk fint, ivrig og med lyd :-(

Dekk frå holdt

 2 7,5 Legg seg skeivt. 0 MIN feil.  Frå stå til dekk.
Innkalling frå sitt 2 9  9  
Stå under marsj 2 8,5  8 
Fritt hopp over hinder 2 7,5 Gikk rundt meg, før ho sette seg skeivt. 9,5  
Kontroll over hund på avstand 2 0 Forflytting...  Mange kommandoar......... 8  
Helhetsinntrykk 3 7,5  8  
   138p  124p 

Naustdal 27.april:  Arrangør:  Førde Brukshundklubb.  Dommar Hans Arne Marthinussen og 28.april: Arild Eriksen.

 

Lydighetsstemne i Naustdal 27. og 28.april:  Vi er i gang med konkurransar.  Eg hadde meldt på Bexi.  Veldig tidleg, ho er 9 månader.  Det var kjekt å vere med, og Bexi vaks på det.  Arrangørane tente på det.    Stor framgang på 2.dag, konkurransesituasjonen var noko nytt.  Det vart ein del ekstra kommandoar, men mykje var veldig bra.  Ho var utrygg på fellesdekken, så den skal vi bygge opp.  Blir inspirert av kjekke dommarar og deltakarar :-) Surt og kaldt regn andre dagen, difor ingen bilete. 

Bexi (9mnd) i Naustdal:Koeff 27.april 28.april   
Vising av tenner  1 10 10  
Fellesdekk 2 minutt 3 0 0Utrygg.  Reiser seg når andre reiser seg.  
 Lineføring 3 9 9  

 Dekk frå holdt

 2 6 5 Legg seg skeivt, snur seg. 
 Innkalling frå sitt 2 0 8.5 Kom etter 27.  28:Ok i front, litt skeivt. Sette seg bak meg etterpå. 
 Stå under marsj 2 0 0 Denne har vi ikkje øvd inn. 
 Fritt hopp over hinder 2 0 8 Gikk rundt første dag.  Ok i front, men sette seg skeivt etterpå. 
 Kontroll over hund på avstand 2 5 6 Forflytting...  Mange kommandoar......... 
 Helhetsinntrykk 3 7 8  
   80p 116p  
      

 

Gardsliv :-) Hundane må lære seg å lyde, uansett kva dei eigentleg har lyst til....  Driftene MÅ styrast!!!

 april-13

 

Bergen 6.april 2013:

Norsk Schäferhundklub, avd. Bergen hadde kvalpeskue og utstilling på Grimseid.  Sjølv om både Birthe og eg hadde andre planar, tok vi ein svipptur med Bezzi og Bexi.  

Begge fekk premiering Meget Lovande, og vi reiste heim med pokalar og fòrpremiar.

Dommar var Morten Nilsen.

Bezzi vart ML 1. Kritikken: 8 mnd gammel. Feminin tispe. Middels stor, middels kraftig. Feminint hode med mørke øyne.  Normal manke, bra rygg.  Noe kort kryss, bra underlinje.  Bra vinklet fremme og bak.  Parallell fremme, litt trang bak.  Bra steg fra siden, men ønskes mer kraft bak.

Bexi vart ML 2.  Kritikken: 8 mnd gammel. Feminin tispe. Middels stor, middels kraftig. Feminint hode med litt lyse øyne.  Normal manke, bra rygg.  Noe kort kryss, bra underlinje.  Bra vinklet fremme og bak.  Venstre øre litt løst.  Parallell framme, litt trang bak.  Bra bevegelser fra siden.

 "Du Bexi, i dag trur eg at Birthe og Anne-Brit er kjempefornøgde.  Det er jo kjekt å vere med på litt forskjellige ting med dei."

20.feb:   Bibbi sine øyre er oppe av og til.....

18.februar og vinterferie:  Bexi er større enn Eva, begge er kraftigare enn mora.

 

Under databordet mitt:

 Besøk til Birthe, kurs med Maren Teie 10.2.2013

2.januar: 

Nyttårsafta løfta eg Bibbi oppi eine kanin/marsvinbingen, for å sjå korleis ho reagerte på dei.  Ho fekk eit tydeleg NEI, og det var nok.  Ho var interessert i dei, men kikka berre, og ville utatt til meg, då eg gikk vekk.

Seinare på dagen såg eg hevelse i hovudet på Bibbi.  Var det akutt allergi?  Hadde ho dunka seg?  Det var enormt glatt ute, og hundane leika og sklei rundt omkring.  Hevelsen auka på, og 2.januar reiste eg til veterinær.  Ho hadde ein byll.  Den hadde mest sannsynleg kome frå noko ho hadde gnagd på, flis frå trepinne o.l.  Ho såg fæl ut, men allmenntilstanden var ok.  Men vi oppdaga at ho hadde 40,6 i feber.... Vet dopa ho, barberte, skar hol og trykte ut materie!  Mykje!!!!   Så var det rensing og penicillin i 10 dg.  No er ho heilt ok igjen, men det var nære på.

  Kos etterpå....

29.desember: 

  

 

Aldeles herleg med fornøgde hundar :-)


  desember 2012

29.12: Kos å ha hundane inne.  Men eg er streng.  Dei skal vere I RO!!!  Særleg Bexi har litt vanskar med det. Lettare å sleppe opp seinare, når dei har hatt strenge grenser, enn å ta det innatt om dårlege vanar har utvikla seg.

 

23.12: Bibbi sine øyre er på veg opp:) Lett å sjå samanhengen med tennene. 

Vi vog Bgjengen som er ca. 5mnd: Bezzi 25,7 kg, Bibbi 24 kg og Bexi 26 kg (16.desember).  Bibbi har lause tenner, tydeleg at det er vonde jekslar, ho skakkar på hovudet og det ser ut som om ho fører tennene på plass.  Så haltar ho.  Det er full fart, men ho hyler innimellom.  Stakkars jenta! 

 

Dei er ofte med i fjøsen.  Eg skulle prøve å ta bilete av dei der, men då blir det litt rar "setting", så dei forandrar seg dei òg.  Til vanleg er dei innimellom trillebårer, møkaskraper og dyrebein...  -og er ikkje så reine etterpå...... (Biletet er frå 20.nov - før "Redman" reiste heim.)

 

Timmi er nyskjerrig òg.  Dei er nesten like gamle... han er fødd 25.6.12 og dei 11.07.12. 

Bibbi haltar.  Ho og Bexi venta i bilen medan eg var på kurs.  Då hadde dei som vanleg tulla, men dei hadde fått laus skilleveggen i trønderburet, og Bibbi halta veldig då ho kom ut..... Eg sjekka, og ho har tydeleg vondt oppi venstre skulder. Ho går veldig stivt på den.  Eg trur ho har fått seg ein strekk, og kryssar fingrane for at det ordnar seg med litt ro.  Mange å vere glad i - mange å bekymre seg om.  Dei er heilt herlege gode vener! 

Ja-ja, så var det vår tur.  Sjølv om eg har hatt 1-3 hundar sidan 1988, har eg aldri opplevd å ha kennelhoste på hundane mine, men no har eg fått den erfaringa.   Bexi vart sjuk først (måndag 19.nov).  Ho "hosta" svakt eit par dagar, før ho vart heilt tusjen, med 40,1 i feber, mista matlyst og berre låg i ro inne.  Det varte eit døgn, så var ho tydeleg seg seg sjølv igjen, men med forkjølelsessymptom.  Samme runde med Bibbi, 4 døgn seinare 22.nov.  Snakka med veterinær, det vert normalt ikkje behandla kennelhoste.  Vi må halde oss vekke frå andre hundar, for å hindre vidare smitte (dråpesmitte).  Eg tippar dei vart smitta på utstillinga, det passar med tida.  Ja-ja......  det fins verre ting  ...Eva starta å hoste 25.nov, håpar det går greit med ho òg.  30.november ringde eg til vet. for å få penicillin til Eva.  Ho har blitt sjukare av kennelhosten enn unghundane, var oppi 40,2 i feber, men den gikk nedatt utan medisin.  Ho har hosta, stura, pusta raskt og voldsomt, ikkje ete på fire døgn.  Vil ikkje ha noko. Spyttar til og med utatt leverpostei.... No er det rolegare pust, og ho har fått 2.dosen med Synulox.

Fredag 9. nov -12 reiste vi til Stord. Målet med turen var erfaringar, opplevingar og kvalpeskue 11.nov.  Det var eit fint arrangement, mange ulike rasar av ulike storleikar, mykje folk, godt organisert og god kiosk.  Birthe og eg var innstilte på å få mest mogleg sosialisering av kvalpane, så vi var på utstillinga heile laurdag og delar av søndag.  Kvalpane var med i kiosken, rundt omkring, på hotel og venta utanfor vindauget i Stord sentrum då vi åt på Big Horn :-) 

    

 

  

  

 

 

 

 

Det var ei svært kjekk helg!  Vi gledar oss til neste gong! Takk til fam. Norstrand/Tjeldstø for handlar- og fotohjelp:-) 

Resultat vart som venta.  Kvalpane er akkurat 4 mnd, så det er ikkje lett for dommar å vurdere dei.  Denne dagen (11.nov -12) fekk vi desse kritikkane av dommar Svein Bjarne Helgesen: (har ein mistanke om at han ikkje forstod at 2 av dei er grå schäfer;-)

Bezzi (nr.2): 4 mnd med fin balanse. Feminint hode og fine proporsjoner.  Våkent uttrykk.  God hals, kunne hatt noe betre overlinje.  Velkroppet for alder.  Meget god benstamme, godt vinklet framme og bak.  Fine poter.  Ennå i valpepels, farge må bli bedre.  God stabilitet ved bevegelsene.

Bexi( nr.3):  4 mnd hvalp som har en god balanse.  Velformet hode med bra proporsjoner.  Enna litt myk i ørene.  God hals, kunne hatt noe bedre overlinje.  Velkropped for alder.  Meget god benstamme, normalt vinklet.  Faste poter.  Valpepels, fargen bør bli bedre.  Godtstabilitet i bevegelsene.

Bibbi (nr.4): 4 mnd tispe som har bra balanse.  Feminint hode med bra proporsjoner.  For dagen noe hengende ører.  God hals.  Kunne hatt noe bedre overlinje tross alder.  Velkroppet for alder.  Godt vinklet framme og bak, godt vinklet med fine poter.  Ennå i valpepels.  God stabilitet i bevegelser.


26.oktober: Snø - for første gong.  Snøfnugga var distraherande.

 Morsomt. 

22.september:  Nydeleg haustvèr - ute heile dagen.

   



Nytt på sidene 10.12.2017
Så reiste Ettza - lukke til :)
09.12.2017
Så reiste Evito - lukke til!
01.12.2017
Side om kvalpane sitt liv vidare :-)
21.11.2017
Citagardens EZRA
20.11.2017
8 veker i dag :-) Ledige kvalpar til bruks/treningsinteresserte.
14.11.2017
Helsekontroll + alle fekk pass.
11.11.2017
Avlstispene - Citagarden
10.11.2017
Oppdatert kvalpesida :-)
07.11.2017
Oppdatert kvalpesida :-)
28.10.2017
Oppdatert kvalpesida :-)