Naustvoll Gard VIDEO - FILM Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Om Citagarden Kjøpe Schäferhund? HD/AD og MH Neste kull AVL Avlstispe EVA Avlstispe EVA kvardag Avlstispe Bexi Avlstispe Chakka Avlstispe EZRA Hannhund ENZO Ungtispe DAKOTA Kvalpen Faqima Kull ALBUM BEXI og CHAKKA kvardag Avlstispene bilete Akullet om kvalpingen A-kullet den første tida Akullet AXEROS Akullet ALEX Akullet AGERA Akullet A-KOMPIZ Akullet ANNA Akullet far: Bomber A-KULLET trening A-kullet felles Bkullet - far Dizco Bkull-slekt Bkull-farssida Bkull kvalpeside C kullet - foreldre C kullet - undervegs C kull -kvalpekjøpar C kull KVAR KVALP C-kullet vidare i livet D-kull - Orax Dizco vidare Ekull - med Lexus E-kull vidare F kullet F kullet vidare Minne - Cita Minne Gamlehundane Minne Cita Resultat: Historiar Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
2557489 besøkande
sidan 6. okt 2012

Avl på rasen vår

Eg er veldig glad i rasen Schäferhund, det veit vel dei fleste.

NSchK favoriserer eigne hundar.

NSchK har eigne reglar for avlshundar i Norge, som favoriserer eigne hundar framfor svenske og danske hundar.  Ein norsk hund er godkjent for avl i NSchK med Norsk avlsgodkjenning, der minimumskravet er hd C eller betre, ad 1 eller betre, k-test eller ferdselsprøve og minimum G på utstilling etter tysk mønster.  (Det er vel ingen hund som ikkje klarer dette.)

Ein hund frå Sverige eller Danmark, må ha Tysk avlskåring, som er mykje meir omfattande.  NSchK godkjenner ikkje den svenske avlsgodkjenninga KORAD, som faktisk har ein svært god mental-undersøking, som er svært viktig ved avl på ein hund som skal brukast.

Avl utanfor NSchK.

Ein stor del av avlen på Schäfer føregår no utanfor NSchK.  Medlemstalet går ned, og for å få det oppatt, vert kvalpekjøparar til oppdrettarane som er innanfor NSchK gitt gratis medlemsskap.  Dette er kanskje folk som ikkje har så mykje fokus på raseklubb og utviklinga der.  Sidan mange solide brukshundfolk er ute av raseklubben, får ei snever gruppe bestemme utviklinga av raseklubben. Korleis det går vil vise seg.  Det er svært mykje bra utanfor NSchK i alle fall, så rasen vil nok klare seg.

Skuddredde/berørte hundar.

Skuddet er fjerna frå ferdselsprøva. Dette fører til at einaste skuddtest på ein framtidig avlshund innan NSchK, kan vere på utstilling etter tysk mønster og avlsgodkjenninga.  Eg har sjølv sett korleis hundar har reagert der, og dei er absolutt ikkje skuddfaste!  Når dommarar dømmer eigne avkom, eller vennene sine hundar, så vert det kanskje vanskeleg å unngå kameraderi …  Rasen tapar i alle fall på det.

«Deling» pga pelslengd.

Svenskane har ein avlsdatabase som er svært bra.  Der er alle schäferhundane registrert med den pelsen dei har, N/L, og vert korrigert seinare om den er registrert feil.  Vi kan enkelt sjå om kull inneheld langhår, om avlshannar/tisper har gitt langhår, og alle er med og lagar hd/ad-indeks på kvart individ som er røntka.  I Norge har NSchK bestemt at NKK skal skille pelslengd.  Dogweb har altså to databasar.  Det er ikkje mulig å søke på kven som har gitt langhår.  Langhårshundar får heller ikkje hd/ad-indeks, sjølv om foreldre og kullsøsken er normalhåra.  Om ein vaksen normalhåra hund vert omregistrert til langhår, misser den indeksen sin.  NSchK begrunnar delinga med at tyskarane har bestemt at det skal vere slik. Eg ser at person som no er avlsansvarleg i NSchK, er eigar av normalhåra hann, som er brukt på langhår i Sverige og har avkom ...
 

Genetikken for pelslengd.

Normalhår/kort pels er eit dominant gen.  Langhår er eit recessivt gen, og dette er den aller enklaste biten ved avl.  Å dele ein populasjon pga pelslengde, viser kor mangelfull genetisk fagkunnskap avlsråd har (både i Tyskland og i Norge).

Eit «vedtak» godkjende langhår, og eit «vedtak» seier at langhår og normalhår ikkje skal kryssast.  I avl er pelslengde og farge det lettaste å korrigere.  Vi som oppdrettarar kan avle pelslengden vi vil ha, på eit ledd/ein generasjon.  

Når kunnskap om genetikk og nedarving totalt manglar, bør ikkje folk i styrande organ ha makt til å bestemme framtidig avlsstrategi. 

SKK har gjort det einaste rette med å kryssparre pelstype.  ALL HONNØR TIL SKK!

FCI har samme tilråding som SKK. 

Eg håpar det ikkje går for lang tid før NKK forstår, at NSchK ikkje bør bestemme..

   



Nytt på sidene 02.04.2020
Naustvoll Bajas :)
02.04.2020
Ezra blei mor 6.mars :)
22.03.2020
Oppdatert Enzo si side
16.03.2020
Kull utsett til seinare
04.03.2020
Ny side - under arbeid :)
03.03.2020
Ny film på filmsida.
23.02.2020
Ny film - skitur med Bexi og Enzo :)
22.02.2020
Film av Faqima
18.01.2020
Naustvoll Tinus kjem til sals i mars
18.01.2020
Ny side - Naustvoll Supergut