Naustvoll Gard Naustvoll Besøksgard VIDEO - FILM Hestar INN PÅ TUNET Naustvoll Gard Skule Citagarden kennel Om Citagarden HD/AD og MH Kjøpe Schäferhund? Første kull Ezra Neste kull Dakota Neste kull Chakka Cherie AVL Avlstispe EVA Avlstispe Bexi Avlstispe Chakka Avlstispe EZRA Avlstispe DAKOTA Avlstispene bilete Avlstispe EVA kvardag Citagarden hundar/kull Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
3088072 besøkande
sidan 6. okt 2012

Avl på rasen vår

Her er informasjon om kvifor eg avlar utanfor NSchK, slik som dei fleste brukskennelane i Norge gjere.  Du kan lese om avlshundane mine. Eg har avlsgodkjent 5 tisper i NSchK den tida eg var medlem. Så det er ikkje der problemet ligg.  

Eg er veldig glad i rasen Schäferhund, det veit vel dei fleste.

Kunnskap om genetikk er ein fordel, ved avl på kjæledyr og husdyr.  Vi kan ha mange meiningar om kva som er bra og pent, og folk kan merittere dårlege hundar.  

Nedarvinga skjer utifrå gener.  Det er ikkje alltid raseklubbar lagar reglar som har genetisk grunnlag.  Ofte kan innvalde personar ha lite genetisk kunnskap.  Avlsstyre kan snakke om noko overfladisk, og medlem gjennomskuar ikkje at kunnskapen manglar.

Nokre gonger er god informasjon på plass, utan at det påverkar praksis.  Eg saknar faglege gode dialogar og at bestemmelsar for avl vert tekne på genetisk grunnlag utifrå råd frå veterinæretat.

Denne informasjonen i linken, vert kanskje lest av mange, men om det ikkje får konsekvensar for avlskriteriar, er det berre pene ord/glansbilete.

LINK til fagtekst i tidsskrift.  ( Kildereferanse: https://skienhundeskole.no/artikler/genetikk.html )

NSchK favoriserer eigne hundar.

NSchK har eigne reglar for avlshundar i Norge, som favoriserer eigne hannhundar framfor svenske og danske hundar. 

Ein norsk hund er godkjent for avl i NSchK med Norsk avlsgodkjenning, dvs. det er lov å avle på HD C , AD 1 , k-test og G på utstilling etter tysk mønster. 

I NSchK ser vi kull der både tispa og hanne har HD C og/eller at HD-indeksen er under 200.  Folk flest forstår ikkje dette, men vi oppdrettarar forstår at dette er kalkulert brot på reglar.  Enkelte spekulerer i den overgangstida utanlandske hundar ikkje har indeks.  Dette gjeld medlem og folk i HS i NSchK.


NSchK godkjenner ikkje den svenske avlsgodkjenninga KORAD.  I Sverige er det avlssperre på hundar med C.  SKK har krav om HD A-B, AD 0 og mental-beskriving på alle avlsdyr.  I tillegg har dei ei høgare avlsgodkjenning KORAD.  Sjå Ezra si side om kva KORAD inneheld.
 

NSchK forbyr oss å bruke hannhundar frå godt kartlagde og friske linjer.  Super HD/AD og MH, høgt meritterte innan bruks, med gode utstillingsresultat. Nokre er tenestehundar innan politi/forsvar, konkurrerer på elitenivå og har den svenske avlsgodkjenninga KORAD.

Om vi er medlem i Norsk Schäferhundklub og driv avl, får vi ikkje bruke desse fantastiske hundane.  Vi blir tvinga til å bruke dei norske hundane i NSchK, som nesten berre er utstillingslinjer og som eg vurderer som heilt uaktuelle. Eller vi må reise til Tyskland. 

Hannhundeigarne i Norsk Schäferhundklub derimot, kan la dei norske hannhundane sine parre i Sverige, fordi då gjeld dei svenske reglane.  
 
NSchK stoppar svenske KORAD-hannar for norske tisper, men kan bruke eigne norske hannhundar på tisper i Sverige (både kryssingsavl og vanleg).    

Avl utanfor NSchK.

Ein stor del av avlen på Schäfer føregår no utanfor NSchK.  Medlemstalet går ned, og for å få det oppatt, vert kvalpekjøparar til oppdrettarane som er innanfor NSchK gitt gratis medlemsskap.  Dette er kanskje folk som ikkje har så mykje fokus på avl og utviklinga der.  Sidan mange solide brukshundfolk er ute av raseklubben, får ei snever gruppe bestemme avlskriteriar. Utstillingar og K-test vert prioritert, framfor mentalitet og helse.  Nokre få "bruksfolk" har meldt seg inn, for å prøve å rette opp den skeive kursen.  Korleis det går, vil vise seg.   Det er svært mykje god avl utanfor NSchK, så rasen vil nok klare seg.

Skuddredde/berørte hundar.

Skuddet er fjerna frå ferdselsprøva. Dette fører til at einaste skuddtest på ein framtidig avlshund innan NSchK, kan vere på utstilling etter tysk mønster og avlsgodkjenninga.  Eg har sjølv sett korleis hundar har reagert der, og dei er absolutt ikkje skuddfaste!  Når dommarar dømmer eigne avkom, eller vennene sine hundar, så vert det kanskje vanskeleg å unngå kameraderi …  Rasen tapar i alle fall på det.

 

«Deling» pga pelslengd.

Svenskane har ein avlsdatabase som er svært bra.  Der er alle schäferhundane registrert med den pelsen dei har, N/L, og vert korrigert seinare om den er registrert feil.  Vi kan enkelt sjå om kull inneheld langhår, om avlshannar/tisper har gitt langhår, og alle er med og lagar hd/ad-indeks på kvart individ som er røntka. 

I Norge har NSchK bestemt at NKK skal skille pelslengd. 

Dogweb har altså to databasar.   

Langhårshundar får heller ikkje hd/ad-indeks, sjølv om foreldre og kullsøsken er normalhåra.  Om ein vaksen normalhåra hund vert omregistrert til langhår, misser den indeksen sin.  Enkelt hundar har fordel av å misse indeksen, sidan den er dårleg. 

NSchK begrunnar delinga med at SV/WUSV har bestemt at det skal vere slik.  NKK er under Fci ...

Avlsansvarleg i NSchK, er eigar av normalhåra hann, som er brukt på langhår i Sverige og har avkom.  Men då gjeld svenske reglar, ikkje SV/WUSV ... 
  

Genetikken for pelslengd.

Normalhår/kort pels er eit dominant gen.  Langhår er eit recessivt gen, og den aller enklaste biten ved avl.  Å dele ein populasjon pga pelslengde, viser kor mangelfull genetisk fagkunnskap avlsråd har (både i SV/WUSV og i NSchK).

 Eit «vedtak» i SV/WUSV godkjende langhår, og «vedtaket» seier at langhår og normalhår ikkje skal kryssast.  I avl er pelslengde og farge det lettaste å korrigere.  Vi som oppdrettarar kan korrigere pelslengden på eit ledd/ein generasjon.  

Når kunnskap om genetikk og nedarving totalt manglar, og heller ikkje vert henta inn, bør ikkje folk i styrande organ ha makt til å bestemme framtidig avlsstrategi. 

SKK har gjort det einaste rette med å kryssparre pelstype.  ALL HONNØR TIL SKK!

FCI har samme tilråding som SKK. 

NKK har delegert avlsstrategien til NSchK …

Det beste hadde vore at SV og NSchK  hadde innsett tabben, og forandra avlskriteriane.  Det er mange dyktige veterinærar innan hund, som kunne vore rettleiarar på det genetiske ved utarbeiding av avlsstrategiar. 

   



Nytt på sidene 02.03.2021
Plan Kull Chakka og Orex
28.02.2021
Første kull Ezra og Arro
25.02.2021
Held på med opprydding på sidene til kennel Citagarden
03.12.2020
Naustvoll-hestar framover?
28.11.2020
Bilete av Faqima, Bexi og Chakka
09.11.2020
Enzo har flytta - lukke til!
01.11.2020
Citagardens Faqima
01.11.2020
Oppdatert Grabben
01.11.2020
Oppdatert VIDEOsida
16.10.2020
Kvardagsbilete Citagardenhundar:)