Naustvoll Gard VIDEO - FILM Naustvoll Besøksgard Naustvoll Gard Skule Kennel Citagarden Om Citagarden Kjøpe Schäferhund? Kull ALBUM Resultat HD, AD, MH Avlstispene Genetikk Ønskjer hund? Avlstispe EVA Avlstispe Bexi Avlstispe Chakka Avl på hund Kjøpeavtale kvalp Raseklubben NSchK Raseklubben NSchK 2 Raseklubben NSchK 3 Akullet om kvalpingen A-kullet den første tida Akullet AXEROS Akullet ALEX Akullet AGERA Akullet A-KOMPIZ Akullet ANNA Akullet far: Bomber A-KULLET trening A-kullet felles Bkullet - far Dizco Bkull-slekt Bkull-farssida Bkull kvalpeside C kullet - foreldre C kullet - undervegs C kull -kvalpekjøpar C kull KVAR KVALP C-kullet vidare i livet D-kull - Orax Ekull - med Lexus Ezra E-kull vidare ENZO EVA BEXI og CHAKKA Minne - Cita Minne Gamlehundane Minne Cita Resultat: Tankevekkar? Biletalbum Til sals Gjestebok Kontakt
1585450 besøkande
sidan 6. okt 2012

AVLSTISPA - EVA

MOR til A-kullet og B-kullet 

Knallsolid slekt.  Ikkje for å vere stygg, men eg vurderer sterke morslinjer som betre enn farslinja :-)

 

Sommar 2008 henta vi heim avlstispa Eva, som vi fekk kjøpe av Kennel Jabina i Danmark.

Eva er ein grå schäferhund.  Eva vert av mange kalla bruksschäfer.  Dvs. at dei som har avla ho fram, har prioritert mentale eigenskapar (drifter og motor) i tillegg til helse, framfor vinnarresultat på utstilling.  Det betyr at  avlsdyr ikkje er plukka utifrå topplasseringar på utstillingar, men utifrå eigenskapane i andre konkurranse/prøve former.  Bruksprøver, IPO, mentaltestar mm.   

(IPO er ein tredelt prøve med spor, lydighet og forsvarsarbeid, med ulike vanskegrader. Du kan sjå youtube glimt her - Troll Litt av forsvars-arbeidet: forsvar forsvar2 Lydighet FCI IPO 2007  ) 

Eva var fødd 24.o1.2004 i Italia.  Ho vart kjøpt til Danmark av John Jabina 2007. Eg kjøpte ho drektig og henta ho til Norge i 2008, den gong 4 1/2 år gamal. 

Eva hadde eit kull i Italia, eit i Danmark og to her hjå meg.  8 har HD A og AD A i Norge, 1 ikkje røntka. 6 avkom i Danmark, 3 HD A/1 HD B , 2 ukjent.  3 importert til Sverige, Brasil og Tsjekkia, brukt i avl og som teneste/sportshundar.  

  

HD: A   AD: A 

Eva er i Kkl.1 med desse bruksmerittane:

Ipo 1 (80-87-85)

Ipo 2 (95-90-92)

Sch3 (96-91-92)

Eva var ca. 58 cm høg og 29 kg.

Stamtavla til EVA      Stamtavla i Working-dog.eu

Mor til Eva:  Mücke vom Waldwinkel er kanskje ukjend for dei fleste her i landet, men ho er frå ein solid kennel og er halvsøster til (har samme mor) som den meir kjende avlshannen Vito vom Waldwinkel. Har ikkje bilete av ho.

Dixi  

Bestemor til Eva er Dixi vom Hause Santiages - dotra til verdskjende Fado von Karthago.

 Aly

Bestefar til Eva er Aly vom Vordersteinwald, som er etter Troll von der bösen Nachbarshaft. 

 Ahron

Far til Eva er Ahron von Granit Rose.  LINK

For dei som kjenner hundane og slektene, så ser de at Eva har svært solide aner, med mange verdsvinnarar. 

   



Nytt på sidene 21.04.2018
2 nye filmar er lagt ut idag :-)
15.04.2018
Direktelink til film - litt trening i hagen :-)
13.04.2018
Direktelink til film frå idag :)
13.04.2018
Ny film på filmsida
12.04.2018
AVL i NSchK - Stenger ute dei fleste tenestehundar
05.04.2018
Kalving
01.04.2018
Oppdatert gardsbok 2018 - slakting og lamming
01.04.2018
Oppdatert genetikkside
27.03.2018
Oppdatert gardsbok 2018
27.03.2018
Ny side - med linkar til FILMAR og Videooversyn