Naustvoll Gard Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Om Citagarden Klar for kvalp? Kjøpe Schäferhund? Kull ALBUM Resultat HD, AD, MH Avlstispene Avlstispe EVA Avlstispe Bexi Avlstispe Chakka BEXI og CHAKKA D-kull - Orax Ekull - med Lexus Ezra E-Kvalpane Avl på hund Kjøpeavtale kvalp Raseklubben NSchK Raseklubben NSchK 2 Raseklubben NSchK 3 EVA bilete Akullet om kvalpingen A-kullet den første tida Akullet AXEROS Akullet ALEX Akullet AGERA Akullet A-KOMPIZ Akullet ANNA Akullet far: Bomber A-KULLET trening A-kullet felles Bkullet - far Dizco Bkull-slekt Bkull-farssida Bkull kvalpeside C kullet - foreldre C kullet - undervegs C kull -kvalpekjøpar C kull KVAR KVALP C-kullet vidare i livet Minne - Cita Minne Gamlehundane Minne Cita Resultat: Tankevekkar? Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
1413562 besøkande
sidan 6. okt 2012

AD BH Citagardens Chakka


ALBUM PÅ FB  Her kan du sjå BILETE AV CHAKKA (og mi) reise rundt omkring.


AVLSTISPA CHAKKA: 

Fødd 28.januar 2015 

HD A og AD 0

14.mai 2016 - Bestått ferdselsprøve (15 mnd)

15.mai 2016 - God - utstilling etter NKK-reglar (15 mnd)

5.juni 2016 - Gjennomført mentalbeskriving (16 mnd)

25.juni 2016 - God - utstilling etter tysk mønster (17 mnd)

26.juni 2016 - 1.pr i LP kl.1 (opprykk til kl2) (17 mnd)

26.juni 2016 - Avlskåra i NSchK (17 mnd)

15.oktober 2016 - Bestått uthaldsprøve (20 mnd).

27.mai 2017 - Bestått funksjonsanalyse (nesten 2,5 år) 

Chakka er eige oppdrett (etter Citagardens Bexi og Bjørnulvs Quatro, einaste kullet til Quatro)



Kongsberg 27.mai 2017

Chakka bestod funksjonsanalyse heilt greit.   LINK

Denne testen må gjerast mellom 22 mnd og 48 mnd.  Chakka er ganske ung - 28 mnd.  Om eg hadde venta eit år, ville resultata blitt litt anleis.  Eg ønska å sjå korleis ho er no, særleg i dei tøffe momenta. Ho har ikkje noko skarpt i seg og er ein mild hund - passar veldig godt til mine mål.  Elles viste gjennom testen at ho er saman med ei eldre tispe (Bexi) i kvardagen, så ho er litt usjølvstendig.  Det var lett å sjå at ho sakna leiaren sin, og venta på meg som ein erstatning for Bexi.  Det er vel den einaste tilbakemeldinga som får betydning framover.  Ho må få oppleve litt og vere med, utan Bexi.  Eg må vere passiv (det blir ikkje enkelt :-D )

Arr:  NSchK avd. Kongsberg  

Dommarar: Ivan Jensen og Sverre Kirkemo  Testledar: Lise Ulleberg Kirkemo

 

  Alle foto:  Avd. Kongsberg.

Tilgjengelighet - Hundens møteprogram og kontaktvillighet - Godtar kontakt med fremmede mennesker.

Lekelyst - Hundens evne til å leke med fører/fremmed - Lett å få i gang, aktiv.  Skiller mellom aktivitet/passivitet.

Sosial kamp -Hundens evne, vilje til å vise kampadferd - Svarer ikke på kamputfordring, kan vise flukt.

Sosial dominans - Hundens evne til å klatre på rangstigen - Viser ingen dominanstegn gjennom testen (underdanig) eller viser dominanttegn uten forutstående provokasjon.

Jaktlyst - Hundens lyst og evne til å lete opp/fange et bytte - Starter målbevist. Bytteinteressert.

Byttegripende - Hundens evne og intensitet i å angripe byttet - Svak interesse.  Snuser på byttet. Griper ikke.

Forsvarslyst - Hundens lyst til å stanse en inntrenger - Ingen engasjement.  Kan vise flukt eller flukttendenser.

Funksjonsutvikling - Intensitet og hurtighet - Ingen synlig reaksjon.

Terskelverdi - Hvor sterk trussel det må til for å utløse flukt/angrep - Ingen flukt/angrep.

Avreagering - Hundens evne til å holde oppmerksomheten - Bryter oppmerksomheten noe raskt, ved passiv eller aktiv påvirkning.

Konsentrasjon - Hundens evne til å holde på oppmerksomheten - Bryter oppmerksomheten noe raskt, ved passiv eller aktiv påvirkning.

Koordinering - Riktig handling mellom og mot opplevelsene - Løser enkelte momenter rasjonelt.

Temperament - Hvor hurtig hunden tilpasser seg omgivelsene - Noe oppmerksom, svarer litt tregt mot påvirkningene.  Tilpasser seg en anelse langsomt i testsituasjonene. for å løse de fleste av testsituasjonene.

Mot - Hundens evne til selvstendig å løse en oppgave - Trenger førerhjelp for å løse de fleste av testsituasjonene.

Skarphet - Hundens refleksreaksjon mot en trussel som kommer brått på - Gjør unnamanøver.  Vender seg mot objektet. Viser ingen skarphetstegn.

Skuddfast - Hundens reaksjon på skudd - Skuddfast. Helt uberørt eller små oppmerksomhetstendenser.


Bergen 15.oktober 2016    

Arr: NSchK avd. Bergen Dommar: Kari Nilsen.

Vi tok UHP (uthaldsprøve - 2 mil på tid).

 

  Dommar: Kari Nilsen. 


I dag, 30.september fekk eg beviset for avlsgodkjenning frå NSchK, HAR.

 


 

28.juni 2016 (17 mnd gamal) har ho desse merittane:

HD A   AD 0

Bestått Ferdselsprøve  

Gjennomført MH-beskriving   

God i utstilling etter NKK-reglar  

God i utstilling etter tysk mønster    

Avlskåra innan NSchK  

1.pr i LP1 (opprykk til LP2) 


25-26.juni 2016 Trondheim:

Vi reiste til NSchK avd. Nordenfjeldske sitt flotte Landsdelarrangement på Stavsøra.  Banene og kiosken er av det beste i Norge tykkjer eg, og eg gleda meg.  Pga forandring i reglar, fylte ikkje Chakka krava for avlskåring (feil utstilling), og eg vart temmeleg fortvila.  Eg hadde reist langt og booka overnatting utan høve for avbestilling.  Det enda med at eg stilte Chakka sjølv i utstilling etter tysk mønster. Dommar var John G. Torsvik. Det gikk fint og då var krava for avlskåring i boks. Kritikken var denne: "Åpen klasse: Stor, vel middels kraftig, grå, god type, godt hode m.tilstrekkelig mørke øyne, normal manke, godt anlagt, noe kort kryss, noe kort underbryst, overarmen ønskes noe lengre og noe mer skrått anlagd, godt vinklet bak.  Parallell bak, noe marktrang foran, bevegelsene ønskes mer friere med mer kraftig fraspark".

Sidan vi reiste så langt, ønska eg å delta på mest mogleg.  Utifrå alderen hennar (16 mnd) var det berre LP1 ho kunne vere med på, sidan vi allereie har teke andre ting.  Vi debuterte der, det gikk veldig bra, vi fekk 168,5 poeng og opprykk til LP2.  Dommar var Arild Engan Djupvik. Bilete viser at vi får vite at alle fekk opprykk, vi vart nr.4 av denne solide gjengen, og eg vart kjempeglad :-)

 ØvelseKarakter 
 Vising av tenner 10
 Fellesdekk 2 min 10
 Lineføring 8
 Dekk fra holdt 8
 Innkalling fra sitt 9,5
 Stå under marsj 8
 Fritt hopp over hinder 9
 Kontroll over hund på avstand 5
 Helhetsinntrykk 8,5
 multiplisert med ulike koffisientar 168,5 poeng
  1.premie og OPPRYKK !!!!!!  :-)

Seinare same dag, vart Chakka stilt for Liv Evjen på avlskåring.  

Så no er ho blitt godkjent for avl innan NSchK. 

5.juni 2016 Voss:

Mentalbeskriving Hund (MH)

Dommarar:  Audun Gudbrandsstuen og Tone Søgaard

 Overraskingsmomentet.

 Spøkelser- trussel/redsel.

15.mai 2016 - Nesbyen:

Norsk Schäferhund avd. Hallingdal, Eksteriørutstilling.  Dommar: Mats Høglund

Chakka var einaste grå hunden som vart stilt ut, men det må til om vi skal ta avlskåring innan NSchK :-)  Ho fekk denne kritikken:  Stor, gråpigmentert tispe, som er noe kvadratisk, velformet hode, noe lyse øyne, høy manke, fast rygg, kort og steil overarm, ganske godt vinklet bak, korrekt front.  Energiske bevegelser som skal ha betydelig bedre skrittlengde.   

Juniorklasse: Kvalitet G.  "Hund som tilsvarer rasens standard og hvis eksteriøre feil er av mindre fremtredende karakter."

 

14.mai 2016 - Nesbyen:

Norsk Schäferhundklub avd. Hallingdal arrangerte Ferdselsprøve (RIK-programmet).  VIDEO av lydnadsdelen. Hak av på HD-kvalitet, så vert det skarpt.  (Tannhjulet ved sidan av volumknappen).

Chakka (15 1/2 mnd) og eg gikk prøva.  Dommar var Sverre Kirkemo, og vi bestod :-) :-) :-) :-)

 

 Veldig greit når det er i boks :-)


 

Begge bileta er tekne 23.mars.


Chakka vart fødd her 28.januar 2015.  Då ho var 10 dagar gamal, merka eg at det var ho som skulle bli mi.  Ho var ei masekråke med mykje lyd.  Etter augene hadde opna seg, sat ho midt i flokken, såg rett på meg og remja.  Eg tenkte at "ho der vil ingen ha, så ho får vere med meg" - og så knytte vi band :-)  Ho vart her og det er eg glad for.  (Linkar til videoar av heile kullet VIDEO - det er enormt med videoar frå garden, så du må langt ned på sida, trykk på Show More nokre gonger)

Chakka har utvikla seg til ei herleg ungtispe.  Remjinga slutta tidleg.  Ho er både aktiv og roleg, nyskjerrig og førbar - slik eg ønskjer min hund skal vere.  Vert spennande framover.

 13feb16

 28des16

Lillestrøm 5.september 2015: 

 

Stamtavla til Chakka er: 

   



Nytt på sidene 10.12.2017
Så reiste Ettza - lukke til :)
09.12.2017
Så reiste Evito - lukke til!
01.12.2017
Side om kvalpane sitt liv vidare :-)
21.11.2017
Citagardens EZRA
20.11.2017
8 veker i dag :-) Ledige kvalpar til bruks/treningsinteresserte.
14.11.2017
Helsekontroll + alle fekk pass.
11.11.2017
Avlstispene - Citagarden
10.11.2017
Oppdatert kvalpesida :-)
07.11.2017
Oppdatert kvalpesida :-)
28.10.2017
Oppdatert kvalpesida :-)