17.juni: Vi vaska Lena, for ho var så skitten bak. Eg hadde gitt ZooLak nokre dagar, fordi ho hadde diare. Eg fekk vite at det var så vanleg på føl og at det er ein overgangsfase, der mikrofloraen skal gå seg til. Håpar det ordnar seg greit. Eg har aldri opplevd det på føl før, sjølv om det er vanleg … 11.juni: KSL-revisjon - det gikk greit. Veterinær til Timon - Det kan ikkje syast, det må gro innover. Vi gjere det vi kan. KVALPING - Citagardens I-kull kom til verda. Cherie gjorde god jobb :) LINK 10.juni: Vi oppdaga at Timon hadde skada seg. Om han har sete fast mellom steinar, eller om det er tørrkvist … eller? får vi vel ikkje vite, men han hadde eit stygt kutt. Eg rensa, og dagen etter kom veterinær, og det blir behandling av sår + antibiotika i fleire månader. Håpar han blir bra! Han er i alle fall i fin form. No blir dei gåande lett tilgjengeleg for medisin :) 1.juni: FOLING Siri Hero LINK 30.mai: FOLING Hessa LINK 22.mai 2021: Siste schäferhundkvalpen i H-kullet reiste LINK 17.mai 2021: 16.mai 2021: Naustvoll Bajas på Hingsteutstilling på Stav 2021 - GRATULERER Jan Tage YOUTUBE Lausmønstring LINK 8.38 og utover er Naustvoll Bajas Eksteriørbedømming LINK Rideprøve LINK 22.30 og utover er Naustvoll Bajas 15.mai 2021: Naustvoll Tina fekk eit merrføl etter Luringen. LINK 12.mai 2021: Eg kom heim frå jobb, og det verka som om Sølvi venta på meg. Eg laga kaffi, lufta kvalpar/hundar og så fola Sølvi. Folinga gikk fint. LINK Etterbyrda derimot kom ikkje ut av seg sjølv. Så eg fekk veterinær hit på kristi himmelfartsdag, som gav sprøyte slik at den løsna, deretter skylte han for sikkerhetsskuld og eg skulle gje antibiotika 3 dagar. Spennande … Her var mykje rart … 11.mai 2021: Schäferhundkvalpar LINK 10.mai 2021: Sauer og lam fekk markekur Curaverm, Copersect mot flått og fluger. For å ha kontroll på alle lamma, samla vi dei i hestehengaren og køyrde dei nedom vegen. Sauene lokka vi ned :-) Det grøne paradiset "Naustneset" - berre rev og ørn som kan ta dei no. 21.april 2021: Hovslagar Supert :-) |